1. Mosebok 20
N11NN
20
Abraham og Sara i Gerar
1 # 20,1 Gerar ca. 80 km sørvest for Jerusalem. Abraham drog vidare derifrå til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan budde han som innflyttar i Gerar. 2#12,13+ Abraham sa om kona si, Sara: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, bod og henta Sara. 3#31,24; 46,2 Men Gud kom til Abimelek i ein draum om natta og sa til han: «No skal du døy på grunn av kvinna du har teke, for ho er kona til ein annan mann.» 4Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne, og han svara: «Herre, vil du verkeleg drepa rettferdige folk? 5Han sa då til meg: Ho er syster mi. Og sjølv har ho òg sagt: Han er bror min. I god tru og med reine hender har eg gjort dette.» 6Då sa Gud til han i draumen: «Eg òg veit at du har gjort dette i god tru. Det er eg som har halde deg frå å synda mot meg. Difor lét eg deg ikkje røra henne. 7#Job 42,8#20,7 profet Ordet blir stundom nytta i vidare tyding, om ein mann som står Gud nær og har fått eit oppdrag frå han, slik som med Moses, jf. Hos 12,14, og Aron, jf. 2 Mos 7,1. Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Han kan be for deg, så du får leva. Men gjer du det ikkje, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»
8Tidleg neste morgon stod Abimelek opp og kalla til seg alle tenarane sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene svært redde. 9Så kalla Abimelek Abraham til seg og sa til han: «Kva har du gjort mot oss? Og korleis har eg synda mot deg, sidan du har late så stor ei synd koma over meg og riket mitt? Du har gjort slik mot meg som ingen bør gjera.» 10Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?» 11#12,12 Abraham svara: «Eg tenkte: På denne staden finst det inga gudsfrykt. Dei kjem til å drepa meg på grunn av kona mi. 12Dessutan er det sant at ho er syster mi. Ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi, og ho vart kona mi. 13Den gongen Gud lét meg dra omkring langt borte frå huset til far min, sa eg til henne: Slik skal du visa din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»
14Så tok Abimelek både småfe og storfe og tenarar og tenestekvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si. 15Og Abimelek sa: «Her ligg landet mitt ope framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!» 16#20,16 1000 sjekel ca. 11,4 kg. Med … oppreising Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Til Sara sa han: «Sjå, her gjev eg tusen sjekel sølv til bror din. Dette skal vera som eit slør for auga til alle som er saman med deg. Med det får du full oppreising.»
17Abraham bad til Gud, og Gud lækte Abimelek og kona hans og slavekvinnene hans, så dei kunne få barn. 18#29,31; 1 Sam 1,5 For Herren hadde stengt kvart morsliv i huset til Abimelek på grunn av Sara, kona til Abraham.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk