1. Mosebok 10
N11NN
10
Folkeslaga på jorda
1 # 1 Krøn 1,5ff Dette er slektshistoria til Noahs søner, Sem, Ham og Jafet. Dei fekk søner etter storflaumen. 2#Esek 27,13ff#10,2 sønene til Jafet primært folkeslaga i nord og vest. Gomer nord i Vesleasia. Magog Jf. Esek 38,2; Op 20,8. Madai Media, sør for Kaspihavet. Javan Jonia i Hellas. Tubal, Mesjek i Vesleasia, søraust for Svartehavet. Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras. 3Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma. 4#10,4 Tarsis hamneby eller område ved fjerne kystar, kan henda vest i Middelhavet. Jf. 1 Kong 10,22; 2 Krøn 9,21; Jona 1,3. Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim. 5Frå dei har folkeslaga på fjerne kystar breidd seg ut i sine land, kvart med sitt språk, slekt for slekt, folkeslag etter folkeslag.
6 # 10,6 Sønene til Ham primært folkeslaga i sør. Kusj >2,13. Misrajim Egypt. Put truleg Libya. Kanaan Jf. 10,15ff. Sønene til Ham var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan. 7#10,7 Seba truleg sørvest for Raudehavet. Havila i Arabia. Jf. 1 Mos 2,11 Saba i Sør-Arabia. Jf. 1 Kong 10,1ff. Kusj hadde sønene Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.
8 # 10,8 Nimrod vidgjeten segnkonge. Jf. Mi 5,5. Rikssamling, jakt og grunnlegging av byar er typiske motiv på minnesmerke over babylonske kongar. Kusj vart far til Nimrod. Han var den første som vart mektig på jorda. 9Han vart ein veldig jeger for Herrens andlet. Difor heiter det: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens andlet.» 10Først omfatta kongedømet hans Babel, Erek, Akkad og Kalne i landet Sinear. 11Frå dette landet drog han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah 12og Resen mellom Ninive og Kalah, det er den store byen.
13Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane, 14#10,14 filistrane Ifølgje Jer 47,4 er filistrane «resten av folket på øya Kaftor», kanskje Kreta eller Kypros. patrusarane og kasluharane, dei som filistrane har kome frå, og kaftorarane.
15 # 10,15 Sidon fønikisk bystat i noverande Sør-Libanon. Het Hetittane var eit kulturfolk i Vesleasia, men blir som oftast omtala i Bibelen som eitt av dei sju folka i landet Kanaan. Jf. 23,3ff; 5 Mos 7,1; Jos 3,10; 24,11. Kanaan vart far til Sidon, den førstefødde, og til Het, 16#10,16 jebusittane … girgasjittane høyrde til dei sju folka i landet Kanaan. Jf. 5 Mos 7,1; Jos 3,10; 24,11. Jebusittane budde i Jerusalem. Jf. Jos 15,63; Dom 1,21; 2 Sam 5,6ff. og dessutan til jebusittane, amorittane og girgasjittane, 17hevittane, arkittane, sinittane, 18arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan spreidde kanaanearslektene seg vidare utover. 19#10,19 Sodoma … Sebojim byar sør for Daudehavet. Jf. 13,10.13; 14,2.8; 19; 5 Mos 29,23. Landområdet til kanaanearane strekte seg frå Sidon til Gaza, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim. 20Dette var Hams etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land og folkeslag etter folkeslag.
21 # 10,21 Eber Ordet hebrear kjem av namnet Eber. Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart stamfar til alle Eber-sønene. 22#10,22 Sønene til Sem i hovudsak folkeslaga i aust. Elam fjellandet aust for Mesopotamia. Assur Assyria nord i Mesopotamia. Arpaksjad den av Sems søner som Abraham stammar frå. Jf. 11,12ff. Lud truleg Lydia i Vesleasia. Aram nordaust for Kanaan, over mot Mesopotamia. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram. 23Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj. 24Arpaksjad vart far til Sjelah, og Sjelah vart far til Eber. 25#10,25 Peleg På hebr. er det eit ordspel mellom namnet Peleg og ordet som er omsett «delt opp». Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg, for i hans dagar vart jorda delt opp. Bror hans heitte Joktan. 26Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerah, 27Hadoram, Usal, Dikla, 28Obal, Abimael, Saba, 29#10,29 Ofir i Arabia, kjent for sitt gull. Jf. 1 Kong 9,28; Job 22,24; Jes 13,12. Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan. 30Dei hadde bustadene sine frå Mesja bort imot Sefar, i fjella mot aust.
31Dette var Sems etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land, folkeslag for folkeslag. 32#Apg 17,26 Og dette var slektene etter sønene til Noah, slektshistorie for slektshistorie, folkeslag etter folkeslag. Frå dei har folkeslaga breidd seg ut over jorda etter storflaumen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk