1. Mosebok 36
N11NN
36
Slekta til Esau
1Dette er slektshistoria til Esau, det vil seia Edom. 2#26,34#36,2 hetitten, hevitten =folkeslag i Kanaan. Esau tok seg koner mellom Kanaans døtrer: Ada, dotter til hetitten Elon, Oholibama, dotter til Ana, som var son til hevitten Sibon, 3og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot. 4Ada fødde Esau sonen Elifas, og Basmat fødde Re'uel; 5Oholibama fødde Je'usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.
6Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alle eigedelane han hadde samla seg i Kanaan, og drog til eit land borte frå Jakob, bror sin. 7#13,6 For dei eigde for mykje til å kunna bu saman. Landet der dei budde som innflyttarar, kunne ikkje fø dei, så stor var buskapen deira. 8#Jos 24,4 Esau slo seg då ned i Se'ir-fjella. Esau, det er Edom.
9 # 1 Krøn 1,35ff Dette er slektshistoria til Esau, stamfar til edomittane i fjellandet Se'ir. 10Dette er namna på sønene til Esau: Elifas, son til Ada, kona åt Esau, og Re'uel, son til Basmat, kona åt Esau. 11Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefo, Gatam og Kenas. 12Elifas, son til Esau, hadde ei følgjekone som heitte Timna, og ho fødde han Amalek. Dette var etterkomarane av Ada, kona til Esau. 13Og dette er sønene til Re'uel: Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Dette var etterkomarane av Basmat, kona til Esau. 14Og dette er sønene Esau fekk med kona si Oholibama, dotter til Ana, son åt Sibon: Je'usj, Jalam og Korah.
15Dette er stammehovdingane i ætta til Esau: Sønene til Elifas, den førstefødde sonen til Esau, var hovdingane Teman, Omar, Sefo, Kenas, 16Korah, Gatam og Amalek. Det er dei hovdingane som stammar frå Elifas i Edom. Dei er etterkomarar av Ada. 17Og dette er sønene til Re'uel, son åt Esau: hovdingane Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det er dei hovdingane som stammar frå Re'uel i Edom. Dei er etterkomarar av Basmat, kona til Esau. 18Og dette er sønene til Oholibama, kona åt Esau: hovdingane Je'usj, Jalam og Korah. Det er dei hovdingane som stammar frå Oholibama, dotter til Ana, kona åt Esau. 19Dette var sønene til Esau, det er Edom, og dei hovdingane som stammar frå dei.
20 # 14,6 Dette er sønene til horitten Se'ir, som budde i landet: Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, 21Disjon, Eser og Disjan. Det er hovdingane til horittane, sønene åt Se'ir i Edom. 22Sønene til Lotan var Hori og Hemam, og syster hans var Timna. 23Dette er sønene til Sjobal: Alvan, Manahat, Ebal, Sjefo og Onam. 24Dette er sønene til Sibon: Ajja og Ana. Det er den Ana som fann dei varme kjeldene i ørkenen då han gjette esla til Sibon, far sin. 25Dette er borna til Ana: Disjon og dottera Oholibama. 26Og dette er sønene til Disjon: Hemdan, Esjban, Jitran og Keran. 27Dette er sønene til Eser: Bilhan, Saavan og Akan. 28Og dette er sønene til Disjan: Us og Aran.
29Dette er stammehovdingane til horittane: hovdingane Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, 30Disjon, Eser og Disjan. Dette var hovdingane til horittane i Se'ir, hovding for hovding.
31Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge over Israel: 32Bela, son til Beor, var konge i Edom, og byen hans heitte Dinhaba. 33Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han. 34Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han. 35Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på slettelandet i Moab. Byen hans heitte Avit. 36Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han. 37Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot ved elva konge etter han. 38Då Saul døydde, vart Baal-Hanan, son til Akbor, konge etter han. 39Då Baal-Hanan, son til Akbor, døydde, vart Hadar konge etter han. Byen hans heitte Pa'u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab.
40Dette er namna på stammehovdingane til Esau, nemnde etter slekt, bustad og namn: hovdingane Timna, Alva, Jetet, 41Oholibama, Ela, Pinon, 42Kenas, Teman, Mibsar, 43Magdiel og Iram. Dette var hovdingane i Edom etter bustad i det landet dei eigde. Edom er Esau, stamfar til edomittane.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk