1. Mosebok 25

25
Abrahams siste leveår
1Abraham tok seg på nytt ei kone; ho heitte Ketura. 2#1 Krøn 1,32 Ho fødde han Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. 3Joksjan fekk Saba og Dedan, og sønene til Dedan var asjurarane, letusjarane og le'ummarane. 4Sønene til Midjan var Efa, Efer, Henok, Abida og Eldaa. Alle desse var etterkomarar av Ketura.
5Abraham gav alt det han eigde, til Isak. 6Han gav gåver til sønene han hadde med følgjekonene sine. Og medan han enno levde, sende han dei bort frå Isak, son sin, til eit land i aust.
7Dette er Abrahams levealder: Han vart 175 år gammal. 8Så anda han ut. Abraham døydde i høg alder, gammal og mett av dagar, og han vart sameina med folket sitt. 9#23,16ff+ Isak og Ismael, sønene hans, gravla han i Makpela-hòla, på marka til hetitten Efron, son til Sohar, austafor Mamre, 10den marka som Abraham hadde kjøpt av hetittane. Der vart Abraham gravlagd saman med Sara, kona si. 11#16,14+ Etter at Abraham var død, velsigna Gud Isak, son hans. Isak vart buande ved Lahai-Ro'i-brønnen.
Slekta til Ismael
12 # 16,10+; 1 Krøn 1,29ff Dette er slektshistoria til Ismael, son til Abraham, som Hagar frå Egypt, slavekvinna til Sara, fødde han. 13Dette er namna på sønene til Ismael, namna som er i slektshistoria deira: Nebajot, den førstefødde hos Ismael, Kedar, Adbeel, Mibsam, 14Misjma, Duma og Massa, 15Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma. 16Dette var sønene til Ismael; dette er namna deira der dei bur i landsbyane og leirane sine, tolv hovdingar, kvar for sin klan.
17Ismael vart 137 år gammal. Så anda han ut: han døydde og vart sameina med folket sitt. 18#16,12 Ismaelittane busette seg frå Havila til Sjur, som ligg austafor Egypt i retning Assur. Dei slo seg ned midt imot alle brørne sine.
Jakob og Esau
19Dette er slektshistoria til Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak. 20#24,10.67#25,20 Paddan-Aram slettelandet Aram, Mesopotamia. Isak var førti år gammal då han tok Rebekka til kone. Ho var dotter til aramearen Betuel frå Paddan-Aram og syster til aramearen Laban. 21#1 Sam 1,5 Isak bad til Herren for kona si, for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn. 22Men då borna slost med kvarandre inne i henne, sa ho: «Kvifor hender det meg noko slikt?» Og ho gjekk for å spørja Herren til råds. 23#27,29; Mal 1,2; Rom 9,13Herren sa til henne:
«To folkeslag er i morslivet ditt,
to folk skal skiljast før dei blir fødde.
Det eine blir sterkare enn det andre,
den eldste skal tena den yngste.»
24Då tida kom at ho skulle føda, var det tvillingar i morslivet hennar. 25#25,25 raud Det hebr. ordet liknar på namnet Edom, jf. v. 30. lòden Det hebr. ordet liknar på namnet Se'ir, der etterkomarane til Esau budde, jf. 36,9. Den første som kom, var raud og lòden som ein fell over heile kroppen. Dei kalla han Esau. 26#25,26 Jakob Namnet blir sett i samband med eit hebr. ord som tyder «halda i hælen» eller «narra», «lura». Jf. 27,36; Hos 12,3f. Så kom broren; han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gammal då dei vart fødde.
27Gutane voks opp, og Esau vart ein dugande jeger, ein mann som heldt til ute på marka. Jakob vart ein roleg mann som heldt seg ved telta. 28Isak elska Esau, for Isak åt gjerne kjøt av vilt; men Rebekka elska Jakob.
29Ein gong Jakob heldt på å koka suppe, kom Esau heim frå marka. Han var sliten. 30#25,30 det raude >v. 25. Esau sa til Jakob: «Skund deg, gjev meg noko å eta av det raude, det raude du har der, for eg er sliten!» Difor kalla dei han Edom. 31#25,31 førstefødselsretten =religiøse skikkar og ordningar. Men Jakob sa: «Først må du selja meg førstefødselsretten din!» 32Esau svara: «Sjå, eg held på å døy! Kva skal eg med førstefødselsretten?» 33#Hebr 12,16 «Sver på det først!» sa Jakob. Så svor han og selde førstefødselsretten sin til Jakob. 34Då gav Jakob han brød og linsesuppe. Han åt og drakk, reiste seg og gjekk. Slik viste Esau forakt for førstefødselsretten.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring