2. Mosebok 26
N11NN
26
Guds bustad
1 # 36,8ff Du skal laga bustaden av ti teltdukar. Dei skal vera av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane skal du veva inn kjerubar i kunstvevnad. 2#26,2 28 alner, 4 alner ca. 14 m og 2 m. Kvar duk skal vera tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane skal ha same mål. 3Fem av teltdukane skal syast i hop til eitt stykke, og like eins dei andre fem dukane. 4Du skal laga purpurblå hemper langs kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, og like eins langs kanten av den ytste duken på det andre stykket. 5Femti hemper skal du laga på den eine teltduken, og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene skal sitja rett mot kvarandre. 6Og du skal laga femti krokar av gull. Med dei skal du hekta dukane saman så bustaden blir ein heilskap.
7Du skal laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar skal du laga. 8#26,8 30 alner, 4 alner ca. 15 m og 2 m. Kvar duk skal vera tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane skal ha same mål. 9Fem av dukane skal du festa i hop for seg, og seks for seg. Den sjette duken, på framsida av teltet, skal du leggja dobbelt. 10I kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, skal du laga femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper. 11Og du skal laga femti krokar av bronse og hekta dei i hempene. Slik skal du festa teltet saman til ein heilskap. 12Den overskytande delen av dukane, den halve duken som blir til overs, skal hanga ned på baksida av bustaden. 13Og den eine alna som teltdukane er for lange på kvar side, skal hanga ned på begge sider av bustaden og dekkja han. 14Og over teltet skal du laga eit dekke av raudfarga vêrskinn, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.
15Plankane til bustaden skal du laga av akasietre. Dei skal stå loddrett. 16#26,16 10 alner, 1,5 alen ca. 5 m og 75 cm. Kvar planke skal vera ti alner lang og ei og ei halv alen brei. 17På kvar planke skal det vera to tappar som er tilpassa kvarandre. Slik skal du laga alle plankane til bustaden. 18Tjue av dei plankane du lagar, skal stå på sørsida, mot sør. 19Til dei tjue plankane skal du laga førti soklar av sølv, to soklar under kvar planke til å festa dei to tappane i. 20På den andre sida av bustaden, på nordsida, skal det òg vera tjue plankar 21med førti soklar av sølv, to under kvar planke. 22Til baksida av bustaden, mot vest, skal du laga seks plankar, 23og i tillegg to plankar, ein til kvart hjørne på baksida av bustaden. 24#26,24 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Dei skal vera doble nedst og øvst og gå saman i éin ring. Slik skal det vera med dei begge; dei skal utgjera dei to hjørna. 25Slik blir det åtte plankar og seksten soklar av sølv, to soklar til kvar planke. 26Du skal laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av bustaden, 27fem tverrstenger til plankane på den andre sida og fem tverrstenger til plankane på baksida av bustaden, mot vest. 28Midtstonga, ho som står midt på plankane, skal gå tvers over, frå den eine enden til den andre. 29Du skal kle plankane med gull, og ringane på dei, som skal vera haldarar for tverrstengene, skal du like eins laga av gull. Tverrstengene skal du òg kle med gull. 30#25,9+ Så skal du reisa bustaden etter den forskrifta som vart synt deg på fjellet.
31Du skal laga eit forheng av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Du skal laga det som kunstvevnad, med kjerubar. 32Du skal hengja det opp på fire gullkledde søyler av akasietre som det er gullhakar på, og som står på fire soklar av sølv. 33#Hebr 9,3 Rett under krokane skal du hengja det, og innanfor forhenget skal du setja kista med vitnemålet. Forhenget skal setja eit skilje mellom Det heilage og Det høgheilage. 34#25,17ff+ Du skal leggja soningsstaden som lok på kista med vitnemålet i Det høgheilage. 35Bordet skal du setja utanfor forhenget ved nordveggen. Lysestaken skal stå ved sørsida av bustaden, rett mot bordet. 36Du skal laga eit teppe for inngangen til teltet. Det skal vera av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin, alt i farga vevnad. 37Til teppet skal du laga fem søyler av akasietre og kle dei med gull. På søylene skal det vera gullhakar, og du skal støypa fem soklar av bronse til dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk