2. Mosebok 8
N11NN
8
Andre plaga: froskar
1 Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 2Men nektar du å la dei dra, vil eg plaga heile landområdet ditt med frosk. 3Det skal kry med frosk i Nilen. Dei skal kravla opp på land og koma inn i huset ditt, inn i soverommet ditt og opp i senga di, inn i huset til tenarane dine og til folket ditt, i bakaromnar og bakstetrau. 4Froskane skal kravla opp på deg, på folket ditt og på alle tenarane dine.»
5 Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Lyft handa og rett ut staven din over elvane og kanalane og innsjøane. Lat froskane koma over Egypt!» 6#Sal 78,45; 105,30 Og Aron rette handa ut over vatnet i Egypt, og froskane kravla opp og dekte landet. 7#1 Mos 41,8+ Men magikarane gjorde det same med løyndomskunstene sine; dei fekk froskane til å koma over Egypt.
8 # 9,27f; 10,16f Farao kalla Moses og Aron til seg og sa: «Gå i forbøn hos Herren, så han tek froskane bort frå meg og folket mitt! Då vil eg la folket dra så dei kan ofra til Herren9Moses sa til farao: «Du skal få æra av å fastsetja kor lenge eg skal gå i forbøn for deg og tenarane dine og folket ditt for å få fjerna froskane frå deg og husa dine. Berre i Nilen skal det vera froskar att.» 10#9,14; 15,11; 18,11; 5 Mos 3,24; Jos 2,9ff; 2 Sam 7,22; Sal 86,8 Han svara: «Til i morgon.» Då sa Moses: «Det skal bli som du har sagt. For du skal kjenna at ingen er som Herren vår Gud. 11Froskane skal bli borte frå deg og husa dine og tenarane dine og folket ditt. Berre i Nilen skal det vera froskar att.» 12Så gjekk Moses og Aron ut frå farao. Og Moses ropa til Herren om froskane som han hadde sendt mot farao. 13Herren gjorde som Moses hadde sagt, og froskane døydde i husa, på gardsplassane og ute på markene. 14Dei vart kasta saman i dunge på dunge, og heile landet stinka. 15Men då farao merka at stanken letna, gjorde han seg hard i hjartet og høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt.
Tredje plaga: lus
16Då sa Herren til Moses: «Sei til Aron: Rett ut staven din og slå i støvet på jorda, så skal det bli til lus i heile Egypt!» 17Det gjorde dei. Aron rette ut handa og slo med staven i støvet på jorda, og det kom lus på menneske og dyr. Alt støvet på jorda vart til lus i heile Egypt. 18Med sine løyndomsfulle kunster prøvde magikarane òg å få fram lus, men det greidde dei ikkje. Lusa vart sitjande på både menneske og dyr. 19Då sa magikarane til farao: «Dette er Guds finger.» Men hjartet til farao var ubøyeleg, og han høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt.
Fjerde plaga: insektsvermar
20Då sa Herren til Moses: «Stå tidleg opp i morgon og stig fram for farao når han går ned til vatnet, og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 21For lèt du ikkje folket mitt fara, sender eg svermar med insekt over deg og over tenarane dine, over folket ditt og over husa dine. Husa i Egypt og jorda dei står på, skal bli fulle av insekt. 22#2 Mos 7,5#8,22 Gosen fruktbart landområde på austsida av Nil-deltaet. Jf. 1 Mos 45,10. Men den dagen vil eg skilja ut Gosen, der folket mitt held til. Der skal det ikkje vera insekt, for at du skal kjenna at eg, Herren, er midt i landet. 23Eg vil setja skilje mellom mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet skje.» 24Og Herren gjorde så. Det kom veldige insektsvermar inn i husa til farao og tenarane hans. I heile Egypt vart landet øydelagt av insekt.
25Då kalla farao Moses og Aron til seg og sa: «Gå og ber fram offer for dykkar Gud her i landet!» 26#1 Mos 43,31; 46,34 Moses svara: «Det er ikkje rett å gjera det på den måten. For det vi ofrar til Herren vår Gud, er avskyeleg for egyptarane. Om vi rett for auga på dei ofra noko som dei tykkjer er avskyeleg, ville dei ikkje då steina oss? 27#3,18+ Vi vil gå tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud, slik han seier til oss.» 28Då sa farao: «Eg lèt dykk gå så de kan ofra til Herren dykkar Gud i ørkenen. Men de må ikkje dra for langt bort. Gå i forbøn for meg!» 29Moses svara: «No går eg bort frå deg og går i forbøn hos Herren. I morgon skal insektsvermane vera borte frå farao og tenarane hans og folket hans. Men farao må ikkje narra oss ein gong til, men la folket dra, så dei kan ofra til Herren30Så gjekk Moses bort frå farao, og han gjekk i forbøn hos Herren. 31Og Herren gjorde slik Moses hadde sagt. Insektsvermane vart borte frå farao og tenarane hans og folket hans, ikkje éin vart att. 32Men også denne gongen gjorde farao seg hard i hjartet, og han lét ikkje folket dra.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk