Esra 9
N11NN
9
Esras bøn
1Då dette var gjort, kom leiarane til meg og sa: «Korkje Israelsfolket, prestane eller levittane har skilt seg frå folka i landområda omkring, dei som handlar like avskyeleg som kanaanearane, hetittane, perisittane, jebusittane, ammonittane, moabittane, egyptarane og amorittane. 2#2 Mos 34,15; 5 Mos 7,1ff; Mal 2,10ff For dei har teke døtrene deira til koner for seg og sønene sine, så den heilage ætta har vorte blanda med folka i landområda omkring. Leiarane og stormennene har vore dei første til å driva med denne utruskapen.» 3#9,3 reiv … kappe teikn på sorg eller audmjuking. =sørgjeskikkar. Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjortel og kappe, reiv meg i hår og skjegg og sat lamslegen. 4Alle som skalv for ordet frå Israels Gud, samla seg rundt meg på grunn av truløysa til dei som hadde vore i eksil. Og eg sat der lamslegen heilt til kveldsofferet. 5Ved kveldsofferet reiste eg meg frå botsstillinga. Med sundriven kjortel og kappe kasta eg meg på kne, breidde ut hendene mot Herren min Gud 6#Dan 9,7f og sa:
Min Gud! Eg skammar meg og skjemmest over å lyfta andletet mot deg, min Gud! For syndene våre er så mange at dei har vakse oss over hovudet, og skulda vår er så stor at ho når til himmelen. 7Frå våre fedrars dagar og heilt til no har vår skuld vore stor. På grunn av syndene våre vart vi og kongane og prestane våre gjevne over i hendene på framande kongar, til sverd, fangenskap, plyndring og skam, slik det er den dag i dag. 8#Sal 13,4 Men no har Herren vår Gud for ei kort stund vist oss velvilje. Han har late ein rest av oss sleppa unna og har fest teltpluggen for oss på sin heilage stad. Vår Gud har fått auga våre til å skina og har gjeve oss litt styrke i vårt slaveri. 9For sjølv om vi er slavar, har vår Gud ikkje svikta oss i vårt slaveri, men han har fått persarkongane til å visa oss velvilje, så vi fekk mot til å reisa huset for vår Gud or ruinane. Og han har gjeve oss eit vern i Juda og Jerusalem. 10Men no, kva skal vi seia etter dette, vår Gud? For vi har svikta dine bod, 11#3 Mos 18,24ff; 20,23 som du gav gjennom dine tenarar, profetane: «Landet som de dreg inn i for å ta i eige, er ureint på grunn av det ureine til folka i landområda omkring. Dei har fylt det med avskyelege handlingar og gjort det ureint frå ende til annan. 12#5 Mos 7,3; 23,6 Difor må de ikkje gifta bort døtrene dykkar til sønene deira, eller la døtrene deira ta sønene dykkar til ekte. Og de må aldri gjera noko for å fremja deira fred og velferd. Då skal de bli sterke og få eta av alt det gode i landet, og de skal la borna dykkar få det i eige for alltid.» 13Trass i alt som har hendt med oss på grunn av våre vonde gjerningar og vår store skuld, har du, vår Gud, likevel straffa oss mindre enn våre synder fortente, og du har late ein rest av oss sleppa unna. 14Skulle vi igjen bryta dine bod og knyta slektsband med folka som gjer slike avskyelege handlingar? Kjem du ikkje då til å harmast og gjera ende på oss, slik at ingen blir att og ingen slepp unna? 15Herre, Israels Gud, du er rettferdig. Vi er ein rest som har sloppe unna til denne dag. Sjå, her er vi for ditt andlet med vår skuld. Men slik kan ingen bli ståande for deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk