2. Mosebok 36
N11NN
36
1 # 31,2ff+ Besalel og Oholiab skal arbeida saman med alle kloke menn som Herren har gjeve visdom og innsikt, så dei veit korleis dei skal gjera alt arbeid som høyrer til tenesta i heilagdomen akkurat slik som Herren har sagt.
2Så kalla Moses på Besalel og Oholiab og på alle dei kloke mennene som Herren hadde gjeve visdom i hjartet, alle som kjende seg drivne til å ta fatt på arbeidet og fullføra det. 3Av Moses fekk dei alle offergåvene som israelittane hadde kome med til arbeidet og tenesta i heilagdomen. Men morgon etter morgon heldt folket fram med å koma med frivillige gåver. 4Då kom alle som hadde visdom til å gjera alt arbeidet på heilagdomen, kvar frå sitt arbeid, 5og sa til Moses: «Folket kjem med meir enn det som er naudsynt for å utføra det arbeidet som Herren har pålagt oss.» 6Då baud Moses at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, korkje mann eller kvinne, skal leggja meir arbeid i offergåva til heilagdomen.» Slik vart folket hindra i å koma med meir. 7Det dei hadde gjeve, var nok til å få arbeidet gjort, ja, meir enn nok.
Bustaden blir reist
8 # 26,1ff Alle som hadde visdom i hjartet til dette arbeidet, laga no bustaden av ti teltdukar. Dei var av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane var det vove inn kjerubar i kunstvevnad. 9Kvar duk var tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane hadde same mål. 10Fem av dukane skøytte dei saman, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane. 11Langs kanten av den duken som var ytst på det eine ihopskøytte stykket, laga dei purpurblå hemper, og like eins langs kanten av den ytste duken på det andre stykket. 12Femti hemper laga dei på den eine duken og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene sat rett imot kvarandre. 13Og dei laga femti krokar av gull. Med dei hekta dei dukane saman så bustaden vart ein heilskap.
14Dei laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar laga dei. 15Kvar duk var tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane hadde same mål. 16Fem av dukane skøytte dei saman for seg, og seks for seg. 17I kanten av den ytste duken på det eine samansydde stykket sette dei femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper. 18Og dei laga femti krokar av bronse så teltet kunne festast saman til ein heilskap. 19Deretter laga dei eit dekke av raudfarga vêrskinn til å ha over teltet, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.
20Plankane til bustaden laga dei av akasietre. Dei stod loddrett. 21Kvar planke var ti alner lang og ei og ei halv alen brei. 22På kvar planke var det to tappar som var tilpassa kvarandre. Slik laga dei alle plankane til bustaden. 23Av plankane dei laga til bustaden, sette dei opp tjue på sørsida, mot sør. 24Til dei tjue plankane laga dei førti soklar av sølv, to soklar under kvar planke til å festa dei to tappane i. 25På den andre sida av bustaden, på nordsida, laga dei òg tjue plankar 26med førti soklar av sølv, to under kvar planke. 27Til baksida av bustaden, mot vest, laga dei seks plankar, 28og i tillegg to plankar, ein til kvart hjørne på baksida av bustaden. 29Dei var doble nedst og øvst og gjekk saman i éin ring. Slik var det med dei begge; dei utgjorde dei to hjørna. 30Såleis vart det åtte plankar og seksten soklar av sølv, to soklar under kvar planke.
31Dei laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av bustaden, 32fem tverrstenger til plankane på den andre sida og fem tverrstenger til plankane på baksida av bustaden, mot vest. 33Midtstonga sette dei slik at ho gjekk tvers over, frå den eine enden til den andre, midt på plankane. 34Plankane kledde dei med gull, og ringane på dei som var haldarar for tverrstengene, laga dei av gull. Tverrstengene kledde dei òg med gull.
35Dei laga eit forheng av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Det var laga i kunstvevnad, med kjerubar. 36Dei laga fire søyler av akasietre til å hengja det på og kledde dei med gull. Hakane på dei var òg av gull. Og dei støypte fire soklar av sølv til dei. 37For inngangen til teltet laga dei eit teppe av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin, alt i farga vevnad. 38Til teppet laga dei fem søyler med hakar. Søylehovuda og banda kledde dei med gull, men dei fem soklane var av bronse.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk