Esekiel 45
N11NN
45
Skifte av landet kring Jerusalem
1Når de kastar lodd og skifter ut landet, skal de setja av eit tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt stykke som heilag gåve til Herren. Det skal vera heilagt så langt det strekkjer seg. 2#42,16ff Av dette skal eit firkanta stykke på fem hundre gonger fem hundre alner høyra heilagdomen til. Og femti alner omkring det skal vera beitemark. 3Av heile området skal du måla opp eit stykke som er tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt. Der skal heilagdomen stå, det høgheilage. 4#48,8ff Dette stykket er ein heilag del av landet. Det skal høyra til prestane som gjer teneste i heilagdomen, dei som stig fram og tener Herren. Det skal gje plass for husa deira og beitemark som høyrer heilagdomen til. 5#48,13f Eit jordstykke, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, skal høyra til levittane, som er tempeltenarar. Der skal dei ha byar å bu i. 6Til eigedom for byen skal de gje eit stykke som er fem tusen alner breitt og tjuefem tusen alner langt, langsmed det som er sett av til heilagdomen. Det skal høyra til heile Israels hus.
7 # 48,21f Fyrsten skal ha land på begge sider av det stykket som høyrer heilagdomen til, og av det som byen eig, langsmed begge desse områda, både vestover på vestsida og austover på austsida. Det skal vera så langt som ein av dei delane stammane får, frå grensa i vest til grensa i aust. 8Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Då skal fyrstane mine aldri meir undertrykkja folket mitt, men overlata jorda til Israels hus, stamme for stamme.
Rett mål og rett offer
9 # Jer 22,2f; Esek 44,6 Så seier Herren Gud: Nok no, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren Gud. 10#3 Mos 19,36+ Bruk rette vektskåler og rett efa og bat! 11#45,11 ein bat 36,4 l. ein homer 364 l. ein efa svarar til ein bat, dvs. 36,4 l. Ein efa og ein bat skal ha same mål, så både ein bat og ein efa er tiandedelen av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren. 12#45,12 gera ein gera er ca. 0,6 g. Ein sjekel skal vera tjue gera. Fem sjekel skal vera fem sjekel, og ti sjekel skal vera ti, og femti sjekel skal de rekna for ei mine.
13Dette er offergåva de skal gje: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg. 14#45,14 ein kor 364 l. Forskrifta for olje som blir målt i bat, er ein tiandedels bat av kvar kor. Det er altså ti bat i ein kor. 15Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå dei saftige beita i Israel. Dei skal vera til grødeoffer, brennoffer og fredsoffer, til soning for folket, seier Herren Gud. 16Heile folket i landet må vera med på å gje fyrsten i Israel denne gåva. 17#45,17 nymånedagane =festar og høgtider. Fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israels hus. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og fredsoffer til soning for Israels hus.
Påske
18Så seier Herren Gud: Den første dagen i den første månaden skal du ta ein ungokse utan feil. Slik skal du ta bort synd frå heilagdomen. 19Presten skal ta noko av blodet frå syndofferdyret og stryka det på dørstolpane i tempelet, på dei fire hjørna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden. 20#3 Mos 4,27ff; 5,17ff Det same skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som har synda av vanvare eller fordi dei ikkje visste betre. Slik skal de gjera soning for huset.
21 # 3 Mos 23,5ff Den fjortande dagen i den første månaden skal de halda påske. Under sjudagarsfesten skal det etast usyra brød. 22På den dagen skal fyrsten laga til ein okse som syndoffer for seg sjølv og for alt folket i landet. 23Dei sju dagane festen varer, skal han laga til brennoffer for Herren, kvar dag sju oksar og sju vêrar utan feil, og som syndoffer ein geitebukk kvar dag. 24#46,5.7.11#45,24 ein efa 36,4 l. ein hin 6 l. Som grødeoffer skal han bera fram ein efa mjøl til kvar okse, ein efa til kvar vêr og ein hin olje til kvar efa.
25Også under festen på den femtande dagen i den sjuande månaden skal han bera fram syndoffer og brennoffer, grødeoffer og olje, slik som på dei andre sju dagane.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk