Esekiel 33
N11NN
33
Profeten som Israels vaktmann
1 Herrens ord kom til meg: 2Menneske, tal til folket ditt og sei: Når eg lèt sverd koma over eit land, vil folket der ta ein av sine eigne og setja han til vaktmann. 3Når han ser sverdet koma mot landet, blæs han i hornet og åtvarar folket. 4Om nokon som høyrer hornsignalet, ikkje lèt seg åtvara, så sverdet kjem og tek han, skal blodet hans koma over hans eige hovud. 5Han høyrde hornsignalet, men lét seg ikkje åtvara. Difor skal blodet hans koma over han sjølv. Om han hadde late seg åtvara, hadde han berga livet.
6Det kan henda at vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i hornet, så folket ikkje blir åtvara. Når sverdet kjem og tek livet av ein av dei, skjer det på grunn av skulda hans. Men blodet hans vil eg krevja av vaktmannens hand.
7 # 3,17 Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels hus. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. 8Når eg seier til ein urettferdig: «Du urettferdige, du skal døy» og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy på grunn av si skuld. Men blodet hans vil eg krevja av di hand. 9Om du åtvarar den urettferdige for at han skal venda om frå sin veg, og han likevel ikkje vender om, då skal han døy på grunn av si skuld. Men du har berga livet.
Den som gjer rett, skal leva
10Du menneske, sei til Israels hus: De seier: «Når våre brot og synder ligg så tungt på oss at vi rotnar, korleis kan vi då leva?» 11#Jes 55,7; Esek 18,23.30–32; Joel 2,12f Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg vil ikkje at den urettferdige skal døy, men at han skal venda om frå sin veg og leva. Vend om, vend om frå dykkar vonde veg! Kvifor vil de døy, Israels hus?
12 # 3,20; 18,24ff Du menneske, sei til folket ditt: Rettferda til den rettferdige skal ikkje berga han den dagen han syndar. Og uretten til den urettferdige skal ikkje fella han den dagen han vender om frå si synd. Den rettferdige kan ikkje leva ved si rettferd den dagen han syndar. 13Når eg seier om den rettferdige: «Han skal leva», men han lit på si rettferd og gjer det vonde, då skal alle hans rettferdige gjerningar vera gløymde. Fordi han gjorde det vonde, skal han døy. 14Når eg seier om den urettferdige: «Han skal døy», men han så vender om frå si synd og gjer det som er rett og rettferdig, 15#3 Mos 5,23; Esek 18,28; Luk 19,8 då skal han leva og ikkje døy. Kanskje gjev den urettferdige att det pantet han har teke, gjev vederlag for det han har røva, og følgjer dei forskriftene som gjeld for livet, så han ikkje gjer noko vondt. 16Ikkje ei av dei syndene han gjorde, skal hugsast meir. Han har gjort det som er rett og rettferdig, han skal leva.
17 # 18,25ff No vil vel folket ditt seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Men det er dykkar eigen veg som ikkje er rett. 18Når den rettferdige vender seg frå si rettferd og gjer det vonde, skal han døy på grunn av det. 19Og når den urettferdige vender seg frå sin urett og gjer det som er rett og rettferdig, skal han leva på grunn av det. 20De seier at Herren ikkje går fram på rett vis. Eg vil dømma kvar av dykk etter hans eigne vegar, Israels hus.
Dei skal kjenna at eg er Herren
21 # 24,26 # 33,21 i det tolvte året >32,1. Byen er teken Babylonarane tok Jerusalem ca. år 587 f.Kr. Det var i det tolvte året etter at vi vart bortførte, på den femte dagen i den tiande månaden. Då kom det ein flyktning frå Jerusalem til meg og sa: «Byen er teken.» 22#24,27Herrens hand var over meg kvelden før flyktningen kom. Han opna munnen min før han kom til meg om morgonen. Munnen vart opna, eg var ikkje mållaus lenger.
23 Herrens ord kom til meg: 24#Jes 51,2; Esek 11,15; Mal 2,15 Menneske, dei som bur mellom desse ruinane i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre éin, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.»
25 # 3 Mos 17,10–14; 19,26 Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: De et kjøt med blodet i, de lyfter auga til avgudane dykkar, de auser ut blod, og så skulle de få eiga landet? 26#22,11+ De set dykkar lit til sverdet, de gjer avskyelege ting, de krenkjer kvinnene til kvarandre, og så skulle de få eiga landet?
27 # 6,12; 7,15 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Så sant eg lever, dei som er mellom ruinane, skal falla for sverd. Den som er ute på marka, gjev eg til føde for villdyra, og dei som held til i grotter og hòler, skal døy i pest. 28Eg gjer landet audt og øyde, og det blir slutt på den stolte makta. Fjella i Israel skal liggja aude, ingen skal ferdast der. 29Dei skal kjenna at eg er Herren når eg gjer landet audt og øyde på grunn av alt det avskyelege dei har gjort.
30Du menneske! Dei av folket ditt som talar saman om deg ved murane og i døropningane, seier seg imellom, den eine til den andre: «Kom og høyr kva for eit ord som går ut frå Herren31#Jes 42,20; 53,1; Matt 7,26; Jak 1,22 Så kjem folket til deg i flokk og følgje og set seg framfor deg. Dei høyrer orda dine, men dei lever ikkje etter dei. For dei lever etter løgna i sin eigen munn, og hjartet deira trår etter urett vinning. 32Sjå, du er for dei lik ein mann som syng kjærleiksviser med fager røyst til fin musikk. Dei høyrer orda dine, men lever ikkje etter dei. 33#2,5 Men når det kjem – sjå, det kjem – då skal dei kjenna at ein profet har vore midt imellom dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk