2. Mosebok 28
N11NN
28
Prestedrakta
1Blant israelittane skal du la bror din Aron og sønene hans stiga fram for å gjera presteteneste for meg. Det er Aron og sønene hans, Nadab og Abihu, Elasar og Itamar. 2Og du skal laga heilage klede til bror din Aron, til ære og prydnad. 3Så skal du seia til alle som har visdom i hjartet, og som eg har fylt med visdomsånd, at dei skal laga kleda til Aron, så han kan bli helga til presteteneste for meg. 4#39,1ff Desse kleda skal dei laga: eit bryststykke, ei efod-drakt, ei kappe, ein rutete kjortel, ein turban og eit belte. Dette er dei heilage kleda som dei skal laga til bror din Aron og sønene hans, så dei kan vera prestar for meg. 5Til dette skal dei bruka gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint lin.
Efod-drakta
6Efod-drakta skal dei laga av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Ho skal vera i kunstvevnad. 7Ho skal ha to aksleband som er feste i hjørna og held henne i hop. 8Beltet som sit fast på efoden og går i eitt med han, skal vevast på same måten: av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. 9#1,1#28,9 Israels søner dvs. Jakobs søner, dei tolv stammane. Jf. 1 Mos 35,22–26. Du skal ta to onyks-steinar, og på dei skal du gravera inn namna på Israels søner, 10seks namn på den eine steinen og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen. 11#28,11 signet =segl. Som ein handverkar graverer inn eit signet i stein, skal du gravera inn namna til Israels søner på desse to steinane. Du skal setja dei inn i innfatningar av gull. 12Så skal du setja begge steinane på akslebanda til efoden. Dei skal minna om Israels søner. På akslene skal Aron bera namna fram for Herrens andlet som ei påminning. 13Du skal laga innfatningar av gull 14og to kjeder av reint gull. Kjedene skal vera fletta som ein flettar snorer. Desse kjedene skal du festa til innfatningane.
Bryststykket
15Du skal laga eit bryststykke for domsavgjerder. Det skal vera i kunstvevnad slik som efod-drakta. Av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin skal du laga det. 16#28,16 eitt fingerspenn ca. 25 cm. Bryststykket skal vera firkanta og bretta dobbelt, eitt fingerspenn langt og eitt fingerspenn breitt. 17På bryststykket skal du setja fire rader med steinar i innfatning. I den eine rada skal det vera ein rubin, ein topas og ein smaragd, 18i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant, 19i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst 20og i den fjerde rada ein krysolitt, ein onyks og ein jade. Dei skal setjast i innfatningar av gull. 21Dei tolv steinane skal bera namna på Israels søner, ein for kvart namn. På kvar stein skal namnet på ein av dei tolv stammane vera inngravert, slik som i eit signet. 22Til bryststykket skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera fletta slik ein flettar snorer. 23Du skal òg laga to gullringar til bryststykket og setja dei i kvart sitt hjørne. 24Så skal du festa dei to gullsnorene i dei to ringane i hjørna av bryststykket. 25#28,11ff Dei andre to endane av gullsnorene skal du festa i dei to innfatningane, og dei skal du setja på akslebanda til efoden, på framsida. 26Så skal du laga to gullringar til og setja dei i dei to andre hjørna av bryststykket, ved den indre kanten som vender inn mot efod-drakta. 27Endå to gullringar skal du laga. Dei skal du setja nedst på dei to akslebanda på framsida, ved saumen over beltet på efoden. 28Ringane på brystduken skal du binda til ringane på efoden med ei purpurblå snor, slik at bryststykket blir sitjande over beltet og ikkje losnar frå drakta. 29Når Aron går inn i heilagdomen, skal han ved hjartet sitt bera namna til Israels søner på bryststykket for domsavgjerder. Det skal vera som ei stadig påminning om dei framfor Herrens andlet. 30#28,30 urim og tummim Heilage gjenstandar som vart brukte til loddkasting for å finna Guds vilje. Jf. 3 Mos 8,8; 4 Mos 27,21; 5 Mos 33,8; 1 Sam 28,6; Esra 2,63; Neh 7,65. =prest. I bryststykket skal du leggja urim og tummim. Dei skal liggja ved hjartet til Aron når han stig fram for Herren. Aron skal alltid bera domsavgjerdene for Israels søner innved hjartet sitt for Herrens andlet.
Andre presteklede
31Kappa som høyrer til efod-drakta, skal vera einsfarga purpurblå. 32Midt på henne skal det vera ei opning for hovudet med ein voven kant rundt. Ho skal vera som opninga på ei brynje, slik at ho ikkje rivnar. 33Rundt på den nedre kanten av kappa skal du setja granateple av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn, og mellom dei gullbjøller heilt rundt. 34Ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, slik skal det vera nedst rundt heile kanten på kappa. 35Denne kappa skal Aron ha på seg kvar gong han gjer teneste. Det skal høyrast når han går inn i heilagdomen fram for Herrens andlet, og når han går ut att, så han ikkje skal døy.
36 # 29,6; 39,30f Du skal laga ei plate av reint gull. På den skal du gravera inn som i eit signet: «Helga til Herren». 37Du skal festa henne til ei purpurblå snor, og ho skal sitja på turbanen; framme på turbanen skal ho sitja. 38Ho skal sitja på panna til Aron. Slik kan Aron bera den synda som heng ved dei heilage offera som israelittane vier til Herren når dei ber fram sine heilage gåver. Ho skal alltid sitja på panna hans, så gåvene kan vera til glede for Herren.
39Du skal veva ein rutete kjortel av fint lin og laga ein turban av fint lin. Du skal òg laga eit belte i farga vev. 40#40,14f Til Arons søner òg skal du laga kjortlar og belte og turbanar, til ære og pryd. 41#29,9; 3 Mos 8,12#28,41 innsetja Hebr. har «fylla hendene deira». Dette skal du ha på Aron, bror din, og sønene hans. Og du skal salva dei, innsetja dei og helga dei, så dei kan gjera presteteneste for meg. 42#20,26 Lag linbukser til dei så den nakne kroppen blir dekt. Dei skal gå frå hoftene og ned på låra. 43Aron og sønene hans skal ha på seg buksene når dei går inn i teltheilagdomen, og når dei stig fram for altaret for å gjera teneste i heilagdomen. Elles fører dei skuld over seg og må døy. Det skal vera ei evig ordning for han og etterkomarane hans.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk