Esekiel 40

40
Synet av det nye tempelet
1 # 40,1 I det tjuefemte året år 572 f.Kr. Jf. 20,1. I det tjuefemte året etter at vi hadde gått i eksil, ved nyttår, på den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter at byen var teken, på nettopp denne dagen kom Herrens hand over meg og førte meg dit. 2#1,1–3; 37,1; Op 21,10 I syn frå Gud tok han meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det mot sør ein bygning som likna ein by. 3#Sak 1,8; 2,2; Op 11,1; 21,15 Dit førte han meg.
Og sjå, ein mann, lik bronse å sjå til, stod i porten med linsnor og målestav i handa. 4#44,5 Mannen sa til meg: Menneske, sjå med auga og høyr med øyra og legg deg på hjartet alt det eg viser deg; for du er ført hit for å sjå. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels hus.
5 # 43,13+ # 40,5 alen Ei vanleg alen var seks handsbreidder, dvs. 56 cm. Her er det nytta ei stor alen, som er på sju handsbreidder. Målestaven var altså ca. 336 cm. Sjå! Utanfor tempelet gjekk det ein mur på alle kantar. I handa hadde mannen ein målestav, seks alner lang, kvar alen ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han målte murverket. Det var éin målestav tjukt og éin målestav høgt.
6Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp trappa og målte terskelen i porten: éin målestav brei. Den første terskelen var altså éin målestav brei. 7#40,7 porthallen Portrommet i muren gjekk over i ein hall som vende ut mot føregarden på tempelplassen. Kvart siderom var éin målestav langt og éin målestav breitt. Mellom romma var det fem alner. Terskelen til porthallen som vende mot tempelet, var éin målestav. 8Han målte porthallen som vende mot tempelet. Terskelen var altså éin målestav. 9Han målte porthallen til åtte alner og pilarane til to alner. Porthallen vende inn mot tempelet. 10Det var tre rom på kvar side av austporten, og alle hadde same mål. Også pilarane på begge sider hadde same mål.
11Han målte breidda på portopninga til ti alner og heile porten til tretten alner. 12Framfor romma på kvar side var det rekkverk, kvart på ei alen. Og sideromma var på seks gonger seks alner. 13Så målte han portrommet frå taket av det eine siderommet til taket av det andre. Avstanden var tjuefem alner. Døropningane vende mot kvarandre. 14#40,14 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Han rekna porthallen. Han var tjue alner. Omkring porthallen låg føregarden. 15#40,15 inst i porthallen Jf. v. 7. Frå den ytre porten til inst i porthallen var det femti alner. 16#1 Kong 6,4 Omkring i heile portrommet var det tronge vindauge mellom pilarane i sideromma. Inne i porthallen var det òg vindauge overalt. Pilarane hadde palmeornament.
17Så førte han meg til den ytre føregarden. Sjå, der var det laga rom og lagt steinheller i heile føregarden. På steingolvet var det tretti rom. 18Steingolvet ved portane nådde like langt ut til sidene som dei. Dette var det nedste steingolvet. 19Han målte avstanden frå den ytre porten til den indre føregarden. Det var hundre alner i aust og nord.
20Og porten til den ytre føregarden, som vender mot nord, målte han i lengda og breidda. 21Sideromma, tre på kvar side, og pilarane og porthallen hadde dei same måla som i den første porten. Lengda var femti alner, og breidda var tjuefem alner. 22Vindauga, porthallen og palmane der var like store som i porten mot aust. Sju trappesteg førte dit opp. Porthallen låg innanfor. 23Inn til den indre føregarden var det ein port rett imot nordporten, slik det var i aust òg. Frå port til port målte han hundre alner.
24Så førte mannen meg mot sør. Og sjå, der var det ein port som vende sørover. Han målte pilarane og porthallen der. Dei hadde same mål som dei andre. 25Det var vindauge i porten og porthallen overalt, og dei var som dei andre vindauga. Porten var femti alner lang og tjuefem alner brei. 26Sju trappesteg førte dit opp. Porthallen låg innanfor. Pilarane hadde palmeornament, eitt på kvar side. 27Til den indre føregarden var det ein port mot sør. Han målte avstanden frå port til port mot sør til hundre alner.
28Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i sør. Han målte sørporten, som hadde same mål som dei andre. 29Sideromma, pilarane og porthallen der hadde same mål som dei andre. Det var vindauge overalt i porten og porthallen. Porten var femti alner lang og tjuefem alner brei. 30Kvar porthall rundt om var tjuefem alner lang og fem alner brei. 31Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament. Åtte trappesteg gjekk dit opp.
32Han førte meg til den indre føregarden mot aust. Han målte porten, som hadde same mål som dei andre. 33Sideromma, pilarane og forhallen der hadde same mål som dei andre. Både porten og porthallen hadde vindauge overalt. Porthallen var femti alner lang og tjuefem alner brei. 34Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament på kvar side. Åtte trappesteg gjekk dit opp.
35Så førte han meg til porten i nord. Han målte porten, som hadde same mål som dei andre. 36Sideromma, pilarane og porthallen hadde dei same måla, og det var vindauge overalt. Lengda var femti alner og breidda tjuefem. 37Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament, eitt på kvar side. Åtte trappesteg gjekk dit opp.
38 # 3 Mos 1,9.13; 2 Krøn 4,6 Det var eit rom der med inngang frå porthallen. Der skylde dei brennofferet. 39I porthallen stod det to bord på kvar side til å slakta brennofferet, syndofferet og skuldofferet på. 40På den eine sida, utanfor trappa til portopninga mot nord, stod det to bord. På den andre sida av porthallen stod det òg to bord. 41Det var fire bord på kvar side i porten, i alt åtte bord. Der slakta dei. 42Dei fire borda til brennofferet var av tilhoggen stein. Dei var halvanna alen lange, halvanna alen breie og ei alen høge. På dei la dei reiskapen dei slakta brennoffer og slaktoffer med. 43Hyller som målte ei handsbreidd, var feste rundt omkring i bygningen. På borda la dei offerkjøtet.
44I den indre føregarden, utanfor den indre porten, låg det to rom. Det eine låg ved nordporten, vendt mot sør. Det andre låg ved austporten, vendt mot nord. 45Mannen sa til meg: «Dette rommet som vender mot sør, er for dei prestane som har tempelvakt. 46#43,19; 44,15#40,46 Sadok-sønene dei førande prestane i Jerusalem, som ætta frå overpresten Sadok på Davids og Salomos tid. Jf. 2 Sam 8,17; 15,24ff; 1 Kong 4,2. Og rommet som vender mot nord, er for dei prestane som har altarteneste. Det er Sadok-sønene, dei av Levi-ætlingane som stig fram for Herren og tener han.»
47 # 43,13ff Han målte føregarden; han var firkanta, hundre alner lang og hundre alner brei. Framfor tempelet stod altaret. 48#1 Kong 6,3; 2 Krøn 4,6#40,48 Portopninga … kvar side =Septuaginta har «Portopninga var fjorten alner brei, og veggene var fire alner på kvar side.» Så førte han meg til forhallen i tempelet og målte pilarane. Dei var fem alner på kvar side. Portopninga var tre alner på kvar side. 49Forhallen var tjue alner lang og tolv alner brei. Ti trappesteg førte dit opp. Det stod søyler ved pilarane, ei på kvar side.

Markert nå:

Esekiel 40: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring