Esekiel 16
N11NN
16
Jerusalems truløyse og straff
1 Herrens ord kom til meg: 2#22,2 Menneske, tal til Jerusalem om alt det avskyelege hos henne. 3Du skal seia: Så seier Herren Gud til Jerusalem: Du stammar frå Kanaanearlandet, der vart du fødd. Far din var amoritt og mor di hetitt. 4Då du kom til verda, den dagen du vart fødd, skar dei ikkje over navlestrengen, dei vaska deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt, og dei sveipte deg ikkje. 5Ingen viste deg medkjensle, ikkje ein av desse tinga gjorde dei mot deg fordi dei tykte synd i deg. Dei slengde deg ut på marka fordi dei fekk motvilje mot deg den dagen du vart fødd. 6Då gjekk eg forbi og såg deg der du låg og sprella i blod. Og eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev.» Eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev!» 7Eg gjorde deg talrik som blomane på marka. Og du voks og vart stor, du vart strålande vakker. Brysta vart faste, og håret voks. Men du var naken og berr.
8 # 2 Mos 24,3ff; Rut 3,9; Jer 2,2 # 16,8 du vart mi Pakta mellom Herren og Israel blir i profetbøkene ofte skildra som eit ekteskap. Jf. Jes 54,5f; Hos 2,14–20. Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida di var komen, tida til å elska. Då breidde eg fliken av kappa mi over deg og skjulte den nakne kroppen din. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, seier Herren Gud. 9Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje. 10#Sal 45,15 Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av fint skinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke. 11Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på handa og kjede om halsen. 12Eg gav deg ring i nasen, ringar i øyra og ei vakker krone på hovudet. 13Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart svært, svært vakker. Du fekk kongeleg rang. 14Mellom folka gjekk det gjetord om din venleik, for han vart fullkomen av alt det praktfulle eg gav deg, seier Herren Gud.
15 # 16,15 dreiv hor Hor står ofte som bilete på avgudsdyrking og utruskap mot Herren. Jf. Hos 2,2ff. Men du var trygg på din venleik, du dreiv hor på ditt rykte. Du baud deg fram som hore til kvar og ein som kom forbi, og han fekk deg. 16Du tok nokre av kleda dine for å gjera offerhaugane fargerike. Der dreiv du hor, slik det aldri må henda. 17#2 Mos 32,2f; Esek 7,19f; Hos 2,8 Du tok smykka av sølv og gull som eg hadde gjeve deg, og laga deg mannlege gudebilete, som du dreiv hor med. 18Du tok dei fargerike kleda dine og dekte dei med, og min olje og min røykjelse sette du fram for dei. 19Brødet som eg hadde gjeve deg, det fine mjølet, oljen, honningen som du hadde fått til mat, sette du fram for dei til vellukt, seier Herren Gud.
20 # 2 Kong 16,3+; Jer 7,31+ Sønene og døtrene som du hadde fødd, og som høyrde meg til, tok du og ofra til mat for dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor, 21#16,21 lét … elden viser til ein religiøs skikk med barneofring. >5 Mos 18,10. sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg når du lét dei gå gjennom elden? 22#16,6f; 23,19 Når du gjorde alt dette avskyelege og dreiv hor, kom du ikkje i hug din ungdoms dagar då du var naken og berr og låg og sprella i blod.
23Så, etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud24#2 Krøn 28,24 bygde du deg ein høg stad og laga deg ein haug i alle gater. 25#Jer 11,13; Hos 10,1 I alle vegkryss bygde du deg ein haug. Der gjorde du venleiken din til noko avskyeleg. Du skreva med beina for kvar mann som kom forbi, meir og meir dreiv du hor. 26Du dreiv hor med egyptarane, grannane med kraftig lem, og med alt ditt horeri gjorde du meg rasande.
27Då rette eg ut handa mot deg og tok tilbake det du skulle ha. Eg gav deg over til deira vilje som hatar deg, til filistardøtrene, dei som blir krenkte av ditt skamlause liv. 28#23,5.12 Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok. 29#17,4 Og du heldt fram med ditt horeri, heilt til kremmarlandet Kaldea. Men heller ikkje då fekk du nok.
30Kor sjukt hjartet ditt er, seier Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og oppføra deg som ei frekk hore! 31Du bygde ein høg stad i kvart vegkryss og laga ein haug i alle gater. Men du var ikkje som andre horer, for du avslo horepengar. 32Ei kvinne som bryt ekteskapet, tek framande menn i staden for ektemannen sin. 33Andre horer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du kjøpte dei for at dei skulle koma frå alle kantar så du kunne driva hor. 34Når du dreiv hor, var du ulik andre kvinner. Det var ingen som ville ha deg, du fekk ikkje horepengar, men du gav. Så bakvendt var det med deg. 35Difor, du hore, høyr Herrens ord!
36Så seier Herren Gud: Fordi du sløste med koparpmyntane dine og viste fram din nakenskap når du dreiv hor med elskarane, alle dei avskyelege avgudane dine, og fordi du gav dei blodet til borna dine, 37#23,10.22.29; Op 17,16 vil eg samla alle elskarane dine som hadde glede av deg, både dei du elska og dei du hata. Eg samlar dei rundt deg frå alle kantar og viser den nakne kroppen din for dei. Dei skal sjå deg heilt naken. 38#23,24f Eg dømmer deg til å bli straffa for ekteskapsbrot og drap, eg råkar deg med blod i harme og sjalusi. 39Eg gjev deg i hendene på elskarane dine, og dei skal bryta ned den høge staden din og øydeleggja haugane dine. Dei riv av deg kleda, tek dei fine smykka dine og lèt deg liggja der naken og berr. 40#23,46 Så reiser dei opp ein flokk mot deg, steinar deg og høgg deg ned med sverd. 41#2 Kong 25,9 Dei brenner ned husa dine og held dom over deg framfor auga på mange kvinner. Slik gjer eg ende på ditt horeri, så du ikkje meir kan gje horepengar. 42Så bruker eg opp min harme på deg, min sjalusi vik frå deg, eg teier og er ikkje lenger sint. 43#9,10 Fordi du gløymde di ungdomstid og terga med alt dette, skal eg la gjerningane dine koma over ditt eige hovud, seier Herren Gud. Har du ikkje gjort andre skamlause ting i tillegg til alt det avskyelege?
44 # 16,44 Som mora, så dottera Folket i Juda følgjer skikkane til dei folka som budde der før: hetittar, amorittar osb. Jf. v. 3. Sjå, alle som bruker ordtak, skal bruka dette ordtaket om deg: «Som mora, så dottera.» 45Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var hetitt og far dykkar amoritt. 46#23,4ff#16,46 venstre … høgre Venstre og høgre uttrykkjer himmelretningane nord og sør når ein står vend mot soloppgangen i aust. Di storesyster er Samaria, som bur med døtrene sine til venstre for deg. Og di veslesyster er Sodoma, som bur med døtrene sine til høgre for deg. 47#23,11 Ikkje berre gjekk du på deira vegar og gjorde dei same avskyelege tinga, men etter ei kort tid handla du på alle vis verre enn dei. 48Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde slett ikkje som du og døtrene dine. 49#1 Mos 13,10.13; 18,20; 5 Mos 8,12ff; Luk 17,28 Sjå, dette er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i: hovmod. Ho og døtrene hadde nok av mat og levde i fred og ro. Men ho hjelpte ikkje dei hjelpelause og fattige. 50Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.
51 # Jer 3,11 Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har handla meir avskyeleg enn systrene dine, og med alt det avskyelege har du vist at dei er meir rettferdige enn du. 52Så må du òg ta vanæra på deg, du som med dine eigne synder har tala saka til systrene dine. Fordi du har handla meir avskyeleg enn dei, er dei meir rettferdige enn du. Så skam deg då og ber di vanære, du som har vist at systrene dine er meir rettferdige.
53 # 5 Mos 30,3; Jer 29,14+ Eg vender lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vender eg lagnaden for deg. 54Slik skal du bera di vanære og skamma deg over alt du har gjort, til trøyst for dei.
55Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal få det som før, Samaria og døtrene hennar skal få det som før, og du og døtrene dine skal få det som før. 56Sette ikkje du ut dårleg rykte om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig? 57Det var før vondskapen din vart synleg. På den tida var du til spott for arameardøtrene og alle der omkring, for filistardøtrene som hånte deg på alle kantar. 58Di skamløyse og alt det avskyelege hos deg må du bera sjølv, seier Herren.
59For så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde forbanninga og braut pakta. 60#Jer 31,31–34; Hos 2,15.19 Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil oppretta ei evig pakt med deg. 61#20,43; 36,31f Du skal minnast kva du har gjort, og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er eldre enn du, og dei som er yngre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg. 62Når eg opprettar mi pakt med deg, då skal du kjenna at eg er Herren. 63Så skal du minnast det og skamma deg, på grunn av skamma skal du aldri meir opna munnen, når eg tilgjev deg alt du har gjort, seier Herren Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk