Esekiel 4

4
Varsel om Jerusalems fall
1Du menneske, ta ein teglstein og legg han framfor deg! På den skal du rissa inn ein by – Jerusalem. 2#2 Kong 25,1 Du skal omringa byen, byggja skansar mot han og kasta opp ein voll omkring han. Lat hærar slå leir rundt byen og still opp rambukkar mot han på alle kantar! 3Ta deg ei jernplate og set henne som ein jernvegg mellom deg og byen, og vend andletet mot byen! Slik blir han omringa, og du går til åtak på han. Det skal vera eit teikn for Israels hus.
4Legg deg så på venstre sida og legg Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg slik, skal du bera skulda til israelittane. 5Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld. 6#4 Mos 14,34 Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda til Juda. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.
7Vend så andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du profetera mot byen! 8Sjå, eg bind deg fast med tau så du ikkje kan snu deg frå side til side før du er ferdig med dei dagane du skal omringa byen. 9#4,9 spelt ein kornsort. Jf. 2 Mos 9,32; Jes 28,5. Ta så kveite og bygg, bønner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trau og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette. 10#4,10 tjue sjekel 228 g. Maten du et, skal vega tjue sjekel om dagen. Dette får du å eta på eit døgn. 11#4,11 ein sjettedels hin 1 l. Vatnet òg skal du drikka etter mål, ein sjettedels hin får du å drikka på eit døgn. 12Byggkaker skal du eta. Dei skal du steikja på menneskemøkk, rett framfor auga på folk. 13Og Herren sa: Slik skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til.
14 # 3 Mos 17,15; Apg 10,14 # 4,14 ureint Offerkjøt eldre enn tre dagar vart rekna som ureint. Jf. 3 Mos 7,18; 19,7. Eg svara: «Nei, min Herre og Gud, eg har aldri gjort meg urein. Frå ungdomen av og til no har eg aldri ete av sjølvdaude eller ihelrivne dyr. Og ureint offerkjøt er aldri kome inn i min munn.» 15Då sa han til meg: «Sjå, i staden for menneskemøkk lèt eg deg bruka kumøkk til å steikja brødet ditt på.»
16 # Jes 3,1; Esek 5,16f; 14,13 # 4,16 brødstaven kanskje ei stong til å træ runde brødleivar inn på. Jf. 5,16; 14,13. >3 Mos 26,26. Så sa han til meg: «Menneske, sjå, no bryt eg sund brødstaven i Jerusalem. Med uro skal dei eta brød etter vekt, og med skrekk skal dei drikka vatn etter mål. 17Når dei slepp opp for brød og vatn, skal kvar og ein bli slegen av redsle og forgå på grunn av si skuld.»

Markert nå:

Esekiel 4: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring