Esekiel 31
N11NN
31
Den falne sederen
1Det var i det ellevte året, på den første dagen i den tredje månaden. Herrens ord kom til meg: 2Menneske, sei til farao, kongen i Egypt, og til den ståkande flokken hans:
Kven liknar du i din stordom?
3Sjå på Assur,
ein seder på Libanon med vakre greiner,
ein skuggefull skog, høg av vokster.
Krona rakk opp mellom skyene.
4Vatnet gjorde sederen stor,
han fekk sin vokster frå djupet,
derifrå gjekk straumane
rundt staden der han var planta,
derifrå rann bekkene
til alle tre på marka.
5Difor vart han høgare
enn alle trea på marka.
Han fekk mange greiner,
kvistene vart lange
av vatnet som strøymde så rikt.
6 # Dan 4,12 Alle slag fuglar under himmelen
bygde reir i greinene,
alle dyr på marka
fødde sine ungar under lauvverket,
og i skuggen av sederen
budde mange folkeslag.
7Han var vakker og stor
med sine lange greiner,
for røtene fekk rikeleg med vatn.
8 # 31,8 Guds hage >28,13. Ingen seder i Guds hage
kunne måla seg med han,
ingen sypress hadde slike greiner,
ingen platan så rikt lauvverk.
Ikkje noko tre i Guds hage
var så fagert som han.
9Så fager hadde eg gjort han,
med ein rikdom av greiner,
at alle Eden-tre i Guds hage
var misunnelege på han.
10 # 1 Mos 11,4; Jes 2,12ff; Esek 31,18; Dan 4,11ff Difor seier Herren Gud:
Han vart høg av vokster,
strekte krona si opp mellom skyene
og vart hovmodig
fordi han var høg.
11Difor gav eg han over
til hovdingen over folkeslaga,
så han kunne gripa inn mot han.
På grunn av uretten
dreiv eg han ut.
12Framande, brutale folkeslag
hogg han ned og lét han liggja.
På fjella og ned i dalane fall greinene.
Kvistene låg knekte
i alle bekkefar på jorda.
Alle folk på jorda
som budde i skuggen hans,
braut opp og lét sederen liggja.
13På den falne stammen
slo alle fuglar under himmelen seg ned,
til lauvverket kom alle dyr på marka.
14 # 26,20 Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn,
veksa for høgt
og strekkja krona opp mellom skyene.
Ingen som syg vatn,
skal nå så høgt som dit.
For alle er gjevne døden i vald
i landet der nede,
mellom menneske som har gått i grav.
15 # 32,7f Så seier Herren Gud:
Den dagen sederen fór ned til dødsriket,
lét eg djupet sørgja over han og dekkja seg til.
Eg heldt straumane tilbake,
og vassmengdene vart borte.
Eg kledde Libanon i sørgjedrakt,
alle tre på marka tørka bort.
16 # 32,18 # 31,16 Eden-trea bilete på andre kongar. Eg fekk folkeslag til å skjelva
av braket då han fall,
då eg førte han ned til dødsriket,
til dei som har gått i grav.
Dei fann trøyst i landet der nede,
alle Eden-trea,
dei utvalde, dei beste på Libanon,
alle som syg til seg vatn.
17Dei òg var farne ned til dødsriket saman med han,
ned til dei som var falne for sverd.
Og dei som hadde budd i skuggen hans,
vart sådde ut mellom folkeslaga.
18Kven liknar du då mellom Eden-trea
i ære og stordom?
Du skal støytast ned
saman med Eden-trea
til landet der nede.
Der skal du liggja mellom uomskorne,
mellom dei som er drepne med sverd,
det er farao og heile den støyande flokken hans,
seier Herren Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk