2. Mosebok 25

25
Gåver til heilagdomen
1 Herren sa til Moses: 2#35,5ff Sei til israelittane at dei skal koma med ei offergåve til meg. De skal ta imot gåve frå kvar den som gjev av eit villig hjarte. 3Dette er gåvene de skal ta imot frå dei: gull, sølv og bronse, 4purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff, tøy av fint lin og geiteragg, 5raudfarga vêrskinn, andre fingarva skinn og akasietre, 6olje til lampene, krydra balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen, 7#25,7 efod-drakta drakta til øvstepresten. bryststykket ein del av prestedrakta, jf. 28,15–30. =prest. onyks-stein og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket. 8Lat dei reisa ein heilagdom for meg, så vil eg bu midt iblant dei. 9#25,40; 26,30; Apg 7,44; Hebr 8,5 Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de laga nøyaktig etter den modellen eg viser deg.
Paktkista
10 # 37,1ff # 25,10 2,5 alen ca. 125 cm 1,5 alen ca. 75 cm. De skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, ei og ei halv alen brei og ei og ei halv alen høg. 11Du skal kle henne med reint gull både innvendig og utvendig og laga ein gullkant rundt henne. 12Du skal støypa fire gullringar og festa dei i dei fire hjørna, to ringar på den eine sida og to ringar på den andre sida. 13Du skal laga berestenger av akasietre og kle dei med gull, 14og stikka stengene inn i ringane på begge sider slik at de kan bera kista med dei. 15Stengene skal alltid vera i ringane på kista; dei må aldri takast ut. 16#16,34; 40,20; 5 Mos 10,1ff; Hebr 9,4#25,16 kista =Guds bustad. vitnemålet dei to steintavlene som låg i paktkista. Jf. 32,15; 40,20. I kista skal du leggja vitnemålet som eg vil gje deg.
17 # 26,34; 37,6ff; 3 Mos 16,14ff # 25,17 soningsstad Ordet heng saman med det hebr. ordet for «soning». Det blir nytta om loket over paktkista i Det høgheilage eller om ein gjenstand på kista. Her vart det stenka blod frå det sonande offeret på den store soningsdagen. Jf. 3 Mos 16,2.13–15. =offer og soning, blod. Du skal laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen lang og ei og ei halv alen brei. 18På kvar side av soningsstaden skal du laga to kjerubar av hamra gull, 19ein kjerub på den eine sida og ein kjerub på den andre sida. De skal laga dei slik at dei går i eitt med soningsstaden i begge endar. 20Kjerubane skal lyfta vengene og breia dei utover slik at dei dekkjer soningsstaden. Kjerubane skal vera vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden. 21Så skal du leggja soningsstaden som lok på kista, og i kista skal du leggja vitnemålet eg skal gje deg. 22#29,42; 30,6; 4 Mos 7,89 Der vil eg møta deg. Alt det eg pålegg deg å seia til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over kista med vitnemålet.
Bordet med skodebrøda
23 # 37,10ff # 25,23 2 alner, 1 alen, 1,5 alen ca. 1 m, 50 cm og 75 cm. Du skal laga eit bord av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt. 24Du skal kle det med reint gull og laga ein gullkant rundt det. 25Så skal du laga ei list til bordet. Ho skal vera ei handsbreidd tjukk og gå heilt rundt. Rundt lista skal du laga ein gullkant. 26Du skal laga fire gullringar til bordet og setja ringane i dei fire hjørna ved dei fire føtene. 27Ringane skal vera inntil lista. Dei skal vera haldarar for stengene som er til å bera bordet med. 28Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast. 29Til bordet skal du laga fat og skåler, kanner og bollar til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei. 30#40,23; 3 Mos 24,5ff#25,30 skodebrød =offer og soning. Syt for at det alltid ligg skodebrød på bordet framfor andletet mitt!
Lysestaken
31 # 37,17ff Du skal laga ein lysestake av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar skal hamrast ut av eitt stykke. 32Seks armar skal gå ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre sida. 33På den første armen skal det vera tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom; på den neste armen skal det vera tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom. Slik skal det vera på alle dei seks armane som går ut frå lysestaken. 34På sjølve staken skal det vera fire mandelforma skåler med knoppar og blomar. 35Det skal vera ein knopp under det første armparet, ein under det andre og ein under det tredje, det vil seia under alle dei seks armane som går ut frå lysestaken. 36Knoppane og armane skal gå i eitt med staken. Det heile skal hamrast ut av eitt stykke reint gull. 37#40,25; 4 Mos 8,2 Du skal laga sju lamper til lysestaken. Du skal setja dei opp slik at dei kastar lys rett framfor staken. 38Tengene og oskeskuffene som høyrer til, skal vera av reint gull. 39#25,39 ein talent ca. 34,2 kg. Lysestaken og alt utstyret skal lagast av ein talent reint gull. 40#25,9+ Sjå til at du gjer arbeidet etter den modellen som vart synt deg på fjellet!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring