2. Mosebok 33

33
1 # 1 Mos 12,7 Herren sa til Moses: «Dra bort herifrå, både du og folket du har ført opp frå Egypt, til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Til di ætt vil eg gje det. 2Eg vil senda ein engel framfor deg og driva ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane. 3Dra opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje dra opp med deg, for du er eit stivnakka folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.»
4Då folket høyrde desse harde orda, sørgde dei, og ingen tok smykke på seg. 5Men Herren sa til Moses: «Sei til israelittane: De er eit stivnakka folk. Om eg berre ein augneblink dreg opp saman med deg, måtte eg gjera ende på deg. Legg no smykka bort, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!» 6Frå då av, ved fjellet Horeb, la israelittane bort smykka sine.
Teltheilagdomen
7Moses brukte å ta teltet og slå det opp eit godt stykke utanfor leiren. Han kalla det teltheilagdomen. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren. 8Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg og vart ståande ved inngangen til kvart sitt telt. Dei såg etter Moses til han var komen inn i teltet. 9Og når Moses var komen inn i teltet, kom skysøyla ned og vart ståande ved inngangen til teltet, og han tala til Moses. 10Når folket såg skysøyla stå ved inngangen til teltet, reiste dei seg alle saman, bøygde seg og tilbad, kvar ved si teltopning. 11#4 Mos 12,8; 5 Mos 34,10 Så tala Herren med Moses, andlet til andlet, slik som menneske snakkar med kvarandre. Sidan gjekk Moses tilbake til leiren. Men tenaren hans, ein ung gut som heitte Josva, son til Nun, gjekk aldri frå teltet.
Herren lovar å gå med
12Moses sa til Herren: «Sjå, du seier at eg skal føra dette folket opp, men du lèt meg ikkje vita kven du vil senda med meg. Likevel har du sagt: Eg kjenner deg ved namn, og du har funne nåde for auga mine. 13#Sal 103,7 Er det slik at eg har funne nåde for auga dine, så syn meg no vegen din, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hos deg. Kom i hug at dette er ditt folk!» 14#33,14 Andletet mitt eit hebr. uttrykk som fortel at Gud er nær. Han svara: «Andletet mitt skal gå med, og eg skal la deg få ro.» 15Då sa Moses: «Dersom ikkje andletet ditt går med, må du ikkje føra oss opp herifrå! 16Korleis kan ein elles vita at eg og folket ditt har funne nåde for auga dine, dersom du ikkje går med oss? Slik skal eg og folket ditt bli skilt ut frå alle andre folk på jorda.» 17Då sa Herren til Moses: «Også dette som du bed om, vil eg gjera, for du har funne nåde for auga mine, og eg kjenner deg ved namn.» 18#Joh 1,14 «Lat meg då få sjå herlegdomen din!» sa Moses. 19#34,5f; Rom 9,15 Han svara: «Eg vil la all min godhug gå framom deg og ropa ut for deg namnet Herren. For eg er nådig mot den eg viser nåde, og miskunnsam mot den eg viser miskunn. 20#3 Mos 16,2; Jes 6,5 Du kan ikkje få sjå andletet mitt», sa han; «for eit menneske kan ikkje sjå meg og leva.» 21Herren sa: «Sjå, her innved meg er det plass, still deg opp her på berget! 22Når så herlegdomen min går framom, vil eg la deg stå i bergskòra, og eg vil dekkja deg med handflata til eg er komen forbi. 23Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg bakanfrå, men andletet mitt kan ingen sjå.»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring