Esekiel 28
N11NN
28
Dom over fyrsten av Tyros
1 Herrens ord kom til meg: 2#Dan 5,20; 2 Tess 2,4 Menneske, sei til fyrsten av Tyros:
Så seier Herren Gud:
Fordi hjartet ditt er hovmodig,
har du sagt: «Eg er ein gud.
Eg sit på gudetrone
midt ute på havet.»
Men du er eit menneske og ikkje ein gud,
du har gjort hjartet ditt
likt eit gudehjarte.
3 # Dan 4,8f.18; 5,11f.14.16 Sjå, visare er du enn Daniel,
ingen løyndom er duld for deg.
4 # Jes 10,13f Med visdom og vit
har du skaffa deg makt,
du har skaffa sølv og gull
til skattkammera dine.
5Med stor visdom i handel
auka du di makt,
men hjartet vart hovmodig av makta.
6Difor seier Herren Gud:
Fordi du gjorde hjartet
likt eit gudehjarte,
7sender eg mot deg
framande, brutale folkeslag.
Dei dreg sverdet
mot din vene visdom
og vanærar di prakt.
8 # 26,20 Dei styrtar deg i avgrunnen,
drepen manns død skal du lida
midt ute på havet.
9Vil du verkeleg seia «Eg er gud»
andlet til andlet med din mordar?
Men du er menneske og ikkje gud
i hendene på dine drapsmenn.
10Uomskoren manns død skal du lida
i hendene på framande.
For eg har tala,
seier Herren Gud.
Likklage over kongen av Tyros
11 Herrens ord kom til meg: 12#27,2f Menneske, stem i ei likklage over kongen av Tyros og sei til han:
Så seier Herren Gud:
Du var eit bilete på det fullenda,
fylt av visdom,
fullkomen i venleik.
13 # 2 Mos 28,17ff; Esek 31,8f.16.18; Op 21,18–20 # 28,13 fløyter Tydinga av det hebr. ordet er usikker. I Eden, Guds hage, heldt du til.
Du var dekt av alle slag dyre steinar:
rubin, topas og diamant,
krysolitt, onyks og jade,
safir, turkis og smaragd.
Forgylte kunstverk
var dine trommer og fløyter,
gjorde i stand for deg
den dagen du vart skapt.
14Du var ein salva kjerub, eit vern.
Eg innsette deg,
på Guds heilage fjell heldt du til,
mellom glødande steinar vandra du.
15Du var heil i di ferd
frå den dagen du vart skapt,
til det vart funne urett hos deg.
16Din store handel
fylte deg med vald,
og du tok til å synda.
Då dreiv eg deg bort frå gudefjellet
og gjorde ende på deg,
du vaktar og kjerub
mellom glødande steinar.
17 # 27,3 Ditt hjarte vart hovmodig
av din venleik,
og du øydela din visdom
og di prakt.
Då kasta eg deg til jorda,
eg sette deg framfor kongar
så dei kunne sjå på deg.
18Med stor skuld
og med urett i handel
vanhelga du dine heilagdomar.
Eg sende eld,
og han gjorde ende på deg.
Eg gjorde deg til oske på jorda
rett framfor auga
på alle som såg deg.
19 # 27,36 Alle som kjende deg
mellom folka, gyser.
Eit skremsel har du vorte,
du er borte for alltid.
Profetord til Sidon
20 Herrens ord kom til meg: 21Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot henne. 22Sei:
Så seier Herren Gud:
Sjå, eg kjem over deg, Sidon,
og viser min herlegdom midt i deg.
Dei skal kjenna
at eg er Herren
når eg held dom over byen
og viser meg heilag der.
23Eg sender pest,
blod skal renna i gatene.
Der skal dei drepast,
falla for sverd
rette mot byen frå alle kantar.
Då skal dei kjenna
at eg er Herren.
24Til Israels hus
skal det aldri meir koma
tornar som riv
og tistlar som stikk,
frå alle grannefolk som foraktar dei.
Dei skal kjenna
at eg er Herren Gud.
25Så seier Herren Gud:
Når eg samlar Israels hus
frå alle folka dei er spreidde imellom,
då vil eg gjennom dei visa meg heilag
for auga på folkeslaga.
Dei skal få bu i landet sitt,
det som eg gav Jakob, tenaren min.
26 # 37,25; Am 9,14 Der skal dei bu trygt,
byggja hus og planta vinmarker.
Dei skal bu trygt når eg held dom
over alle grannefolk som foraktar dei.
Då skal dei kjenna
at eg er Herren deira Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk