Galatarane 5
N11NN
5
Kristen fridom
1 # Joh 8,36; Apg 15,10; Gal 2,4; 5,13 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket. 2#2,21 Høyr kva eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil ikkje Kristus vera til noka hjelp for dykk. 3#3,10 På nytt slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. 4De som vil bli rettferdige ved lova, er skilde frå Kristus; de er falne ut av nåden. 5Men vi ventar i Anden, ved tru, på den rettferda som er vår von. 6#1 Kor 7,19; Gal 6,15 For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik. 7De var komne godt i gang med løpet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga? 8Kven har overtala dykk? Ikkje han som kalla dykk! 9#1 Kor 5,6#5,9 Litt surdeig Når ein baka, tok ein vare på ein liten klump av den gjæra deigen (surdeig). Neste gong ein skulle baka, knadde ein klumpen inn i den nye deigen for å få han til å heva seg. Litt surdeig gjennomsyrar heile deigen. 10#1,6f Men i Herren har eg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg gjer. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er. 11#1 Kor 1,23 Men om det er så, sysken, at eg enno forkynner omskjering, kvifor blir eg då forfølgd? Då er ikkje krossen ein snublestein lenger. 12#5,12 skjera av seg alt saman Uttrykket blir brukt om kastrering. >Matt 19,12. Må dei berre skjera av seg alt saman, dei som spreier uro mellom dykk!
13 # Rom 6,18.22; 1 Kor 8,9; Gal 5,16; 1 Pet 2,16 # 5,13 kjøtet =kjøt, kjøt og blod. De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det kjøtet vil, men ten kvarandre i kjærleik. 14#3 Mos 19,18; Rom 13,8ff+ For heile lova er oppfylt i dette eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv. 15Men når de bit og glefser etter kvarandre, så pass på at de ikkje et kvarandre opp!
Livet i Anden
16Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje dei vonde lystene i dykkar kjøt og blod. 17#Rom 7,15–25; 8,5 For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil, står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje kan gjera det de vil. 18#Rom 6,14; 8,14 Men blir de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. 19#5,19–21 Versa inneheld ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. =katalogar.#Matt 15,19; Rom 1,29ff; 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Ef 5,3ff; Kol 3,5ff; 1 Tim 1,9f; 2 Tim 3,2ff Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd, 20avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, 21misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike. 22#5,22–23 Versa inneheld ein dygdekatalog. =katalogar.#Ef 5,9 Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, 23#1 Tim 1,9 audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot! 24#Rom 6,6; Kol 3,5 Dei som høyrer Kristus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og dei vonde lystene. 25#Rom 8,5; Gal 5,16 Lever vi ved Anden, så lat oss òg vandra i Anden. 26#Fil 2,3 Lat oss ikkje vera drivne av æresjuke så vi utfordrar og misunner kvarandre.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk