Esekiel 13
N11NN
13
Dommen over dei falske profetane
1 Herrens ord kom til meg: 2#Jer 23,1ff; Esek 34,2 Menneske, tal profetord mot profetane i Israel, som driv og profeterer. Sei til dei som profeterer ut ifrå eige hjarte: Høyr Herrens ord! 3#Jer 23,31 Så seier Herren Gud: Ve dei tåpelege profetane, dei som følgjer sitt eige sinn og ikkje har sett noko som helst. 4Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel. 5#22,30 De har ikkje gått opp i mursprekkane eller styrkt muren kring Israels hus, så det kunne stå seg i striden på Herrens dag. 6#Jer 23,16.26.31; Esek 22,28 Syna deira er tomme, og spådomane er løgn. Dei seier «Herren seier», endå Herren ikkje har sendt dei. Og likevel ventar dei at han skal la ordet slå til! 7Er det ikkje tomme syn de kjem med og løgnaktige spådomar de har tala når de seier «Herren seier», endå eg ikkje har tala?
8Difor seier Herren Gud: Fordi de talar tomme ord og ser løgn, kjem eg mot dykk, lyder ordet Herren Gud. 9Eg retter handa mot dei profetane som har tomme syn og spår løgn. Når folket mitt held råd, får dei ikkje vera med. I ættelista til Israels hus skal dei ikkje skrivast, og til Israels land skal dei aldri koma. De skal kjenna at eg er Herren Gud. 10#Jer 6,14+; Esek 22,28#13,10 stryk kalk på han Når spåmennene med sine utsegner om fred gjev folket ein falsk tryggleik, er det som om dei stryk kalk på ein skral mur i staden for å byggja han sterkare. For dei har ført folket mitt vill og sagt: Fred! Men det er ingen fred. Det er som når nokon byggjer ein vegg og stryk kalk på han. 11#Matt 7,27 Sei til dei som kalkar: Veggen ramlar! Regnet fløymer. Eg får haglstein til å falla og stormvind til å bryta laus. 12Så fell veggen. Vil dei ikkje då seia til dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»
13Difor seier Herren Gud: I min harme lèt eg ein stormvind bryta laus, i min vreide sender eg regn og hagl som øydelegg alt. 14Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, eg jamnar han med jorda så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de omkoma midt i han. Då skal de kjenna at eg er Herren. 15Eg auser all min harme på veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som kalka han, 16profetane i Israel som spådde om Jerusalem og såg syn om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred», seier Herren Gud.
17Du menneske, vend deg mot døtrene i folket ditt som profeterer ut frå sitt eige hjarte. Tal profetord mot dei 18og sei: Så seier Herren Gud: Ve dei som syr band til alle handledd og lagar tørkle til hovuda, alt etter kor store dei er, for å fanga menneskesjeler! De fangar sjelene til folket mitt for å halda dykkar eigne sjeler i live. 19#Mi 2,11 De vanhelgar meg hos folket mitt for nokre nevar bygg og nokre brødskalkar når de tek livet av menneske som ikkje skulle døy, og bergar livet til andre som ikkje skulle leva. Slik lyg de for folket mitt, som gjerne høyrer på løgn.
20Difor seier Herren Gud: Sjå, dei banda som de fangar sjeler med, liksom ein fangar fuglar, riv eg av armane dykkar. Og dei sjelene de fangar, slepper eg fri som fuglar. 21Så riv eg sund tørkleda dykkar og bergar folket mitt ut av hendene på dykk. Dei skal aldri meir bli eit bytte i dykkar hand. Då skal de kjenna at eg er Herren.
22 # Jer 23,14 Med løgn tek de motet frå den rettferdige, sjølv om ikkje eg ville gjera han noko vondt. Og den urettferdige gjev de styrke, så han ikkje vender om frå sin vonde veg og får leva. 23Difor skal de ikkje lenger ha tomme syn og ikkje driva med spådom. Eg vil berga folket mitt ut av hendene på dykk. Då skal de kjenna at eg er Herren.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk