Esekiel 42
N11NN
42
Presteromma og tempelplassen
1Så førte han meg nordover til den ytre føregarden, til romma ut mot den inngjerda plassen på nordsida av bygningen, 2til framsida. Lengda på romma på nordsida var i alt hundre alner og breidda femti. 3#40,17; 41,10 Ut mot den tjue alner breie delen av den indre føregarden og steingolvet i den ytre føregarden var det tre avsatsar. 4Framfor romma gjekk det ein gangveg innover, ti alner brei og hundre alner lang. Romma hadde inngang mot nord. 5Dei øvste romma var smale, for avsatsane tok meir plass frå dei enn frå romma i midten og nedst i bygningen. 6For det var tre høgder, men dei hadde ikkje søyler som i føregardane. Difor var dei øvste romma mindre enn dei mellomste og dei nedste.
7I forlenginga av romma som vende ut mot den ytre føregarden, gjekk det ein mur, femti alner lang, 8slik at lengda på dei romma som låg mot den ytre føregarden, var femti alner, medan dei som vende mot tempelet, var hundre alner. 9Under romma var det ein inngang frå aust for å koma inn frå den ytre føregarden, 10der muren mot føregarden tok til.
Også i sør, mot den inngjerda plassen og mot bygningen, låg det rom, 11og framfor dei ein veg. I lengd og breidd likna dei romma i nord. Dei hadde utgangar og inngangar som dei, var bygde på same måten 12og hadde same slags dører. Døra til romma mot sør låg ved byrjinga av vegen langs muren, der ein kom inn frå aust.
13 # 3 Mos 2,3.10; 6,18f Han sa til meg: «Romma i nord og i sør som ligg mot den avstengde plassen, det er dei heilage romma der prestane som stig fram for Herren, et dei høgheilage offergåvene. Der skal dei òg leggja dei høgheilage gåvene og grødeofferet, syndofferet og skuldofferet, for det er ein heilag stad. 14#44,19 Når prestane er komne dit, skal dei ikkje forlata den heilage staden og gå ut i den ytre føregarden før dei har lagt frå seg kleda dei har gjort teneste i, for dei er heilage. Dei skal ta på seg andre klede, og så kan dei gå dit folket er.»
15Då han var ferdig med å måla det indre tempelområdet, førte han meg ut gjennom den porten som vender mot aust, og målte det heile på alle kantar. 16Han målte austsida med målestaven sin. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg 17og målte nordsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg 18og målte sørsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. 19Så snudde han seg mot vestsida og målte den. Ho var fem hundre alner etter hans mål. 20#40,5 Alle fire sidene målte han. Rundt tempelområdet var det ein mur, fem hundre alner lang og fem hundre alner brei. Muren skulle skilja mellom heilagt og ikkje heilagt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk