2. Mosebok 18
N11NN
18
Jetro hos Moses
1Jetro, presten i Midjan, var svigerfar til Moses. Han fekk høyra om alt det Gud hadde gjort for Moses og for Israel, folket sitt – at Herren hadde ført Israel ut frå Egypt. 2#2,21f; 4,20 Då tok Jetro, svigerfar til Moses, med seg Sippora, kona hans, som Moses hadde sendt heim, 3#18,3 Gersjom >2,22. og dei to sønene hennar. Den eine heitte Gersjom, for Moses hadde sagt: «Eg har vorte innflyttar i framandt land.» 4#18,4 Elieser Namnet tyder «Min Gud er (mi) hjelp». Den andre heitte Elieser, for: «Gud til far min kom meg til hjelp og berga meg frå sverdet til farao.» 5No kom Jetro, svigerfar til Moses, til han i ørkenen med sønene og kona hans. Der i ørkenen hadde Moses slege leir ved Guds fjell. 6Han sende bod til Moses og sa: «Eg, Jetro, svigerfar din, kjem til deg med kona di og dei to sønene hennar.» 7Då gjekk Moses ut og kom svigerfar sin til møtes. Han bøygde seg ned for han og kyste han. Dei helsa på kvarandre og gjekk så inn i teltet. 8Moses fortalde svigerfar sin om alt det Herren hadde gjort med farao og egyptarane for Israels skuld, om alt slitet og strevet på vegen og korleis Herren hadde berga dei. 9Jetro gledde seg over alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga dei frå handa til egyptarane. 10Jetro sa: «Velsigna er Herren som har berga dykk frå farao og egyptarane, og som har berga folket frå undertrykkinga i Egypt. 11#8,10+ For egyptarane handla i overmot mot dei, men no veit eg at Herren er større enn alle gudar.» 12Jetro, svigerfar til Moses, bar fram brennoffer og slaktoffer for Gud. Og Aron og alle dei eldste i Israel kom og åt med han framfor Guds andlet.
Jetro gjev råd
13 # 5 Mos 1,9ff Dagen etter sat Moses og skifte rett blant folket. Dei stod omkring han frå morgon til kveld. 14Då svigerfar hans såg alt det han hadde å gjera for dei, sa han: «Kva er det du tek på deg for folket? Kvifor sit du åleine og dømmer medan heile folket står oppover deg frå morgon til kveld?» 15Moses svara svigerfar sin: «Folket kjem til meg for å spørja Gud om råd. 16Når dei har sak, kjem dei til meg, og eg skifter rett mellom dei. Eg gjer dei kjende med Guds forskrifter og lover.»
17Då sa svigerfar hans: «Det er ikkje bra det du gjer. 18Du kjem til å slita ut både deg sjølv og folket som er hos deg. Dette er altfor tungt for deg, du kan ikkje gjera det åleine. 19Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Du skal stiga fram for Gud på vegner av folket og leggja sakene deira fram for han. 20Du skal forklara dei forskriftene og lovene og gjera dei kjende med den vegen dei skal gå, og dei gjerningane dei skal gjera! 21Men du skal sjå deg ut dugande menn av heile folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti. 22Dei skal skifta rett blant folket til kvar tid. Kvar stor sak skal dei koma til deg med, men i kvar lita sak skal dei dømma sjølve. Slik skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg. 23Gjer du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her dra heim i fred.»
24Moses høyrde på svigerfar sin og gjorde alt det han sa. 25Han valde ut dugande menn av heile Israel og sette dei til overhovud for folket. Somme skulle vera førarar for tusen, andre for hundre, femti og ti. 26Og dei skifte rett blant folket til kvar tid. Kvar vanskeleg sak kom dei med til Moses, og i kvar lita sak dømde dei sjølve. 27Så lét Moses svigerfar sin dra, og han gjekk heim att til landet sitt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk