1. Mosebok 23

23
Abraham kjøper gravstad ved Hebron
1Sara vart 127 år gammal; så lenge levde ho. 2Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron i Kanaan, og Abraham kom for å sørgja og gråta over henne. 3Så reiste han seg, gjekk bort frå den døde og sa til hetittane: 4#1 Krøn 29,15+; Hebr 11,13 «Eg er innflyttar og framand blant dykk. Lat meg få kjøpa eit stykke jord hos dykk til gravstad, så eg kan bera ut henne som er død, og gravleggja henne.» 5Hetittane svara Abraham: 6«Høyr på oss, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. Legg den døde i den beste av gravstadene våre. Ingen av oss skal nekta deg gravstaden sin når du skal gravleggja den døde.»
7Då reiste Abraham seg og bøygde seg for hetittane, folket i landet. 8Han sa til dei: «Er det dykkar vilje at eg ber ut henne som er død, og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hos Efron, son til Sohar, 9så han lèt meg få Makpela-hòla, som høyrer han til og ligg i utkanten av marka hans. Han skal få full pris om han lèt meg kjøpa jordstykket til gravstad hos dykk.»
10 # 23,10 byporten var òg ein møtestad for samråd og rettsforhandlingar. Jf. Rut 4,1ff. No sat Efron der mellom hetittane, og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten: 11«Nei, herre, høyr på meg! Eg gjev deg marka, og hòla som er der, gjev eg deg òg. For auga på folket mitt lèt eg deg få det. Gravlegg du den døde!»
12Då bøygde Abraham seg for folket i landet 13og sa til Efron så folket høyrde det: «Berre du ville høyra på meg! Ta imot pengane eg vil gje deg for marka! Så kan eg gravleggja den døde der.» 14Efron svara Abraham: 15#23,15 400 sjekel ca. 4,5 kg. «Herre, høyr på meg! Eit jordstykke som er verdt 400 sjekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg du den døde!» 16#25,9f; 49,29f; 50,13; Apg 7,16 Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt for hetittane, 400 sjekel, av det slaget dei bruker i handel.
17Det vart stadfest at Efrons mark, som ligg ved Makpela, aust for Mamre, både jordet og hòla og alle trea på jordet, så langt det rakk, 18skulle høyra Abraham til som hans eigedom. Dette hende for auga på alle hetittane som var komne til byporten. 19#25,9f Etter dette gravla Abraham Sara, kona si, i hòla på Makpela-marka aust for Mamre, det er Hebron, i Kanaan. 20Såleis vart det stadfest at marka og hòla der skulle høyra Abraham til som gravstad, kjøpt frå hetittane.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring