Esekiel 36
N11NN
36
Profetord mot fjella i Israel
1Du menneske, tal profetord mot fjella i Israel og sei: Fjell i Israel, høyr Herrens ord! 2#25,3 Så seier Herren Gud: Fienden har ropa til dykk: «Ha-ha! Dei gamle haugane har vorte vår eigedom.» 3Difor skal du tala profetord og seia: Så seier Herren Gud: Dei har herja og jaga dykk frå alle kantar så de har vorte ein eigedom for andre folkeslag. De er på leppene til alle, folk kviskrar om dykk. 4Difor, fjell i Israel, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkefara og dalane, til røysane på dei aude tuftene og til dei folketomme byane, som har vorte plyndra og spotta av dei andre folkeslaga rundt omkring.
5Difor seier Herren Gud: Sanneleg, eg talar i min brennande sjalusi mot dei andre folkeslaga og mot heile Edom. Av hjartans lyst og med sjels forakt gjorde dei landet mitt til sin eigedom, til beiteland og bytte.
6Difor skal du tala profetord om Israels land og seia til fjella og haugane, til bekkefara og dalane: Så seier Herren Gud: Sjå, eg talar i sjalusi og harme fordi de må tola spott frå andre folk. 7#20,6 Difor seier Herren Gud: Eg lyfter handa og sver at grannefolka dykkar sjølve skal bera sin spott.
8Men de, fjell i Israel, skal få greiner og bera frukt for Israel, folket mitt. For dei kjem snart! 9Sjå, eg vender meg til dykk. De skal bli dyrka og tilsådde. 10Eg lèt dykk få mange menneske, heile Israels hus. I byane skal det bu folk, og ruinrøysane skal byggjast opp att. 11Eg lèt dykk få mange menneske og dyr. Dei skal bli mange og vera fruktbare. Eg lèt det bu folk hos dykk som i gamle dagar, og eg gjer vel imot dykk, meir enn før. De skal kjenna at eg er Herren. 12Atter lèt eg menneske ferdast på dykk, mitt folk Israel skal ta deg i eige. Du skal vera deira eigedom. Og du skal aldri meir gjera dei barnlause.
13Så seier Herren Gud: Dei seier at du er ein menneskeetar som tek borna frå ditt eige folk. 14Men du skal ikkje eta menneske meir og ikkje gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud. 15Eg lèt deg ikkje lenger høyra spottord frå folkeslaga, du skal ikkje lenger måtta tola at folk håner deg, og du skal ikkje lenger gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud.
Eit nytt hjarte og ei ny ånd
16 Herrens ord kom til meg: 17#Jes 64,5 Menneske, då israelittane budde i landet sitt, gjorde dei det ureint med si ferd og sine gjerningar. I mine auge var det som ureinskap ved menstruasjon. 18Så auste eg ut harmen min over dei fordi dei auste ut blod i landet og gjorde det ureint med avgudane sine. 19Eg spreidde dei mellom folkeslaga, dei vart strødde ut i landa. Eg dømde dei etter deira ferd og gjerningar. 20#Jes 52,5; Esek 20,9 Men kva folkeslag dei enn kom til, vanhelga dei mitt heilage namn. For det vart sagt om dei: «Dette er Herrens folk, men dei måtte fara ut av landet hans.» 21Eg vernar mitt heilage namn, som Israels hus har vanhelga mellom folkeslaga dei kom til.
22Difor skal du seia til Israels hus: Så seier Herren Gud: Eg grip ikkje inn for dykkar skuld, Israels hus, men for mitt heilage namn skuld, som de har vanhelga mellom dei folka de kom til. 23#28,25 Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanhelga mellom folkeslaga, det som de vanhelga mellom dei. Folkeslaga skal kjenna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg gjennom dykk viser meg heilag for auga på dei.
24 # 37,12.21 Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land. 25#Sak 13,1 Eg stenkar reint vatn på dykk, så de blir reine. Eg vil reinsa dykk for all ureinskapen og for alle avgudane. 26#Jer 32,39; Esek 11,19+ Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden. 27Og min Ande gjev eg inni dykk og gjer at de følgjer forskriftene mine, held lovene mine og lever etter dei.
28 # 11,20 Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud. 29#3 Mos 25,19; Hos 2,21ff Eg friar dykk ut frå all ureinskap. Så kallar eg fram kornet og gjer grøda stor; eg gjev dykk ikkje svolt. 30#34,27 Eg lèt trea gje mykje frukt og marka stor avling, så de ikkje meir møter forakt mellom folkeslaga fordi de svelt.
31 # 16,61.63; 20,43 Då skal de tenkja på dykkar vonde vegar, på alt de gjorde som ikkje var godt. De skal forakta dykk sjølve for syndene og det avskyelege de gjorde. 32Det er ikkje for dykkar skuld eg grip inn, det skal de vita, seier Herren Gud. De skal kjenna spott og skam på grunn av dykkar ferd, Israels hus.
33Så seier Herren Gud: Den dagen eg reinsar dykk for alle syndene dykkar, lèt eg dykk bu i byane, og ruinrøysane skal byggjast opp att. 34Jorda som ligg aud, skal dyrkast og ikkje sjå ut som ei øydemark for alle som kjem forbi. 35#1 Mos 2,8ff; Jes 51,3; Esek 28,13 Då skal dei seia: Denne jorda som låg aud, har vorte som Edens hage. Og byane som låg i ruinar, i øyde og i grus, ligg der no som faste borger. 36#Sal 126,2 Dei folka som enno er att rundt omkring dykk, skal kjenna at eg, Herren, har bygd opp det som låg i grus, og planta der jorda låg aud. Eg, Herren, har tala og vil setja det i verk.
37Så seier Herren Gud: Også denne bøna frå Israels hus vil eg oppfylla for dei: Eg gjer dei talrike som ein saueflokk. 38Som flokken av heilage sauer, som sauene i Jerusalem på høgtidsdagane, slik skal ein flokk av menneske fylla dei byane som låg i røys. Og dei skal kjenna at eg er Herren.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk