Esekiel 24
N11NN
24
Ve den blodige byen
1 # 2 Kong 25,1; Jer 52,4 # 24,1 i det niande året år 588 f.Kr. Jf. 20,1. Herrens ord kom til meg i det niande året, på den tiande dagen i den tiande månaden: 2Menneske, skriv opp namnet på denne dagen, nettopp denne dagen! For kongen av Babel har rykt fram mot Jerusalem på nettopp denne dagen. 3#11,3–12 Fortel ei likning til dette trassige folket. Sei til dei:
Så seier Herren Gud:
Set gryta over!
Set henne over og slå vatn oppi!
4 # 11,3; 24,6.9 Legg kjøtstykke oppi,
berre gode stykke av lår og bog,
fyll gryta med dei beste knokane!
5Ta det beste av småfeet!
Legg ved under gryta.
Lat henne koka opp,
og lat knokane stå og koka.
6 # 22,2 Difor, så seier Herren Gud:
Ve den blodige byen,
gryta som har skjoldar,
og som skjoldane ikkje går av.
Tøm henne, stykke for stykke.
Det er ikkje kasta lodd om henne.
7For det flaut blod der i byen.
Dei lét det renna på nakne berget
og slo det ikkje ut på bakken
så molda kunne dekkja det.
8For å gje harmen fritt løp,
for å få hemn,
lét eg blodet renna på nakne berget
så det ikkje skulle dekkjast til.
9Difor, så seier Herren Gud:
Ve den blodige byen!
Eg òg gjer bålet stort.
10Legg på mykje ved,
kveik opp eld!
Kok kjøtet tørt,
kok krafta inn,
lat knokane bli brende.
11Lat gryta stå tom på glørne,
lat henne bli så varm
at koparen gløder.
Så skal ureinskapen smeltast ut or henne
og skjoldane bli borte.
12Skjoldar gjev strev.
Men skjoldane går ikkje av,
i elden med dei!
13Du er urein og skamlaus.
Eg reinsa deg,
og endå vart du ikkje rein.
No vil eg ikkje reinsa deg meir
før eg har brukt opp min harme på deg.
14Eg, Herren, har tala.
Det kjem, eg set det i verk,
eg lèt ikkje vera.
Eg viser ikkje medkjensle
og angrar ikkje.
Etter di ferd og dine gjerningar
skal dei dømma deg,
seier Herren Gud.
Profetens sorg
15 Herrens ord kom til meg: 16Menneske, sjå, med eitt slag tek eg frå deg det som gjev auga glede. Men sørg ikkje, gråt ikkje og fell ikkje tårer. 17#3 Mos 10,6; 13,45; 2 Sam 15,30; Jer 16,7; Mi 3,7#24,17 Løyn ikkje skjegget teikn på sorg. brødet folk kjem med kanskje mat som naboar og familie kom med til sørgjande. Du skal sukka stilt, men du skal ikkje halda sørgjehøgtid over dei døde. Bind turbanen på deg og ta sandalar på føtene! Løyn ikkje skjegget, og et ikkje brødet folk kjem med!
18Eg tala til folket om morgonen, om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var pålagd. 19Då sa folket til meg: «Vil du ikkje fortelja oss kva dette har med oss å gjera? Kvifor gjer du det?»
20Eg svara: Herrens ord kom til meg: 21Sei til Israels hus: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, dykkar stolte vern, det som gjev auga glede og som sjela lengtar etter. Sønene og døtrene som de lét vera att, skal falla for sverd. 22Då skal de gjera som eg har gjort: Løyn ikkje skjegget, et ikkje brødet folk kjem med! 23#3 Mos 26,39 Bind turbanen om hovudet, ta sandalar på føtene! Sørg ikkje, gråt ikkje! De skal visna bort i syndene dykkar og stønna til kvarandre. 24#12,6.11 Esekiel skal vera eit varsel for dykk. Alt han har gjort, skal de òg gjera. Når dette hender, skal de kjenna at eg er Herren Gud.
25Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det som gjev auga glede og som sjela ber på, sønene og døtrene deira, 26#33,21ff den dagen skal den som slepp unna, koma til deg og la deg få høyra om det. 27#3,26; 33,22 Den dagen skal munnen din opnast framfor den som slapp unna. Du skal tala og ikkje lenger vera mållaus. Du skal vera eit varsel for dei, og dei skal kjenna at eg er Herren.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk