2. Mosebok 24

24
Herren gjer pakt med Israel
1 # 19,12 Gud sa til Moses: «Kom opp til Herren, du og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel! Medan de enno er langt borte, skal de kasta dykk ned og tilbe! 2Berre Moses skal nærma seg Herren, dei andre må ikkje koma nær. Og folket skal ikkje gå opp saman med han.»
3 # 19,8+ Moses kom og kunngjorde alle Herrens ord og forskrifter for folket. Då svara dei samrøystes: «Alt Herren har sagt, vil vi gjera.» 4Så skreiv Moses ned alle orda frå Herren.
Neste morgon stod han tidleg opp og bygde eit altar ved foten av fjellet og reiste tolv steinstøtter for Israels tolv stammar. 5Han sende ut nokre unge israelittar for å bera fram brennoffer og slakta oksar som fredsoffer for Herren. 6Moses tok halvparten av blodet og helte det i skåler; den andre halvparten stenka han på altaret. 7#24,7 paktboka dei boda og rettsreglane som utgjorde paktvilkåra. =pakt. Så tok han paktboka og las henne høgt for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt Herren har sagt.» 8#Hebr 9,18ff Då tok Moses blodet, stenka det på folket og sa: «Sjå, dette er paktblodet, den pakta Herren har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda.»
9 # 19,24 Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel gjekk då opp 10#Esek 1,26 og fekk sjå Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safir, klårt som himmelen sjølv. 11Men mot Israels fremste menn lyfte han ikkje handa. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.
Moses på Sinai-fjellet
12Sidan sa Herren til Moses: «Kom opp til meg på fjellet og bli der, så skal eg gje deg steintavlene, lova og boda som eg har skrive ned for å rettleia folket.» 13Då drog Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses gjekk opp på Guds fjell. 14Til dei eldste sa han: «Vent på oss her til vi kjem att! De har Aron og Hur hos dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.» 15Så gjekk Moses opp på fjellet, og skya dekte fjellet. 16Herrens herlegdom kvilte over Sinai-fjellet, og skya dekte det i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses frå skya. 17Israelittane såg Herrens herlegdom som ein øydande eld på fjelltoppen. 18Så gjekk Moses inn i skya og opp på fjellet. Og Moses vart verande på fjellet i førti dagar og førti netter.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring