Esekiel 44
N11NN
44
Levittar og prestar
1Han førte meg tilbake gjennom den ytre porten i heilagdomen, den som vender mot aust. Han var stengd. 2Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd. Han skal ikkje opnast, og ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten, difor skal han vera stengd. 3#46,8 Men fyrsten kan – fordi han er fyrste – sitja der og halda måltid for Herrens andlet. Han skal gå inn gjennom forhallen i porten, og same vegen skal han gå ut att.
4 # 43,3.5 Så førte han meg gjennom nordporten til plassen framfor tempelet. Eg såg, og sjå! – Herrens herlegdom fylte Herrens hus. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda. 5Herren sa til meg: Menneske, sjå med auga, høyr med øyra og legg hjartet ditt i alt det eg seier deg om alle forskriftene og lovene for Herrens hus. Legg merke til inngangen til huset og alle utgangane frå heilagdomen!
6 # 4 Mos 16,3.7; Esek 45,9 Du skal seia til det trassige Israels hus: Så seier Herren Gud: Nok no med dei avskyelege gjerningane dykkar, Israels hus! 7#44,7 framande her folk som ikkje var av Israels hus, og difor vart rekna for ureine. Dei vart stundom sette til underordna tempelteneste: å bera vatn og ved, halda vakt ved portane o.l. Jf. Jos 9,22–27. De lét framande, uomskorne på både hjarte og lem, koma inn og vera i min heilagdom. Slik vanhelga de huset mitt då de bar fram for meg mat, feitt og blod. De braut pakta mi med alt det avskyelege de gjorde. 8De tok dykk ikkje av tenesta med dei heilage tinga mine, men sette andre til å gjera teneste i heilagdomen i dykkar stad.
9Så seier Herren Gud: Ingen framand, uomskoren på hjarte og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane. 10Men dei levittane som forlét meg då Israel villa seg bort frå meg og følgde avgudane sine, dei må bera si skuld. 11#1 Krøn 9,17ff.26ff Dei skal vera tenarar i heilagdomen min, vakta portane til huset og gjera teneste i huset. Dei skal slakta brennoffer og slaktoffer for folket og stå til teneste for dei. 12Fordi dei gjorde teneste for dei framfor avgudane deira og fekk Israel til å falla i synd, difor lyfter eg handa mot dei, seier Herren Gud. Dei må bera si skuld. 13Dei får ikkje koma meg nær og gjera presteteneste og ikkje koma nær dei heilage tinga mine, det høgheilage. Dei skal bera vanæra for alt det avskyelege dei har gjort. 14Eg set dei til å gjera teneste i tempelet, til alle slags arbeid som må gjerast der.
15 # 40,46; 43,19; 48,11 # 44,15 levittprestane av Sadok-ætta >40,46. Men levittprestane av Sadok-ætta, som tok seg av tenesta i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og tena meg. Dei skal stå for mitt andlet og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud. 16Dei skal gå inn i min heilagdom, og dei skal stiga fram til mitt bord og tena meg. Slik skal dei gjera teneste for meg.
17Når dei går inn gjennom portane til den indre føregarden, skal dei ta på seg linklede. Dei må ikkje ha på seg noko av ull når dei gjer teneste i portane til den indre føregarden eller inne i tempelet. 18#2 Mos 28,42; 39,28 Turbanar av lin skal dei ha på hovudet og linbukser om hoftene. Dei må ikkje binda om seg noko som gjer at dei sveittar. 19#2 Mos 30,29; 3 Mos 6,11; Esek 42,14 Når dei så går ut i den ytre føregarden, føregarden der folket er, skal dei ta av seg dei kleda dei gjorde teneste i, og leggja dei i dei heilage romma. Dei skal ta på seg andre klede så dei ikkje gjer folket heilagt med kleda sine.
20 # 3 Mos 19,27; 21,5 Prestane skal ikkje barbera hovudet, heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klippa det. 21#3 Mos 10,9 Ingen av prestane må drikka vin når dei kjem inn i den indre føregarden. 22#3 Mos 21,7.13f Dei må ikkje gifta seg med ei enkje eller ei skild kvinne, men berre med møyar av Israels hus. Men dei kan ta enkja etter ein prest.
23 # 3 Mos 10,10 Dei skal læra folket mitt skilnaden mellom heilagt og ikkje heilagt og forklara dei skilnaden mellom ureint og reint. 24I rettssaker skal dei stå fram som dommarar; dei skal dømma folket etter mine bod. På alle mine høgtider skal dei følgja mine lover og forskrifter, og dei skal halda mine sabbatsdagar heilage.
25 # 3 Mos 21,1ff Ein prest må ikkje gå inn til døde så han blir urein. Berre når det gjeld far eller mor, son eller dotter, bror eller ugift syster, kan dei gjera seg ureine. 26Etter at presten har vorte rein att, skal dei telja sju dagar. 27Og den dagen han atter går inn i heilagdomen, i den indre føregarden, for å gjera teneste i heilagdomen, då skal han bera fram syndoffer for seg, seier Herren Gud.
28 # 4 Mos 18,20–24; 5 Mos 10,9; 18,2 Dette er den arven dei skal ha: Eg er deira arv. De skal ikkje gje dei jordeigedom i Israel. Eg er deira eigedom. 29#3 Mos 27,21.28; 4 Mos 18,14#44,29 lagt under bann =bann. Av grødeofferet, syndofferet og skuldofferet skal dei eta, og alt som er lagt under bann i Israel, skal høyra dei til. 30#4 Mos 15,20f; 18,13 Det beste av all førstegrøde og alle offergåver de gjev, skal prestane ha. Det første av brøddeigen skal de gje presten. Då skal det kvila velsigning over huset ditt. 31#2 Mos 22,31; 3 Mos 22,8 Men kjøt frå sjølvdaude eller ihelrivne fuglar eller dyr må ikkje prestane eta.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk