Esra 8
N11NN
8
Dei som kom att saman med Esra
1Dette er slektsregistra til leiarane for familiane som drog opp saman med meg frå Babel då Artaxerxes var konge: 2etterkomarar av Pinhas: Gersjom; av Itamar: Daniel; av David: Hattusj, 3son til Sjekanja; av Parosj: Sakarja, og med han var det registrert 150 mann; 4av Pahat-Moab: Eljoenai, son til Serahja, og med han 200 mann; 5av Sattu: Sjekanja, son til Jahasiel, og med han 300 mann; 6av Adin: Ebed, son til Jonatan, og med han 50 mann; 7av Elam: Jesaja, son til Atalja, og med han 70 mann; 8av Sjefatja: Sebadja, son til Mikael, og med han 80 mann; 9av Joab: Obadja, son til Jehiel, og med han 218 mann; 10av Bani: Sjelomit, son til Josifja, og med han 160 mann; 11av Bebai: Sakarja, son til Bebai, og med han 28 mann; 12av Asgad: Johanan, son til Hakkatan, og med han 110 mann; 13av Adonikam, dei siste, dette er namna deira: Elifelet, Je'iel og Sjemaja og med dei 60 mann; 14av Bigvai: Utai og Sakkur og med dei 70 mann.
Esra kjem til Jerusalem
15Eg samla dei ved elva som renn til Ahava, og vi låg i leir der i tre dagar. Eg la merke til at både folket og prestane var der, men eg fann ingen levittar. 16Eg sende då bod etter hovdingane Elieser, Ariel, Sjemaja, Elnatan, Jarib, Elnatan, Natan, Sakarja og Mesjullam og etter lærarane Jojarib og Elnatan. 17#8,17 Kasifja truleg eit religiøst sentrum for dei som var i eksil i Babel. Det er ikkje kjent kvar staden låg. Eg bad dei fara til Iddo, leiaren på ein stad som heitte Kasifja. Eg la dei ord i munnen som dei skulle seia til Iddo og bror hans, dei som var tempeltenarar i Kasifja. Dei skulle senda oss tenarar til huset for vår Gud. 18Fordi Gud heldt si gode hand over oss, sende dei oss ein klok mann, Sjerebja, saman med sønene og brørne hans, 18 til saman. Sjerebja var etterkomar av Mahli, son til Levi, son til Israel. 19Vidare kom Hasjabja og med han Jesaja av Merari-sønene, og brørne hans og sønene deira, 20 til saman. 20Og av tempeltenarane som David og leiarane hadde sett til å tena levittane, kom det 220. Alle desse er oppførte med namn.
21 # 2 Krøn 20,3 Då ropa eg ut ei faste der ved Ahava-elva, for at vi skulle audmjuka oss for vår Guds andlet og be om ei god reise for oss sjølve og borna våre og for alt vi eigde. 22For eg skamma meg for å be kongen om soldatar og hestar til å hjelpa oss mot fiendar på vegen, sidan vi hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si gode hand over alle som søkjer han, men hans makt og vreide kjem over alle som svik han.» 23Så vi fasta og søkte vår Gud for dette, og han høyrde bøna vår.
24Eg valde ut tolv av dei leiande prestane og dessutan Sjerebja og Hasjabja saman med ti av brørne deira. 25Eg vog opp for dei sølvet, gullet og kara – alle gåvene til Guds hus frå kongen, rådgjevarane og leiarane hans, og frå alle israelittane som var der. 26#8,26 talent Ein talent er ca. 34,2 kg. Eg vog opp og overlét i hendene deira 650 talentar sølv, 100 sølvkar verde ein talent kvar, 100 talentar gull, 27#8,27 dareik mynt som vart laga i både gull og sølv. 1000 gulldareikar svarar til 8,4 kg gull. =mynt. 20 gullbollar verde 1000 dareikar og to kar av god, skinande bronse, lik gull. 28Eg sa til dei: «De er heilage for Herren, og kara er heilage; sølvet og gullet er ei frivillig gåve til Herren, dykkar fedrars Gud. 29Hald vakt og ta vare på dette heilt til de kan vega dei opp for dei leiande prestane, levittane og leiarane for Israels slekter i Jerusalem, i romma i Herrens hus.»
30Så fekk prestane og levittane den oppvegne mengda av sølv, gull og kar. Dei skulle føra denne gåva til Jerusalem, til huset for vår Gud. 31Vi braut opp frå Ahava-elva på den tolvte dagen i den første månaden for å dra til Jerusalem. Vår Gud heldt si hand over oss og redda oss frå fiendens grep og frå overfall på vegen. 32Vi kom til Jerusalem og kvilte der i tre dagar. 33Den fjerde dagen vog vi opp sølvet, gullet og kara i huset til vår Gud og gav alt til presten Meremot, son til Uria. Saman med han var Elasar, son til Pinhas, og levittane Josabad, son til Josva, og Noadja, son til Binnui. 34Alt vart talt og vege, og vekta vart samtidig nedskriven.
35 # 6,17 Dei som var komne frå fangenskapet i eksil, ofra brennoffer for Israels Gud: 12 oksar for heile Israel, 96 vêrar, 77 lam og som syndoffer 12 bukkar. Alt dette var eit brennoffer for Herren. 36#8,36 satrapar menn som styrte store område av Persarriket; dei stod direkte under kongen og svara faste avgifter til han. Sidan bar dei fram kongens forskrifter til kongens satrapar og statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat, og dei gav si støtte til folket og til Guds hus.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk