1. Mosebok 18
N11NN

1. Mosebok 18

18
Herren gjestar Abraham
1 Herren synte seg for Abraham i eikelunden i Mamre ein gong han sat i teltopninga då dagen var på det varmaste. 2#19,1; Hebr 13,2 Han såg opp og fekk auge på tre menn som stod framfor han. Då han såg dei, sprang han til møtes med dei frå teltopninga, bøygde seg til jorda 3og sa: «Herre, dersom eg har funne nåde for auga dine, så gå ikkje forbi tenaren din! 4Lat meg henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet! 5Og lat meg henta litt mat, så de kan styrkja dykk før de dreg vidare, sidan de no har lagt vegen forbi tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!»
6 # 18,6 tre sea ca. 36 l. Då skunda Abraham seg inn i teltet til Sara og sa: «Skund deg og kna tre sea fint mjøl og bak brødleivar!» 7Sjølv sprang han bort til storfeet og henta ein fin og god kalv. Den gav han til tenesteguten, som skunda seg og laga han til. 8Så tok han rømme og mjølk og den kalven som guten hadde gjort i stand, og sette det fram for dei. Og han vart ståande hos dei under treet medan dei åt.
9Då sa dei til han: «Kvar er Sara, kona di?» Abraham svara: «Der inne i teltet.» 10#17,21+ Han sa: «Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltopninga, som var rett bak han. 11#Hebr 11,11 Abraham og Sara var gamle, langt oppi åra, og Sara hadde det ikkje lenger på kvinners vis. 12#17,17+ Difor lo Sara med seg sjølv: «Skulle eg kjenna lyst, utsliten som eg er? Og herren min er òg gammal.» 13Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og seier: Skulle eg verkeleg kunna føda, gammal som eg er? 14#Jer 32,17.27; Luk 1,37 Er noko umogleg for Herren? Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.» 15Sara nekta: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»
Abraham bed for Sodoma og Gomorra
16Mennene braut opp og vende blikket mot Sodoma. Abraham gjekk med for å sjå dei vel av stad. 17Då tenkte Herren: «Skulle eg løyna for Abraham det eg vil gjera? 18#12,2f+ Abraham skal då bli til eit stort og mektig folk, og i han skal alle folkeslag på jorda velsignast. 19Eg har valt han ut for at han skal by sønene og etterkomarane sine å halda seg til Herrens veg og gjera det som er rett og rettferdig. Då kan Herren gje Abraham det han har lova han.» 20#13,13+ Og Herren sa: «Høgt er klageropet over Sodoma og Gomorra, for synda der er svært stor. 21Klageropet har nådd meg. No vil eg stiga ned og sjå om dei verkeleg har handla så ille, og har dei ikkje det, vil eg vita det.»
22Så gjekk mennene derifrå, dei tok vegen mot Sodoma. Men Abraham vart ståande framfor Herrens andlet. 23Abraham gjekk nærare og sa: «Vil du verkeleg riva bort dei rettferdige saman med dei urettferdige? 24Kva om det finst femti rettferdige i byen? Vil du likevel riva dei bort? Vil du ikkje bera over med staden på grunn av dei femti rettferdige som bur der? 25#Sal 7,9; Apg 17,31; Rom 3,6 Det liknar ikkje deg å gjera noko slikt, å la rettferdige døy saman med urettferdige! Skal det gå den rettferdige på same måten som den urettferdige? Det liknar ikkje deg! Skulle ikkje dommaren over heile jorda gjera det som rett er?» 26Då sa Herren: «Finn eg femti rettferdige i Sodoma, skal eg bera over med heile staden for deira skuld.»
27Til det svara Abraham: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren, eg som er støv og oske. 28Kva om det manglar fem på dei femti rettferdige? Vil du øydeleggja heile byen på grunn av desse fem?» Han svara: «Dersom eg finn førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.» 29Abraham heldt fram med å tala til han. «Kva om det finst førti der?» sa han. Han svara: «For skuld dei førti skal eg ikkje gjera det.» 30Då sa Abraham: «Herren må ikkje bli harm om eg talar! Kva om det finst tretti der?» Han svara: «Dersom eg finn tretti, skal eg ikkje gjera det.» 31Abraham sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren. Kva om det finst tjue der?» Han svara: «For skuld dei tjue skal eg ikkje øydeleggja han.» 32Då sa Abraham: «Herre, bli ikkje harm om eg talar ein einaste gong til! Kva om det finst ti der?» Han svara: «For skuld dei ti skal eg ikkje øydeleggja han.» 33Herren var ferdig med å tala til Abraham, gjekk han. Og Abraham gjekk heim att.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.