1. Mosebok 16
N11NN

1. Mosebok 16

16
Hagar og Ismael
1Kona til Abram, Sarai, fødde han ingen born. Men ho hadde ei egyptisk slavekvinne som heitte Hagar. 2#30,3.9 Sarai sa til Abram: «Høyr på meg: Herren har hindra meg i å føda born. Gå no inn til slavekvinna mi! Kanskje får eg ein son ved henne.» Og Abram høyrde på det Sarai sa. 3Kona til Abram, Sarai, tok då den egyptiske slavekvinna si, Hagar, og gav henne til kone for Abram, mannen sin. Abram hadde då budd ti år i landet Kanaan. 4#1 Sam 1,6 Han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på husfrua si. 5#1 Sam 24,13.16 Då sa Sarai til Abram: «Det er di skuld at eg blir krenkt! Eg gav slavekvinna mi i din famn, men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på meg. Herren skal dømma mellom meg og deg!» 6Abram sa til Sarai: «Sjå, slavekvinna er i di hand. Gjer kva du vil med henne.» Og Sarai audmjuka henne, så ho rømde frå henne.
7 # 22,11.15; 2 Mos 3,2; 4 Mos 22,22ff; Dom 2,1.4 # 16,7 Herrens engel talar på vegner av Herren og blir sidestilt med Herren i v. 13. Jf. 22,11.15; 2 Mos 3; Dom 6; 13. Sjur ørkenområde i den nordlege delen av Sinai-halvøya. Jf. 25,18; 1 Sam 15,7. Herrens engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen, ved kjelda på vegen til Sjur. 8Han sa: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg rømmer frå Sarai, husfrua mi.» 9Og Herrens engel sa til henne: «Vend attende til husfrua di og lat deg audmjuka under hennar hand!» 10#17,20; 21,13.18; 25,12ffHerrens engel sa: «Stor vil eg gjera ætta di, så stor at ingen kan telja henne.» 11#16,11 Ismael Namnet tyder «Gud høyrer». Jf. 21,17. Så sa Herrens engel til henne:
«Sjå, du er med barn
og skal føda ein son.
Han skal du kalla Ismael,
for Herren har høyrt at du vart audmjuka.
12Han skal bli eit villesel av eit menneske.
Handa hans skal vera vend mot alle
og alle hender mot han.
Rett imot alle slektningane sine
skal han slå seg ned.»
13 # 22,14 Då sette ho dette namnet på Herren som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg.» For ho sa: «Har eg her verkeleg sett han som ser meg?» 14#24,62; 25,11#16,14 Lahai-Ro'i-brønnen hebr. for «brønnen til den levande som ser meg», jf. v. 13. Difor blir brønnen kalla Lahai-Ro'i-brønnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered.
15Så fødde Hagar ein son til Abram. Og Abram gav sonen som Hagar fødde, namnet Ismael. 16Abram var 86 år gammal då Hagar fødde Ismael til han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.