1. Mosebok 38
N11NN
38
Juda og Tamar
1 # 38,1 Adullam stad ca. 25 km sørvest for Jerusalem. På den tid drog Juda bort frå brørne sine og slo seg ned hos ein mann i Adullam som heitte Hira. 2Der fekk han sjå dotter til ein kanaanear som heitte Sjua. Han tok henne til kone og gjekk inn til henne. 3#46,12 Ho vart med barn og fødde ein son. Han kalla han Er. 4Så vart ho med barn att og fødde ein son. Ho kalla han Onan. 5#38,5 Kesib Aksib, by i Juda, ca. 5 km frå Adullam. Jf. Jos 15,44; Mi 1,14. Sidan fekk ho endå ein son. Ho kalla han Sjela. Då han vart fødd, var Juda i Kesib.
6Juda tok ei kone til Er, den førstefødde sonen sin. Ho heitte Tamar. 7Men Er, Judas førstefødde, var vond i Herrens auge, og Herren tok livet hans. 8#38,8 plikt som svoger svogerekteskap, jf. 5 Mos 25,5ff. =slektssamfunn og justis. Då sa Juda til Onan: «Gå inn til kona åt bror din og gjer di plikt som svoger, så du kan skaffa bror din etterkomarar.» 9Men Onan visste at etterkomarane ikkje kom til å bli hans. Når han gjekk inn til kona åt bror sin, lét han sæden spillast på jorda, så han ikkje skulle gje broren etterkomarar. 10Men det Onan gjorde, var vondt i Herrens auge, og han tok livet hans òg. 11Då sa Juda til Tamar, svigerdotter si: «Du må sitja som enkje i huset til far din heilt til Sjela, son min, blir vaksen.» For han tenkte: «Berre ikkje han òg døyr slik som brørne sine.» Så drog Tamar heim og budde i huset til far sin.
12 # 2 Sam 13,23ff # 38,12 Timna by nordaust for Adullam. Lang tid gjekk. Så døydde dotter til Sjua, kona til Juda. Då sørgjetida var over, gjekk Juda opp til saueklipparane i Timna saman med venen sin, Hira frå Adullam. 13Tamar fekk vita at svigerfar hennar var på veg opp til Timna og skulle klippa sauene sine. 14Då la ho av seg enkjekleda og dekte seg med eit slør som ho sveipte om seg. Så sette ho seg ved inngangen til Enajim, på vegen til Timna. For ho hadde sett at Sjela var vaksen, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans.
15Då Juda fekk sjå henne, tenkte han at ho var ei prostituert, for ho hadde sveipt til andletet. 16#3 Mos 18,15; 20,12 Han gjekk bort til henne i vegkanten og sa: «Kom, lat meg få gå inn til deg!» For han visste ikkje at ho var svigerdotter hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får koma inn til meg?» 17Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av småfeet mitt.» Då sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!» 18#38,18 seglet signet til forsegling av dokument. =segl. «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglet ditt og snora, og staven du har i handa.» Han gav henne det. Så fekk han koma inn til henne, og ho vart med barn. 19Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjekleda.
20Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam for å få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje. 21#38,21 den tempelprostituerte =avgudsdyrking. Han spurde folket på staden: «Kvar er den tempelprostituerte kvinna i Enajim, ho som sat i vegkanten?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka prostituert kvinne her.» 22Han gjekk tilbake til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, dessutan sa folket på staden at det ikkje hadde vore noka tempelprostituert kvinne der.» 23Då sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, så vi ikkje får skam av dette. Sjå, eg sende henne dette kjeet, men du fann henne ikkje.»
24Tre månader seinare vart det sagt til Juda: «Tamar, svigerdotter di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!» 25Men då ho vart ført ut, sende ho bod til svigerfar sin: «Eg er med barn med den mannen som eig alt dette. Sjå etter kven det er som eig dette seglet, snorene og staven!» 26Juda kjende dei att og sa: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje gjeve henne til Sjela, son min.» Sidan hadde han ikkje omgang med henne.
27 # 1 Krøn 2,4; Matt 1,3 Då tida kom og ho skulle føda, sjå, då var det tvillingar i morslivet hennar. 28Idet ho fødde, stakk den eine fram ei hand. Jordmora tok ein skarlakraud tråd og batt kring handa og sa: «Han kom først.» 29#38,29 Peres Namnet tyder «brot». Men så drog han handa tilbake, og bror hans kom ut. Då sa ho: «Korleis er det du bryt deg fram?» Difor kalla dei han Peres. 30Sidan kom broren, han som hadde den skarlakraude tråden kring handa. Han kalla dei Serah.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk