1. Mosebok 31

31
Jakob rømmer frå Laban
1Jakob fekk høyra at sønene til Laban sa: «Jakob har teke alt det far vår eigde. Denne rikdomen har han skaffa seg av det som høyrde far vår til.» 2Jakob såg på andletet til Laban at han ikkje var den same mot han som før. 3#26,3+ Då sa Herren til Jakob: «Dra tilbake til fedrelandet ditt og slekta di. Eg skal vera med deg.»
4Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut på marka der han var med buskapen sin. 5Han sa til dei: Eg ser på andletet til far dykkar at han ikkje er den same mot meg som før. Men Gud til far min har vore med meg. 6De veit at eg har arbeidd for far dykkar av all mi kraft. 7Og så har han snytt meg og endra løna mi ti gonger. Men Gud har ikkje late han gjera meg noko vondt. 8#30,32f Når han sa: «Dei flekkete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen flekkete ungar. Og når han sa: «Dei stripete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen stripete ungar. 9Slik tok Gud buskapen frå far dykkar og gav han til meg. 10I paringstida til småfeet hadde eg ein draum. Eg såg at bukkane som para seg med småfeet, var stripete, flekkete og droplete. 11Og i draumen sa Guds engel til meg: «Jakob!» Eg svara: «Her er eg.» 12Då sa han: «Lyft auga, så skal du sjå at bukkane som parar seg med småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett alt det Laban har gjort mot deg. 13#28,13ff Eg er Gud frå Betel, der du salva ei steinstøtte og gav meg ein lovnad. Stå no opp og dra bort frå dette landet, og vend attende til landet der du er fødd!»
14Då svara Rakel og Lea: «Har vi enno arv og del i huset til far vår? 15Reknar han oss ikkje for framande? Han har då selt oss og brukt opp summen han fekk for oss. 16For all den rikdomen Gud har teke frå far vår, høyrer oss og borna våre til. Gjer no berre alt det Gud seier du skal gjera!»
17Så gjorde Jakob seg ferdig og sette konene og borna sine opp på kamelane. 18Han førte med seg heile buskapen sin, den han hadde skaffa seg i Paddan-Aram, og alle eigedelane han hadde samla. Han ville dra til Isak, far sin, i landet Kanaan.
19 # 31,19 terafane hebr. terafim, små gudebilete eller heilage gjenstandar som familien eigde. Dei kunne m.a. nyttast når ein ville ta varsel. Jf. Dom 18; Esek 21,26. Laban var borte for å klippa sauene sine. Då stal Rakel terafane til faren. 20#31,20 lurte Hebr. har «stal hjartet hans». Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje noko om at han ville rømma. 21#31,21 elva Eufrat. Så rømde han med alt det han åtte. Han braut opp, sette over elva og tok leia mot Gilead-fjellet.
Laban følgjer etter Jakob
22Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt. 23Då tok han med seg slektningane sine, forfølgde han sju dagsreiser og nådde han att på Gilead-fjellet. 24#20,3+ Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!»
25Då Laban nådde fram til Jakob, hadde han slege teltet sitt opp på fjellet. Laban og slektningane hans slo òg leir på Gilead-fjellet. 26#31,26 lurt meg >v. 20. Laban sa til Jakob: «Kva er det du har gjort? Du har lurt meg og ført døtrene mine bort som om dei var krigsfangar. 27Kvifor rømde du i løynd og lurte meg? Kvifor sa du ingen ting til meg så eg kunne sendt deg av garde med glede og med song, med handtromme og lyre? 28Du lét meg ikkje eingong få kyssa barneborna og døtrene mine. No har du bore deg uvitug åt. 29Det står i mi makt å gjera dykk vondt. Men Gud til far dykkar sa til meg i natt: ‘Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!’ 30#31,19 No har du altså reist fordi du lengta så etter farsslekta di. Men kvifor stal du gudane mine?»
31Jakob svara Laban: «Eg var redd. Eg tenkte du kunne ta døtrene dine frå meg med makt. 32Men den du finn gudane dine hos, skal mista livet. Her framfor slektningane våre kan du sjølv sjå etter kva eg har med meg, og ta det som høyrer deg til!» Jakob visste ikkje at Rakel hadde stole dei.
33Laban gjekk inn i teltet til Jakob og i telta til Lea og dei to slavekvinnene, men fann ikkje noko. Så gjekk han ut av teltet til Lea og inn i teltet til Rakel. 34Rakel hadde teke terafane, lagt dei i kamelsalen og sett seg på dei. Laban saumfór heile teltet, men fann ingen ting. 35Då sa Rakel til far sin: «Herren min må ikkje bli sint, men eg kan ikkje reisa meg for deg, for eg har det på kvinners vis.» Så leita han, men terafane fann han ikkje.
36Då vart Jakob sint og kom med klagemål mot Laban. Han sa til han: «Kva gale har eg gjort, eller kva for ei synd, sidan du forfølgjer meg slik? 37Du har saumfare alt det eg eig. Kva fann du som høyrer til ditt hus? Legg det fram her, framfor mine og dine slektningar, så dei kan dømma mellom oss to! 38No har eg vore hos deg i tjue år. Sauene og geitene dine har aldri fødd for tidleg, og vêrane i flokken din har eg ikkje ete. 39#2 Mos 22,10–13 Eg kom ikkje til deg med dyr som var ihelrivne, men bar tapet sjølv. Var noko stole, kravde de skadebot av meg, anten det var stole om dagen eller om natta. 40Heten tærte meg opp om dagen og kulden om natta, og søvnen flykta frå auga mine. 41I tjue år har eg vore i ditt hus. Fjorten år har eg arbeidd for dei to døtrene dine og seks år for småfeet ditt, og ti gonger har du endra løna mi. 42#31,24.29#31,42 Redsla til Isak den Gud Isak frykta. Dette gudsnamnet finst berre her og i v. 53. Hadde ikkje Gud til far min vore med meg, han som er Abrahams Gud og Redsla til Isak, då hadde du sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og slitet hendene mine har hatt, og i natt felte han sin dom.»
43Laban svara Jakob: «Døtrene er mine døtrer, borna er mine born, og buskapen er min buskap. Alt det du ser, er mitt. Kva kan eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått? 44Lat oss no gjera ei pakt, du og eg! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»
Jakob og Laban gjer pakt
45Då tok Jakob ein stein og reiste han som ei støtte. 46#31,46 måltid heilag handling når ei pakt vart stadfest. Og han sa til slektningane sine: «Sank i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys, og dei heldt måltid der ved røysa. 47#31,47 Jegar-Sahaduta aram. ord som tyder «vitne-røysa», hebr. Gal-Ed. Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed. 48#Jos 22,27; 24,27 Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed 49#31,49 Mispa by i Gilead. Namnet tyder «vakttårn». og Mispa, for han sa: «Herren skal halda auge med meg og deg når vi ikkje lenger ser kvarandre. 50#1 Sam 12,5f Om du audmjukar døtrene mine eller tek deg andre koner ved sida av dei, då skal du vita at Gud er vitne mellom meg og deg om det ikkje er eit menneske til stades.» 51Då sa Laban til Jakob: «Sjå denne steinrøysa og støtta som eg har reist mellom meg og deg! 52Denne røysa skal vera vitne, og støtta skal vera vitne: Eg skal ikkje dra framom denne røysa på veg mot deg, og du skal ikkje dra framom røysa eller støtta på veg mot meg for å gjera noko vondt. 53#31,53 Redsla til Isak >v. 42. Abrahams Gud og Nahors Gud, Gud til far deira, skal dømma mellom oss.» Så svor Jakob ved Redsla til Isak, far sin. 54Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad slektningane sine til måltid. Dei åt og vart verande på fjellet natta over.
55Morgonen etter stod Laban tidleg opp. Han kyste døtrene sine og borna deira og velsigna dei. Så drog Laban heim att.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring