Esekiel 35
N11NN
35
Edom skal bli ei øydemark
1 Herrens ord kom til meg: 2#Klag 4,21f; Esek 25,12ff; Ob 1ff Menneske, vend deg mot Se'ir-fjellet og tal profetord mot det! 3Du skal seia til det:
Så seier Herren Gud:
Sjå, eg kjem mot deg, Se'ir-fjell,
eg lyfter handa mot deg
og gjer deg audt og øyde.
4Byane dine legg eg i røys,
og sjølv skal du bli til øydemark.
Då skal du kjenna at eg er Herren.
5Fordi du bar på gammal fiendskap,
overlét du israelittane til sverdet
då ulukka ramma dei,
då dei fekk si endelege straff.
6 # 1 Mos 9,6; Op 16,6 Difor, så sant eg lever,
seier Herren Gud,
eg lèt deg blø,
og blod skal forfølgja deg.
Fordi du ikkje hata blod,
skal blod forfølgja deg.
7Eg gjer Se'ir-fjellet audt og øyde,
eg ryddar ut dei som ferdast der.
8Eg fyller Edoms fjell med drepne.
På alle haugar, i dalar og bekkefar
fell dei som blir drepne med sverd.
9Eg gjer deg til evig øydemark,
byane dine skal liggja folketomme.
De skal kjenna at eg er Herren.
10 # 35,10 Dei to … landa Israel og Juda, som Edom prøvde å ta etter at Jerusalem fall. Du sa: «Dei to folka og dei to landa skal bli mine, vi tek dei sjølv om Herren er der.» 11Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg skal gjera med deg slik du sjølv gjorde i din vreide og di misunning fordi du hata dei. Eg skal gje meg til kjenne mellom dei når eg dømmer deg. 12#Jes 37,28f Du skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Øydemark! Vi har fått dei til føde.» 13De har vore store i munnen og nytta mange ord mot meg. Eg har høyrt det.
14Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei øydemark. 15Fordi du gledde deg då Israels eigedom vart lagd i øyde, gjer eg det same mot deg. Se'ir-fjellet og heile Edom skal bli ei øydemark. Dei skal kjenna at eg er Herren.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk