Esra 10
N11NN
10
Dei framande kvinnene blir bortsende
1Medan Esra gråtande kasta seg ned framfor Guds hus og bad og skrifta, samla det seg ei stor mengd israelittar rundt han, menn, kvinner og born, og folket gret høgt. 2Då tok Sjekanja, son til Jehiel, frå Elam-ætta, til orde og sa til Esra: «Vi har vore trulause mot vår Gud og teke til oss framande kvinner frå folka i landet. Likevel er det enno von for Israel. 3Lat oss no gjera ei pakt for vår Guds andlet og senda frå oss alle desse kvinnene og deira born. Det er dette rådet vi har fått frå Herren, og frå dei som skjelv for boda frå vår Gud. Lat dette bli gjort etter lova! 4Gå i gang, for saka kviler på deg, men vi vil vera med deg. Ver sterk og gå til verket!»
5Då reiste Esra seg og bad dei leiande prestane, levittane og heile Israel sverja at dei ville gjera det som var sagt, og dei svor alle. 6Esra gjekk så bort frå plassen framfor Herrens hus og inn i rommet til Johanan, son til Eljasjib. Der var han natta over utan å smaka verken brød eller vatn, for han sørgde over truløysa til dei som hadde vore i eksil.
7Deretter gjekk det ut ei kunngjering gjennom heile Juda og Jerusalem til alle som hadde vore i eksil. Dei skulle samlast i Jerusalem. 8Den som ikkje kom innan tre dagar, skulle – slik leiarane og dei eldste hadde bestemt – få all eigedomen sin slegen med bann og øydelagd og sjølv bli skild frå forsamlinga av dei som hadde vore i eksil. 9Alle menn frå Juda og Benjamin samla seg i Jerusalem på tre dagar. Det var den tjuande dagen i den niande månaden. Heile folket sat på plassen framfor Guds hus og skalv, både på grunn av denne saka og fordi det regna kraftig. 10#9,1f Då reiste presten Esra seg og sa til dei: «De har vore trulause og teke til dykk framande kvinner. Slik har de auka Israels skuld. 11Skrifta no for Herren, dykkar fedrars Gud, og gjer hans vilje. Skil dykk frå desse folka i landet og frå dei framande kvinnene.»
12Då svara heile forsamlinga høgt: «Ja, vi vil gjera det som du seier til oss. 13Men det er mykje folk, og det er regntid. Vi orkar ikkje å stå her ute lenger. Dette arbeidet er ikkje gjort på ein dag eller to, for vi er mange som har synda i denne saka. 14Lat no leiarane våre stå fram for heile forsamlinga. Så skal alle i byane våre som har teke til seg framande kvinner, møta til avtala tider saman med dei eldste og dommarane frå kvar einskild by, for å venda bort frå oss vår Guds brennande vreide på grunn av denne saka.» 15#10,15 Sjabbetai Jf. Neh 8,7. Berre Jonatan, son til Asael, og Jahseja, son til Tikva, sette seg imot dette, og Mesjullam og levitten Sjabbetai støtta dei. 16Men dei som hadde vore i eksil, gjorde som det var sagt. Presten Esra skilde ut nokre menn som var leiarar for kvar sin familie, alle nemnde med namn. Dei kom saman den første dagen i den tiande månaden for å granska saka. 17På den første dagen i den første månaden vart dei ferdige med alle mennene som hadde teke til seg framande kvinner.
Liste over dei som hadde teke til seg framande kvinner
18Ein fann at desse prestesønene hadde teke til seg framande kvinner: etterkomarar av Josva, son til Josadak, og brørne hans: Maaseja, Elieser, Jarib og Gedalja. 19Dei gav handa på at dei skulle senda frå seg kvinnene sine, og dei ofra ein vêr som skuldoffer. 20Etterkomarar av Immer: Hanani og Sebadja; 21av Harim: Maaseja, Elia, Sjemaja, Jehiel og Ussia; 22av Pasjhur: Eljoenai, Maaseja, Ismael, Netanel, Josabad og Elasa.
23Av levittane: Josabad, Sjimi, Kelaja – det er den same som Kelita – Petahja, Juda og Elieser.
24Av songarane: Eljasjib, og av portvaktene: Sjallum, Telem og Uri.
25Av Israel: etterkomarar av Parosj: Ramja, Jissia, Malkia, Mijjamin, Elasar, Malkia og Benaja; 26av Elam: Mattanja, Sakarja, Jehiel, Abdi, Jeremot og Elia; 27av Sattu: Eljoenai, Eljasjib, Mattanja, Jeremot, Sabad og Asisa; 28av Bebai: Johanan, Hananja, Sabbai og Atlai; 29av Bani: Mesjullam, Malluk, Adaja, Jasjub, Sjeal og Jeremot; 30av Pahat-Moab: Adna, Kelal, Benaja, Maaseja, Mattanja, Besalel, Binnui og Manasse; 31av Harim: Elieser, Jisjia, Malkia, Sjemaja, Simon, 32Benjamin, Malluk og Sjemarja; 33av Hasjum: Mattenai, Mattatta, Sabad, Elifelet, Jeremai, Manasse og Sjimi; 34av Bani: Maadai, Amram, Uel, 35Benaja, Bedja, Keluhu, 36Vanja, Meremot, Eljasjib, 37Mattanja, Mattenai og Jaasai; 38av Binnui: Sjimi, 39Sjelemja, Natan, Adaja, 40Maknadbai, Sjasjai, Sjarai, 41Asarel, Sjelemja, Sjemarja, 42Sjallum, Amarja og Josef; 43av Nebo: Je'iel, Mattitja, Sabad, Sebina, Jaddai, Joel og Benaja.
44Alle desse hadde teke til seg framande kvinner, og nokre hadde fått born med dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk