Esekiel 22
N11NN
22
Dom over blodbyen
1 Herrens ord kom til meg: 2#16,2; 20,4#22,2 blodbyen Jerusalem. Du menneske, vil du dømma? Vil du dømma blodbyen og la han få vita om alt det avskyelege der? 3Du skal seia: Så seier Herren Gud: Byen som lèt blodet renna i gatene, hans tid kjem. Han har laga seg avgudsbilete og er vorten urein. 4#Jes 13,22; Esek 23,32 Med blodet du lèt flyta, fører du skuld over deg, og med avgudsbileta du lagar, gjer du deg urein. Du nærmar deg dine dagars ende, du kjem til slutten av dine år. Difor gjer eg deg til spott for folkeslaga, til hån for alle land. 5Både nær ved og langt borte skal folk håna deg, du som har skitna til namnet ditt og er i full forvirring.
6Sjå, Israels fyrstar, kvar med si makt, er hos deg for å ausa ut blod. 7#2 Mos 20,12; 22,21f Hos deg foraktar dei far og mor, undertrykkjer innflyttarar og er harde mot farlause og enkjer. 8#2 Mos 20,8ff Heilagdomane mine vanvørder du, og sabbatane mine vanhelgar du. 9#3 Mos 19,16 Hos deg baktalar dei og auser ut blod. Dei et offerkjøt på haugane og oppfører seg lausaktig. 10#3 Mos 18,7.19; Esek 18,6 Dei avdekkjer den nakne kroppen til far sin og krenkjer kvinner som er ureine med menstruasjon. 11#3 Mos 18,15; Jer 5,8; Esek 33,26 Ein mann gjer avskyelege ting med kona til nesten sin, ein annan driv hor med svigerdottera, og ein tredje krenkjer syster si, dotter til hans eigen far. 12#2 Mos 22,15; 23,8 Hos deg tek dei pengar for å ausa ut blod. Du tek renter og avgift. Du utnyttar nesten din med utpressing. Men meg har du gløymt, seier Herren Gud.
13Sjå, eg slår hendene saman fordi du har skaffa deg urett vinning og aust ut blod. 14Held hjartet ditt enno stand, er hendene dine enno sterke den dagen eg grip inn mot deg? Eg, Herren, har tala, og eg set det i verk. 15Eg spreier deg mellom folkeslaga og strør deg ut i landa. Og eg friar deg heilt for ureinskap. 16Du blir vanæra rett framfor auga på folkeslaga. Og då skal du kjenna at eg er Herren.
Israel i smelteomnen
17 Herrens ord kom til meg: 18#Jes 1,25; Jer 6,28ff Menneske, for meg har Israels hus vorte til slagg. Alle er dei som kopar, tinn, jern og bly i ein smelteomn. Som ureinsa sølv er dei. 19Difor seier Herren Gud: Sjå, fordi de alle har vorte slagg, samlar eg dykk i Jerusalem. 20#Mal 3,2f Slik ein samlar sølv, kopar, jern, bly og tinn i ein smelteomn og så pustar på elden for å smelta det, slik skal eg i min vreide og harme samla dykk, leggja dykk i omnen og smelta dykk. 21Når eg samlar dykk og pustar på dykk med min vreides eld, skal de smelta i den. 22Som sølvet smeltar i omnen, slik skal de òg smeltast i han. Då skal de kjenna at eg er Herren, og eg auser ut min harme over dykk.
Alle i landet gjorde urett
23 Herrens ord kom til meg: 24Menneske, sei til henne: Du er eit land som ikkje er reinsa. Du får ikkje regn på vreidedagen.
25 # Mi 3,11; Sef 3,3 Fyrstane dine liknar brølande løver som riv sund bytte. Dei et menneske, tek rikdom og dyre skattar og gjer mange til enkjer der. 26Prestane gjer vald på mi lov og vanhelgar mine heilagdomar. Dei skil ikkje mellom innvigd og uinnvigd. Dei lærer ikkje folk å skilja mellom ureint og reint. Dei lèt att auga for sabbatane mine. Slik blir eg vanæra mellom dei. 27Leiarane i landet liknar ulvar som riv sund byttet sitt. Dei auser ut blod og lèt liv gå tapt for å skaffa seg urett vinning. 28#Jer 23,32; Esek 13,6.10 Profetane stryk kalk på veggene for dei. Dei har tomme syn og spår løgn når dei seier: «Så seier Herren Gud», endå Herren ikkje har sagt noko. 29Folket i landet bruker vald og driv med ran og rov. Dei er harde mot hjelpelause og fattige og undertrykkjer innflyttarane utan rett.
30 # Sal 106,23; Esek 13,5 Eg har leita mellom dei etter ein mann som kan byggja opp muren og stilla seg i mur-rivnene for landet så det ikkje blir øydelagt. Men eg fann ingen. 31Så auser eg ut mitt sinne over dei, eg gjer ende på dei med elden frå min vreide. Eg lèt gjerningane deira koma over deira eigne hovud, seier Herren Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk