1. Mosebok 21
N11NN
21
Isak blir fødd
1 # 17,19+ Herren tok seg av Sara slik han hadde sagt. Det han hadde lova, gjorde Herren for Sara. 2Sara vart med barn og fødde ein son til Abraham på hans gamle dagar, ved den tid Gud hadde sagt han. 3#21,3 Isak Namnet tyder «han skal le». Jf. 17,17; 18,12; 21,6. Abraham kalla den nyfødde son sin, som Sara hadde fødd han, for Isak. 4#17,10ff Og Abraham omskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gammal, slik Gud hadde pålagt han. 5Abraham var hundre år gammal då han fekk Isak, son sin.
6 # 17,17+ Då sa Sara: «Gud har fått meg til å le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le med meg.» 7Og ho sa: «Kven skulle vel sagt til Abraham at Sara skulle få barn å amma! Og så har eg fødd han ein son på hans gamle dagar.»
Hagar og Ismael
8Barnet voks opp og vart avvant. Abraham heldt eit stort festmåltid den dagen Isak vart avvand. 9#Gal 4,29f#21,9 leika og lo Septuaginta har «leika med Isak, son hennar». Men Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fødd til Abraham, leika og lo. 10Då sa ho til Abraham: «Driv bort denne slavekvinna og son hennar! For son til denne slavekvinna skal ikkje arva saman med Isak, son min.» 11Abraham tok dette svært tungt, for det gjaldt son hans. 12#Rom 9,7; Hebr 11,18 Men Gud sa til Abraham: «Ikkje ta det så tungt, dette med guten og tenestekvinna. Du skal høyra på alt det Sara seier til deg. For gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di. 13#16,10+ Men sonen til slavekvinna vil eg òg gjera til eit folkeslag, for han er ditt barn.»
14 # 21,14 barnet Ifølgje kronologien i forteljinga skulle Ismael her vera ungdom. Jf. 16,16; 17,25; 21,5.8. Kanskje er ulike tradisjonar føydde saman. Beer-Sjeba by ca. 70 km sørvest for Jerusalem. Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, tok brød og ein skinnsekk med vatn og la det på akslene til Hagar, og sende henne og barnet frå seg. Ho villa seg bort i ørkenen ved Beer-Sjeba. 15Då vatnet i skinnsekken tok slutt, la ho barnet frå seg under ein av buskane. 16#21,16 tok … høgt Septuaginta har «byrja han å gråta». Så gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at barnet døyr.» Medan ho sat der, tok ho til å gråta høgt.
17 # 21,17 Gud høyrde, Gud har høyrt viser til namnet Ismael, «Gud høyrer». Jf. 16,11. Gud høyrde røysta til guten. Og Guds engel ropa til Hagar frå himmelen og sa: «Kva er det med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt røysta til guten der han ligg. 18Reis deg, hjelp guten opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folkeslag.» 19Så opna Gud auga hennar, og ho fekk sjå ein brønn med vatn. Ho gjekk og fylte skinnsekken med vatn og lét guten drikka. 20Gud var med guten, og han voks til. Han budde i ørkenen og vart bogeskyttar. 21#21,21 Paran-ørkenen ørkenområde nord for Sinai-fjellet, opp mot Negev, med oasen Kadesj. Jf. 4 Mos 13,3.26. Han budde i Paran-ørkenen, og mor hans skaffa han ei kone frå Egypt.
Abraham gjer pakt med Abimelek
22 # 26,26ff På den tida sa Abimelek og Pikol, hærføraren hans, til Abraham: «Gud er med deg i alt du gjer. 23Sver no ved Gud at du ikkje vil handla svikefullt mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Som eg har vore god mot deg, skal du vera god mot meg og det landet du har fått bu i som innflyttar.» 24Abraham svara: «Ja, eg sver.»
25Abraham kom med klagemål mot Abimelek på grunn av ein brønn som tenarane til Abimelek hadde teke. 26Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje fortalt meg om det, og eg har heller ikkje høyrt om det før i dag.» 27#15,9ff Då tok Abraham småfe og storfe og gav Abimelek, og dei gjorde ei pakt med kvarandre. 28Men Abraham sette sju holam for seg sjølve. 29Då sa Abimelek til han: «Kvifor har du sett desse sju lamma for seg sjølve?» 30Han svara: «Desse sju lamma skal du ta imot av meg som vitnemål om at eg har grave denne brønnen.» 31#21,31 Beer-Sjeba kan tyda «brønnen til dei sju» eller «eidsbrønnen». Gjennom eit ordspel blir dei «sju» (hebr. sjeba) lamma knytte til det «å sverja ein eid» (hebr. sjaba). Difor vart staden kalla Beer-Sjeba; for der svor dei begge ein eid. 32Slik gjorde dei ei pakt i Beer-Sjeba. Så tok dei ut, Abimelek og Pikol, hærføraren hans, og dei drog tilbake til filistarlandet. 33Abraham planta ein tamarisk i Beer-Sjeba, og der kalla han på namnet til Herren, Den evige Gud. 34Og Abraham vart buande lenge som innflyttar i filistarlandet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk