Esekiel 48
N11NN
48
1 # 47,15.17 Dette er namna på stammane:
Lengst i nord, i retning Hetlon, Lebo-Hamat og Hasar-Enon – med Damaskus-området i nord, mot Hamat – frå aust til vest: Dan skal ha éin del.
2Langs området til Dan, frå aust til vest: Asjer, éin del.
3Langs området til Asjer, frå aust til vest: Naftali, éin del.
4Langs området til Naftali, frå aust til vest: Manasse, éin del.
5Langs området til Manasse, frå aust til vest: Efraim, éin del.
6Langs området Efraim, frå aust til vest: Ruben, éin del.
7Langs området til Ruben, frå aust til vest: Juda, éin del.
8 # 42,15ff; 45,1 Langs området til Juda, frå aust til vest, ligg det stykket de skal skilja ut, tjuefem tusen alner breitt og like langt som kvar av dei andre delane, frå aust til vest. Heilagdomen skal liggja midt i det.
9Det stykket de skil ut for Herren, skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen breitt. 10Det heilage området skal høyra prestane til. Dei skal ha eit stykke som er tjuefem tusen alner langt i nord, ti tusen alner breitt i vest, ti tusen breitt i aust, og i sør tjuefem tusen langt. Heilagdomen skal liggja midt i det. 11#44,15 Dei heilage prestane av Sadok-ætta tok seg av tempeltenesta for meg. Dei fór ikkje vill saman med israelittane slik levittane gjorde. 12Dei skal ha sin del av det stykket som er skilt ut av landet, ein høgheilag del, attmed området til levittane. 13#45,5 Levittane skal ha eit område ved prestane sitt, tjuefem tusen alner langt og ti tusen breitt. Det heile skal vera tjuefem tusen langt og tjue tusen breitt. 14Dei skal ikkje selja noko av dette eller byta det bort eller la den beste delen av landet gå over til andre, for han er heilag for Herren.
15 # 45,6 Det fem tusen alner breie området som er att av det tjuefem tusen alen lange området, skal høyra til byen og ikkje vera heilagt, men brukast til bustader og beitemarker. Byen skal liggja midt i det.
16Desse måla har byen: nordsida fire tusen fem hundre alner, sørsida fire tusen fem hundre, austsida fire tusen fem hundre og vestsida fire tusen fem hundre.
17Det skal vera beitemarker til byen, i nord to hundre og femti alner, i sør to hundre og femti, i aust to hundre og femti og i vest to hundre og femti.
18Det som er att langs det heilage området, er ti tusen alner mot aust og ti tusen mot vest. Grøda derifrå skal vera til brød for arbeidarane i byen. 19Arbeidarane i byen skal dyrka det, arbeidarar frå alle stammane i Israel.
20 # 48,9–14 Heile området skal vera tjuefem tusen gonger tjuefem tusen alner, eit kvadrat. De skal skilja ut det heilage området saman med byens eigedom.
21 # 45,7f Det som er att på begge sider av det heilage området og byens eigedom, skal fyrsten ha: frå det tjuefem tusen alner lange området til grensa i aust, og vestover frå det tjuefem tusen alner lange området til grensa mot havet, attmed delane til stammane. Det skal høyra fyrsten til. Det utskilde, heilage området og det heilage huset midt i det, 22saman med eigedomen til levittane og eigedomen til byen, skal liggja mellom det som høyrer fyrsten til. Det som ligg mellom områda til Juda og Benjamin, høyrer fyrsten til.
23Så dei andre stammane:
Frå aust til vest: Benjamin, éin del.
24Langs Benjamin-området frå aust til vest: Simon, éin del.
25Langs Simon-området frå aust til vest: Jissakar, éin del.
26Langs Jissakar-området frå aust til vest: Sebulon, éin del.
27Langs Sebulon-området frå aust til vest: Gad, éin del.
28 # 47,19 Langs Gad-området, langs grensa i Negev, mot sør, skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj, langs elveleiet til Storhavet.
29Dette er det landet de skal fordela mellom stammane i Israel til odel og eige; dette er dei delane stammane skal ha, seier Herren Gud.
30Desse utgangane skal byen ha:
På nordsida, som måler fire tusen fem hundre alner, 31#Op 21,12f er det tre portar mot nord. Byportane skal ha namn etter stammane i Israel: Ruben-porten, Juda-porten og Levi-porten.
32På austsida, som måler fire tusen fem hundre alner, er det tre portar: Josef-porten, Benjamin-porten og Dan-porten.
33På sørsida, som måler fire tusen fem hundre alner, er det tre portar: Simon-porten, Jissakar-porten og Sebulon-porten.
34På vestsida, som måler fire tusen fem hundre alner, er det tre portar: Gad-porten, Asjer-porten og Naftali-porten.
35 # Sal 68,17; Jer 3,17; Esek 43,7 Omkrinsen skal vera på atten tusen alner.
Namnet på byen skal frå denne dag vera «Herren er der».

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk