Esekiel 30
N11NN
30
Herrens dag er nær for Egypt
1 Herrens ord kom til meg: 2Menneske, tal profetord og sei:
Så seier Herren Gud:
Klag og skrik: For ein dag!
3 # Joel 2,1ff; Sef 1,14ff Dagen er nær,
Herrens dag er nær,
ein skytung dag.
Tida er inne
for folkeslaga.
4 # 29,2 Sverdet kjem over Egypt.
Rier av redsle grip Kusj
når egyptarar blir drepne,
når rikdomane blir tekne frå dei
og grunnmurane jamna med jorda.
5 # 30,5 Kusj >29,10. Put, Lud >Jes 66,19. Kusj og Put,
Lud og alle ørkenfolka,
Kub og menn frå land dei står i pakt med,
skal falla for sverd saman med dei.
6 # 30,6 frå Migdol til Syene >29,10. Så seier Herren:
Dei som støttar Egypt, skal falla.
Den stolte makta deira skal gå under.
Frå Migdol til Syene skal dei falla for sverd,
seier Herren Gud.
7Dei skal leggjast aude mellom øydde land,
byane skal liggja mellom ruinbyar.
8Dei skal kjenna at eg er Herren
når eg set eld på Egypt
og alle som hjelper det, blir knuste.
9 # Jes 18,1+; 20,3ff; Esek 29,10 Den dagen skal sendebod frå meg
dra ut med skip
for å skremma det trygge Kusj.
Rier av redsle grip dei
når dagen kjem for Egypt.
For sjå, han kjem!
10Så seier Herren Gud:
Eg gjer ende på rikdomane i Egypt
med handa til Nebukadnesar, kongen i Babel.
11 # Jer 44,13 Han og folket hans med han,
brutale folkeslag,
skal førast dit for å herja landet.
Dei skal dra sverd mot Egypt
og fylla landet med falne.
12Eg lèt elvane tørka ut
og gjev landet i hendene på vonde.
Med handa til framande
øydelegg eg landet og alt som fyller det.
Eg, Herren, har tala.
13 # 30,13 Nof >Jes 19,13. Så seier Herren Gud:
Eg lèt avgudane gå til grunne
og gjer ende på fillegudane i Nof.
Det skal ikkje lenger finnast nokon fyrste frå Egypt.
Eg spreier redsle i landet.
14 # 30,14 Soan >4 Mos 13,22. No >Jer 46,25. Eg legg Patros audt,
set eld på Soan
og held dom over No.
15 # Jer 46,25 # 30,15 Sin truleg Pelusium, aust for Nil-deltaet. Eg auser ut min harme over Sin,
festningsbyen i Egypt,
og øydelegg rikdomane i No.
16Eg set eld på Egypt,
Sin skal vri seg i smerte,
No skal stormast
og Nof takast midt på lyse dagen.
17 # 30,17 On >1 Mos 41,45. Pi-Beset by i Nil-deltaet. Dei unge mennene i On og Pi-Beset
skal falla for sverd,
og kvinnene må fara i fangenskap.
18 # 30,18 Tahpanhes >Jer 2,16. I Tahpanhes blir dagen mørk
når eg bryt herskarstavane i Egypt
så den stolte makta tek slutt.
Skyer skal dekkja byen,
døtrene hennar må fara i fangenskap.
19Eg held dom over Egypt.
Dei skal kjenna at eg er Herren.
Faraos makt er broten
20 # 30,20 i det ellevte året år 586 f.Kr. Jf. 20,1. Det var i det ellevte året, på den sjuande dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg:
21Menneske, eg har brote armen
på farao, kongen i Egypt.
Sjå, ingen har forbunde han
så han kan bli frisk att.
Ingen har lagt han i fatle
så han blir sterk nok til å gripa sverdet.
22Difor seier Herren Gud:
Sjå, eg kjem mot farao, kongen i Egypt.
Eg bryt begge armane hans,
både den sterke og den brotne.
Eg slår sverdet ut av handa hans.
23Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga
og strør dei ut i landa.
24 # Jer 25,9+ Eg styrkjer armane til kongen i Babel
og gjev han mitt sverd i handa,
men armane til farao bryt eg.
Med banesår skal han sukka
og stønna framfor han.
25Eg styrkjer armane til kongen i Babel,
men armane til farao skal siga.
Dei skal kjenna at eg er Herren
når eg legg sverdet mitt i handa på Babel-kongen
og han retter det mot Egypt.
26Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga
og strør dei ut i landa.
Dei skal kjenna at eg er Herren.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk