1. Mosebok 33
N11NN

1. Mosebok 33

33
Jakob møter Esau
1 # 32,6 Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. 3Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin. 4Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret. 5#48,9 Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.» 6Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda. 7Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.
8Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han. 9Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!» 10#32,13ff#33,10 Guds eige andlet ei minning om stadnamnet Peniel. >32,30. «Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. 11Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.
12Då sa Esau: «Lat oss bryta opp og dra vidare, så skal eg dra rett framanfor deg.» 13Men Jakob svara: «Min herre veit at borna er veike, og eg må tenkja på småfeet og storfeet som gjev mjølk. Driv ein dei for hardt berre éin dag, døyr alt småfeet. 14Vil ikkje herren min dra i førevegen for tenaren sin? Så kan eg følgja sakte etter, med ein fart som høver for buskapen og borna, til eg er framme hos deg i Se'ir.» 15Då sa Esau: «Gjev meg lov til å la nokre av mennene mine vera att hos deg.» Men han svara: «Kvifor det? Det er nok at min herre ser på meg med velvilje.»
16Same dagen snudde Esau om og drog til Se'ir. 17#33,17 Sukkot hebr. for «lauvhytter», stad aust for Jordan. Jakob drog til Sukkot og bygde seg eit hus der. Han laga lauvhytter til buskapen sin, difor kalla han staden Sukkot.
18Jakob kom vel fram til byen Sikem, som er i landet i Kanaan, då han kom frå Paddan-Aram. Han slo leir utanfor byen. 19#33,19 kesita betalingsmiddel med ukjend verdi og vekt. Jordstykket der han hadde sett opp teltet sitt, kjøpte han for hundre kesita av sønene til Hamor, far til Sikem. 20#33,20 El-Elohe-Israel tyder «Israels Gud er Gud». Der reiste han eit altar og kalla det El-Elohe-Israel.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk