1. Mosebok 19
N11NN

1. Mosebok 19

19
Sodoma og Gomorra blir øydelagde
1 # 18,2f+ Dei to englane kom til Sodoma om kvelden medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk til møtes med dei, bøygde andletet mot jorda 2og sa: «Høyr, mine herrar! Ta inn i huset til tenaren dykkar for natta. Der kan de vaska føtene, og i morgon kan de stå tidleg opp og dra vidare.» Dei svara: «Nei, vi overnattar ute på torget.» 3Men han bad dei så inntrengjande at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit festmåltid for dei. Han baka usyra brød, og dei åt.
4Men før dei hadde lagt seg, kom alle mennene i Sodoma, både unge og gamle, frå alle kantar av byen og omringa huset. 5#19,5 Vi … med dei Det blir sikta til tvungen seksuell omgang. Jf. 3 Mos 18,22; 20,13; Dom 19,22ff; Rom 1,27. Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Før dei ut til oss! Vi vil ha viljen vår med dei!»
6Då gjekk Lot ut til dei i døropninga, stengde døra etter seg 7og sa: «Brør, gjer ikkje slik ei ugjerning! 8Høyr no! Eg har to døtrer som ikkje har vore saman med nokon mann. Lat meg føra dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de vil. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, for dei har funne ly under mitt tak.» 9Men dei ropa: «Flytt deg!» Og dei heldt fram: «Her kjem ein innflyttar for å bu hos oss, og så vil han gjera seg til dommar! No skal vi gjera verre ugjerningar mot deg enn mot dei.» Dei trengde seg hardt inn på mannen Lot og heldt på å slå inn døra. 10Då rette dei to mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra. 11#2 Kong 6,18 Med eit slag blinda dei mennene utanfor huset, både små og store. Dei streva til inga nytte med å finna døra.
12Då sa mennene til Lot: «Har du elles nokon her, ein svigerson, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så ta dei bort herifrå. 13#18,20f For no skal vi øydeleggja denne staden. Klageropet for Herrens andlet har vorte så stort at han har sendt oss for å øydeleggja byen.» 14Då gjekk Lot ut og tala med svigersønene sine, dei som skulle ha døtrene hans. «Skund dykk bort frå denne staden», sa han, «for no vil Herren øydeleggja byen!» Men svigersønene trudde at han heldt dei for narr.
15 # 2 Pet 2,7 Då det grydde av dag, skunda englane på Lot og sa: «Dra av stad! Ta med deg kona di og dei to døtrene dine som er her, så du ikkje blir riven bort når byen blir straffa!» 16Men då han nølte, tok mennene han og kona hans og dei to døtrene i handa, for Herren hadde omsorg for han. Dei førte han bort og sette han trygt utanfor byen.
17Då dei hadde ført dei ut, sa ein av mennene: «Røm for livet! Sjå deg ikkje tilbake, og stans ikkje nokon stad på sletta. Røm til fjells, elles blir du riven bort.» 18Men Lot svara dei: «Å nei, herre! 19Sjå, tenaren din har funne nåde for dine auge. Du har vore svært god og berga livet mitt. Men eg kan ikkje rømma til fjells. For då kunne ulukka ramma meg så eg måtte døy. 20Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan rømma dit, og han er så liten. Lat meg få rømma dit så eg kan berga livet! Byen er då så liten.» 21Då sa han: «Ja, eg gjer som du vil i dette òg. Den byen du nemner, skal eg ikkje øydeleggja. 22#19,22 Soar >13,10. Jf. v. 20. Skund deg, røm dit! For eg kan ikkje gjera noko før du er komen dit.» – Difor heiter byen Soar.
23Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar. 24#5 Mos 29,23; Sal 11,6; Esek 38,22; Am 4,11; Luk 17,29 Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen. 25Han øydela desse byane, heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka. 26#Luk 17,32 Men kona til Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ei saltstøtte.
27Tidleg om morgonen skunda Abraham seg til den staden der han hadde stått framfor Herrens andlet. 28Då han såg ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, fekk han sjå at det steig røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn. 29Den gongen då Gud gjorde ende på byane på sletta, kom han Abraham i hug. Gud henta Lot rett ut frå øydeleggingane som han sende over dei byane Lot hadde budd i.
Døtrene til Lot
30Lot drog opp frå Soar og busette seg i fjellandet saman med dei to døtrene sine, for han var redd for å bu i Soar. Han budde i ei hòle, han og dei to døtrene. 31Den eldste dottera sa til den yngste: «Far vår er gammal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan gå inn til oss på vanleg måte. 32#3 Mos 18,7 Kom, lat oss skjenkja far vår vin og liggja med han, så vi kan halda liv i ætta til far!» 33Og dei skjenkte vin til far sin same natta, og den eldste gjekk inn og låg med far sin. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp. 34Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr no, i natt låg eg med far. Lat oss skjenkja han vin i natt òg. Så går du inn og ligg med han, så vi kan halda liv i ætta etter far vår.» 35Også den natta skjenkte dei far sin vin, og den yngste gjekk inn og låg med han. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp. 36No skulle begge døtrene til Lot ha barn med far sin. 37#19,37 Moab Namnet liknar det hebr. uttrykket for «frå far». moabittane heldt til aust for Daudehavet. Den eldste fødde ein son og kalla han Moab. Han er stamfar til moabittane, som finst den dag i dag. 38#19,38 Ben-Ammi Namnet tyder «son til mitt folk». ammonittane heldt til i fjellandet aust for Jordanelva, nord for Moab, i området der Amman ligg i dag. Også den yngste fødde ein son og gav han namnet Ben-Ammi. Han er stamfar til ammonittane, som finst den dag i dag.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.