2. Mosebok 16
N11NN
16
Brød frå himmelen
1 # 4 Mos 33,10f Dei braut opp frå Elim, og heile Israels forsamling kom til Sin-ørkenen, som ligg mellom Elim og Sinai. Det var den femtande dagen i den andre månaden etter at dei hadde drege ut frå Egypt. 2Heile forsamlinga klaga til Moses og Aron i ørkenen 3#14,11f+ og sa: «Om vi berre hadde fått døy for Herrens hand i Egypt då vi sat rundt kjøtgrytene og åt oss mette! Men no har de ført oss ut i denne ørkenen for at alle vi som er samla her, skal døy av svolt.»
4 # 20,20; 5 Mos 8,2 Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg vil la det regna brød ned til dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. Slik vil eg setja dei på prøve og sjå om dei følgjer mi lov eller ikkje. 5Når dei den sjette dagen lagar til det dei har henta, skal det vera dobbelt så mykje som det dei elles sankar kvar dag.»
6Så sa Moses og Aron til alle israelittane: «I kveld skal de forstå at det var Herren som førte dykk ut frå Egypt. 7Og i morgon tidleg skal de få sjå Herrens herlegdom, for han har høyrt korleis de klagar til han. Men kven er vel vi, sidan de klagar til oss?» 8Moses heldt fram: «I kveld skal Herren gje dykk kjøt å eta og i morgon brød å metta dykk med. For Herren har høyrt korleis de har klaga til han. Men kven er vi? Det er ikkje over oss de klagar, men over Herren
9Moses sa til Aron: «Sei til heile Israels forsamling: Kom fram for Herren, for han har høyrt korleis de murrar!» 10#4 Mos 12,5; 14,10; 16,19 Medan Aron tala til Israels forsamling, vende dei seg mot ørkenen. Og sjå, Herrens herlegdom synte seg i skyene. 11Då tala Herren til Moses: 12«Eg har høyrt korleis israelittane murrar. Sei til dei: Når det mørknar, skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få eta dykk mette på brød. De skal kjenna at eg er Herren dykkar Gud.»
13 # Neh 8,3; Sal 78,24ff; 105,40 # 16,13 vaktlar små trekkfuglar som kjem i store flokkar. I kveldinga kom det vaktlar og dekte leiren, og om morgonen låg det eit lag med dogg rundt leiren. 14Då dogga var borte, låg det att eit fint, kornete lag over ørkenen; det var som fint rim på jorda. 15#5 Mos 8,3; Joh 6,31; 1 Kor 10,3#16,15 Kva er det hebr. man hu'. Difor vart maten kalla «manna», jf. v. 31. Då israelittane såg det, sa dei til kvarandre: «Kva er det?» For dei visste ikkje kva det var. Og Moses sa til dei: «Det er det brødet Herren har gjeve dykk å eta. 16#16,16 ein omer ca. 3,6 l. Dette er det påbodet Herren har gjeve: Sank så mykje de kan eta av dette, ein omer per hovud. Alt etter kor mange de er, skal kvar henta til dei som bur i teltet.» 17Det gjorde israelittane, somme sanka mykje, andre lite. 18#2 Kor 8,15 Då dei målte det i omer, hadde den som hadde sanka mykje, ikkje noko til overs, og den som hadde sanka lite, mangla ingen ting. Alle hadde sanka så mykje mat som dei trong. 19Moses sa til dei: «Ingen må la det bli noko att til neste morgon.» 20Men dei høyrde ikkje på Moses. Somme lét det vera att noko til neste morgon. Då gjekk det makk i det, og det stinka. Og Moses vart sint på dei.
21Kvar morgon sanka kvar og ein så mykje mat som han trong. Når sola byrja å verma, smelta det. 22Den sjette dagen sanka dei dobbelt så mykje brød, to omer til kvar. Og alle leiarane i forsamlinga kom og fortalde det til Moses. 23Då sa han til dei: «Dette er det Herren har sagt. I morgon er det sabbatskvile, ein heilag sabbat for Herren. Bak no det som skal bakast, og kok det som skal kokast! Men alt det som blir til overs, skal de leggja bort til i morgon.» 24Så la dei det bort til om morgonen, slik som Moses hadde pålagt dei. Då stinka det ikkje, og det gjekk ikkje makk i det. 25Moses sa: «Et det i dag, for i dag er det sabbat for Herren. I dag finn de ikkje noko på marka. 26Seks dagar skal de sanka. Men den sjuande dagen er det sabbat. Då er det ingen ting der.»
27Den sjuande dagen var det likevel nokre som gjekk ut og ville sanka. Men dei fann ingen ting. 28Då sa Herren til Moses: «Kor lenge vil de nekta å halda boda og lovene mine? 29Merk dykk at Herren har gjeve dykk sabbaten! Difor gjev han dykk på den sjette dagen mat for to dagar. Bli der de er! Ingen må gå bort frå staden sin den sjuande dagen.» 30Så heldt folket seg i ro den sjuande dagen.
31 # 4 Mos 11,7 Israelittane kalla det manna. Det likna korianderfrø. Det var kvitt og smaka som tynne kaker baka i honning.
32 # Hebr 9,4 Moses sa: «Dette er det påbodet Herren har gjeve dykk: Fyll ein omer med manna og ta vare på han til etterkomarane dykkar, så dei kan få sjå det brødet eg gav dykk å eta i ørkenen då eg førte dykk ut frå Egypt.» 33Og Moses sa til Aron: «Ta ei krukke, fyll henne med ein omer manna og set henne ned for Herrens andlet! Ta vare på krukka for etterkomarane dykkar.» 34#16,34 vitnemålet her truleg om paktkista, jf. 40,20. =Guds bustad. Aron gjorde som Herren hadde pålagt Moses. Han sette krukka ned framfor vitnemålet. Der skulle ho stå.
35 # Jos 5,12 Israelittane åt manna i førti år, til dei kom til land der det budde folk. Dei åt manna heilt til dei kom til grensa mot Kanaan. 36Ein omer er ein tiandedel av ein efa.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk