Esekiel 29
N11NN
29
Domsord mot Egypt
1 # 29,1 i det tiande året år 587 f.Kr. Jf. 20,1. Det var i det tiande året, på den tolvte dagen i den tiande månaden, at Herrens ord kom til meg: 2#Jes 19,1ff; Jer 46,2ff Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og heile Egypt. 3#Job 40,20–41,25; Jes 51,9; Esek 29,9; 32,2 Tal og sei:
Så seier Herren Gud:
Sjå, eg kjem over deg,
farao, konge over Egypt,
store uhyre
som ligg roleg i elvane,
du som seier: «Nilen er mi,
eg har laga ho sjølv.»
4 # Job 40,20ff Eg set krokar i kjakane på deg
og klistrar fisk frå elvane dine
fast til skjela dine.
Eg dreg deg opp or elvane,
og all fisk frå elvane
klistrar seg fast til skjela dine.
5 # 32,4; 39,4 Eg slengjer deg ut i ørkenen,
deg og all fisken frå elvane.
Du skal bli liggjande på marka,
og ingen kan samla eller sanka deg saman.
Eg gjev deg til føde for villdyra på jorda
og for fuglane under himmelen.
6 # 2 Kong 18,21; Jes 36,6 Då skal alle som bur i Egypt,
kjenna at eg er Herren,
for dei har vore ein røyrstav for Israels hus.
7Når dei grip deg i handa, blir du knekt,
men du flengjer armen på dei.
Når dei stør seg på deg, blir du knust,
men du gjer alle hofter kraftlause.
8Difor seier Herren Gud:
Sjå, eg lèt sverd koma over deg,
eg ryddar ut både menneske og dyr.
9Egypt skal bli øydemark og ørken,
dei skal kjenna at eg er Herren.
Farao sa: «Nilen er mi, eg har laga henne.»
10 # 29,10 frå Migdol til Syene frå lengst nord til lengst sør i Egypt. Kusj land sør for Egypt. Jf. 1 Mos 2,13; Jes 18,1. Difor kjem eg mot
både deg og elvane dine,
eg gjer Egypt til ruinrøys og øydemark,
frå Migdol til Syene,
til grensa mot Kusj.
11Der skal menneskefot ikkje trø
og dyrefot ikkje trakka.
Ingen skal bu der på førti år.
12Eg gjer Egypt til ei øydemark
mellom land som er lagde i øyde.
Byane skal liggja øydde
mellom ruinbyar i førti år.
Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga
og strør dei ut i landa.
13Men så seier Herren Gud:
Etter førti år
vil eg samla egyptarane
frå folka dei er spreidde imellom.
14 # 29,14 Patros >Jes 11,11. Då vender eg lagnaden for egyptarane.
Eg fører dei tilbake til Patros,
landet dei kom ifrå.
Der skal dei bli til eit lite kongerike.
15Det skal bli mindre enn andre rike
og aldri meir lyfta seg over folkeslaga.
Eg lèt dei bli så få
at dei ikkje kan herska over andre.
16 # 17,7.15 Hos dei skal israelittane aldri meir søkja tilflukt.
Dei skal vedkjennast si skuld
fordi dei vende seg til egyptarane.
Dei skal kjenna at eg er Herren Gud.
Babel-kongen får løn for strevet
17 # 29,17 i det tjuesjuande året år 571 f.Kr., den seinaste tidsnemninga for Esekiel-profetiane. Jf. 20,1. Det var i det tjuesjuande året, på den første dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg: 18Menneske! Nebukadnesar, kongen i Babel, har late hæren sin streva hardt mot Tyros. Kvart hovud er snaua, kvar skulder er flådd. Men verken han eller hæren har fått løn av Tyros for alt strevet.
19 # Jer 43,8–13 Difor seier Herren Gud: Sjå, no gjev eg Egypt til Nebukadnesar, kongen i Babel. Han skal føra bort rikdomane, plyndra og røva og ta bytte og rov. Det skal hæren hans ha i løn. 20Eg gjev han Egypt til løn for det strevet han har hatt for meg i landet, seier Herren Gud.
21 # 24,27 Den dagen lèt eg eit horn veksa fram i Israels hus. Og eg opnar din munn midt imellom dei. Dei skal kjenna at eg er Herren.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk