Esekiel 20
N11NN
20
Guds lovnader og Israels ulydnad
1 # 14,1 # 20,1 i det sjuande året etter at dei første judearane vart bortførte, altså år 590 f.Kr. Jf. 8,1. Det var i det sjuande året, på den tiande dagen i den femte månaden. Nokre av dei eldste i Israel kom for å søkja råd hos Herren, og dei sette seg framfor meg.
2Då kom Herrens ord til meg: 3Menneske, tal til Israels eldste og sei til dei: Så seier Herren Gud: Kjem de hit og søkjer råd hos meg? Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt ikkje dykk spørja meg om råd. 4#22,2; 23,36 Vil du dømma dei, menneske, vil du dømma? Så gjer kjent for dei alt det avskyelege hos fedrane deira. 5#2 Mos 6,8 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Den gongen eg valde ut Israel, lyfte eg handa til eid for Jakobs ætt. Eg gav meg til kjenne for dei i Egypt, eg lyfte mi hand og sa til dei: «Eg er Herren dykkar Gud.» 6#2 Mos 3,8.17; 33,3 Den dagen lyfte eg handa på at eg ville føra dei ut frå Egypt, til eit land som eg hadde sett ut til dei, eit land som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land. 7#Jos 24,14.23; 1 Sam 7,3 Eg sa til dei: «Kvar og ein må kasta bort alt det motbydelege som auga heng ved. Gjer dykk ikkje ureine med avgudane i Egypt! Eg er Herren dykkar Gud.»
8Men dei var trassige og nekta å høyra på meg. Ingen kasta bort det motbydelege som auga hang ved, og dei vende seg ikkje bort frå avgudane i Egypt. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme og bruka opp all min vreide på dei der i Egypt. 9Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga framfor auga på folkeslaga som dei levde imellom, dei eg hadde gjeve meg til kjenne for ved å føra dei ut frå Egypt.
10 # 2 Mos 12,40ff Så førte eg dei ut frå Egypt og ut i ørkenen. 11#2 Mos 20,1ff; 3 Mos 18,5; 5 Mos 5,1ff; Rom 10,5 Eg gav dei forskriftene mine og kunngjorde lovene mine for dei. Det mennesket som held dei, skal leva ved dei. 12#2 Mos 20,8; 31,13; 5 Mos 5,12 Sabbatane mine gav eg dei òg. Dei skulle vera teikn mellom meg og dei. Slik skulle dei vita at eg er Herren, som helgar dei.
13 # 2 Mos 16,27–29; 32,10; 4 Mos 16,21; Esek 23,38 Men Israels hus trassa meg i ørkenen. Dei følgde ikkje forskriftene mine og forakta lovene mine – endå det mennesket som held dei, skal leva ved dei. Og sabbatane vanhelga dei grovt. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme over dei i ørkenen og gjera ende på dei. 14#4 Mos 14,15f; 5 Mos 9,28 Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga framfor auga på folkeslaga som såg at eg førte israelittane ut. 15#4 Mos 14,21ff Då lyfte eg handa der i ørkenen og svor på at eg ikkje ville føra dei inn i landet eg hadde gjeve dei, det som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land. 16For dei forakta lovene mine og følgde ikkje forskriftene mine. Sabbatane mine vanhelga dei, for hjartet følgde avgudane deira. 17Men eg viste medkjensle og rydda dei ikkje ut. Eg gjorde ikkje ende på dei i ørkenen.
18Eg sa til sønene deira i ørkenen: «Følg ikkje forskriftene til fedrane dykkar, hald ikkje lovene deira og gjer dykk ikkje ureine med avgudane deira! 19#5 Mos 4,1f Eg er Herren dykkar Gud. Følg forskriftene mine, ta vare på lovene mine og lev etter dei! 20Hald sabbatane mine heilage! Dei skal vera eit teikn mellom meg og dykk, så de kan vita at eg er Herren dykkar Gud.» 21Men borna trassa meg. Dei følgde ikkje mine forskrifter. Dei tok ikkje vare på mine lover og levde ikkje etter dei, endå det mennesket som held dei, får leva ved dei. Sabbatane mine vanhelga dei. Då sa eg at eg ville ausa ut min harme over dei og bruka opp all mi harme på dei i ørkenen.
22Men eg heldt handa mi tilbake. Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle bli vanhelga mellom folkeslaga som såg at eg førte israelittane ut. 23#3 Mos 26,33; 5 Mos 28,64 Så lyfte eg handa der i ørkenen på at eg ville spreia dei mellom folkeslaga og strø dei ut i landa. 24For dei heldt ikkje lovene mine, forskriftene mine forakta dei, og sabbatane mine vanhelga dei. Auga deira hang ved avgudane til fedrane. 25#Am 5,25ff; Apg 7,42 Difor gav eg dei forskrifter som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved. 26#3 Mos 18,21+ Eg gjorde dei ureine ved offergåvene når dei bar fram det som kom først ut av morslivet. Det gjorde eg for å slå dei med skrekk, så dei skulle kjenna at eg er Herren.
27Difor, menneske, skal du tala til Israels hus og seia til dei: Så seier Herren Gud: Endå ein gong hånte fedrane meg, trulause som dei var. 28#Jes 57,5.7; Hos 4,13 Eg førte dei inn i det landet som eg med lyft hand hadde lova å gje dei. Men så snart dei fekk sjå ein høg haug eller eit lauvrikt tre, ofra dei sine slaktoffer der og bar fram sine offergåver som gjorde meg rasande. Dit kom dei med velluktande offer, og der auste dei ut sine drikkoffer. 29Då spurde eg dei: «Kva er det med den offerhaugen som de går til?» – Det heiter offerhaug den dag i dag.
30Difor skal du seia til Israels hus: Så seier Herren Gud: Vil de gjera dykk ureine på same måten som fedrane dykkar og springa etter dei motbydelege gudane deira med hor i blikket? 31#2 Kong 16,3; 17,17; Esek 14,3#20,31 lèt … gå gjennom elden >16,21. Når de kjem med gåver og lèt borna dykkar gå gjennom elden, blir de enno i dag ureine ved alle avgudane. Og så skulle de få spørja meg til råds, de israelittar! Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt ikkje dykk spørja meg til råds.
Herren skal dømma og reinsa Israel
32Det skal aldri henda, det som stig opp i hugen dykkar når de seier: «Vi vil vera som folkeslaga, som slektene i landa, og dyrka stokk og stein.» 33Nei! Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg skal herska over dykk med sterk hand og strak arm og ausa ut min harme. 34Eg skal føra dykk ut frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde, med sterk hand og strak arm, og ausa ut min harme. 35#20,35 ørkenen til folka den syrisk-arabiske ørkenen, som har ulike folkeslag rundt om seg. Så fører eg dykk ut i ørkenen til folka, og der skal eg fella dom over dykk, andlet til andlet. 36#4 Mos 14,21ff Slik som eg felte dom over fedrane dykkar i ørkenen ved Egypt, slik skal eg fella dom over dykk, seier Herren Gud. 37#3 Mos 27,32 Eg lèt dykk gå under herskarstaven og fører dykk inn i smeltedigelen. 38Eg skil ut frå dykk dei som er trassige og gjer opprør mot meg. Eg fører dei bort frå landet der dei held til som framande, men til Israels-landet skal dei ikkje få koma. Då skal de kjenna at eg er Herren.
39De israelittar, så seier Herren Gud: Kvar og ein kan berre gå og dyrka avgudane sine! Men sidan skal de verkeleg høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med offergåvene og avgudane dykkar. 40#Jes 56,7 For på mitt heilage fjell, på det høgaste fjellet i Israel, skal heile Israels hus tena meg, alle som er i landet, seier Herren Gud. Der skal eg visa dei godvilje, og der skal eg spørja etter offergåvene og førstegrøda som de ber fram, alle dei heilage gåvene dykkar. 41For den gode offerangen si skuld vil eg visa godvilje når eg fører dykk ut frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde. Gjennom dykk viser eg meg heilag framfor auga på folkeslaga. 42De skal kjenna at eg er Herren når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med lyft hand lova å gje fedrane dykkar. 43#16,61+ Der skal de minnast korleis de gjekk fram og alt de gjorde og vart ureine ved. De skal avsky dykk sjølve fordi de gjorde så mykje vondt. 44De skal kjenna at eg er Herren når eg handlar slik med dykk for mitt namn skuld, Israels hus, og ikkje gjev dykk att for dykkar vonde ferd og øydeleggjande gjerningar, seier Herren Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk