2. Mosebok 12
N11NN

2. Mosebok 12

12
Herren skipar til påskehøgtida
1 Herren sa til Moses og Aron i Egypt: 2#3 Mos 23,5; 4 Mos 9,2ff; 28,16; 5 Mos 16,1f#12,2 Denne månaden månaden abib eller nisan, jf. 13.4. =festar og høgtider. =tidsrekning. Denne månaden skal vera nyttårsmånaden dykkar. Han skal vera den første månaden i året. 3Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. 4Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette. 5Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje. 6#5 Mos 16,6 De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa. 7Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et det. 8Og kjøtet skal dei eta same natta. Det skal vera steikt over elden, og dei skal eta det med usyra brød og bitre urter. 9De må ikkje eta det rått eller kokt i vatn. Nei, det skal vera steikt over elden med hovud, føter og innvolar. 10#4 Mos 9,12 De må ikkje la noko bli att til morgonen etter. Er det noko att om morgonen, skal de brenna det opp. 11#12,11 i all hast Jf. Jes 52,12. påske Hebr. pesach kan tyda både «påske» og «påskeoffer». =festar og høgtider. Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren. 12#4 Mos 33,4 Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren. 13#Hebr 11,28#12,13 gå forbi På hebr. minner dette uttrykket om ordet for «påske». Slik forklarar ein namnet på høgtida. Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt. 14Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.
15 # 13,3ff; 23,15; 34,18; 3 Mos 23,6; 4 Mos 28,17f; 5 Mos 16,3; 1 Kor 5,6ff I sju dagar skal de eta usyra brød. Alt den første dagen skal de ta surdeigen ut frå husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, frå den første til den sjuande dagen, skal støytast ut frå Israel. 16Den første dagen skal de halda ei heilag samling, på den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Desse dagane skal de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til. 17Høgtida med usyra brød skal de halda, for på denne dagen førte eg hærane dykkar ut frå Egypt. Difor skal de feira denne dagen i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.
18Frå kvelden den fjortande dagen i den første månaden til kvelden den tjueførste dagen i same månaden skal de eta usyra brød. 19I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, skal støytast ut frå Israels forsamling, anten han er innflyttar eller fødd i landet. 20De må ikkje eta noko som er syra. Kvar de enn bur, skal de eta usyra brød.
21Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og hent småfe til familiane dykkar og slakt påskelammet! 22Så skal de ta ein isopkvast, dyppa han i blodet i skåla og stryka noko av blodet på bjelken over døra og på dei to dørstolpane. Ingen av dykk må gå ut gjennom døra til huset sitt før om morgonen. 23#12,23 øydeleggjaren ein straffande engel. Jf. 2 Sam 24,16; 2 Kong 19,35. For Herren skal dra gjennom landet for å slå egyptarane. Og når han ser blodet på bjelken og på dei to dørstolpane, skal han gå forbi døra og ikkje la øydeleggjaren sleppa inn i huset for å slå dykk. 24Dette skal de halda, og det skal vera ei evig ordning for deg og etterkomarane dine. 25Når de så kjem inn i det landet Herren har lova å gje dykk, skal de halda denne skikken ved lag. 26#13,8.14; 5 Mos 6,20ff Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk, 27skal de svara: Det er eit påskeoffer for Herren fordi han gjekk forbi husa til israelittane i Egypt då han slo egyptarane, men sparte husa våre.» Då bøygde folket seg til jorda og tilbad. 28Så gjekk israelittane bort og gjorde dette. Det som Herren hadde gjeve Moses og Aron påbod om, det gjorde dei.
Israelittane bryt opp frå Egypt
29 # 4,23+; Sal 78,51; 105,36 Midt på natta slo Herren i hel alle førstefødde i Egypt, frå den førstefødde hos farao, som sat på si trone, til den førstefødde hos fangen i fengselet, og alle dei førstefødde dyra i buskapen.
30 # 11,6 Den natta stod farao opp, han og alle tenarane hans og alle egyptarane. Det høyrdest eit veldig skrik i Egypt, for det fanst ikkje eit einaste hus utan døde. 31#11,1f Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Bryt opp og dra bort frå folket mitt, både de og israelittane! Gå av stad og ten Herren slik de har bede om! 32Ta òg med dykk småfeet og storfeet dykkar, som de har sagt, og dra bort! Bed så om velsigning for meg òg!» 33Egyptarane pressa på folket for å få dei ut av landet så fort som råd. «Elles døyr vi alle saman», sa dei.
34Då tok folket deigen sin, som endå ikkje var heva, batt kappene sine om bakstetraua og bar dei på akslene. 35Israelittane gjorde som Moses hadde sagt. Dei bad egyptarane om ting av sølv og gull og om klede. 36#1 Mos 15,14+ Og Herren lét egyptarane få godvilje for folket så dei gav folket det dei bad om. Slik utnytta dei egyptarane.
37 # 4 Mos 1,46; 33,3.5 # 12,37 Ramses >1,11. Sukkot hebr. for «hytter»; her namn på ein stad nær austgrensa av Gosen. Så braut israelittane opp frå Ramses og drog til Sukkot. Dei var om lag 600 000 mann til fots, forutan kvinner og born. 38Mange slags menneske følgde med dei, i tillegg til ein stor flokk med småfe og storfe. 39Av deigen dei hadde med seg frå Egypt, baka dei usyra kaker, som ikkje var heva. For dei vart jaga ut av Egypt og kunne ikkje venta lenger. Difor hadde dei heller ikkje hatt tid til å få med seg mat til reisa.
40 # 1 Mos 15,13+ Israelittane hadde då budd i Egypt i 430 år. 41Akkurat denne dagen, då dei 430 åra var til endes, drog alle Herrens hærar ut frå Egypt. 42Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut frå Egypt. Denne natta er Herrens natt. Denne natta skal alle israelittar vaka i slekt etter slekt.
43 Herren sa til Moses og Aron: «Dette er forskrifta om påskelammet: Ingen framande skal eta av det. 44Men kvar slave som er kjøpt for pengar, og som du har late omskjera, kan eta av det. 45Ingen framand som bur eller arbeider hos deg, kan eta av det. 46#4 Mos 9,12; Joh 19,36 Lammet skal etast i eitt og same hus. Kjøtet må ikkje takast ut av huset, og beina må ikkje brytast på lammet. 47Slik skal heile Israels forsamling gjera. 48Dersom innflyttaren som bur hos deg, vil halda påske for Herren, skal alle mennene hos han omskjerast. Då kan han vera med og halda høgtid. Han skal vera som ein som er fødd i landet. Men ingen uomskoren kan eta av det. 49Ei og same lov skal gjelda for den som er fødd i landet, og for innflyttaren som bur hos dykk.» 50Dette gjorde alle israelittane. Dei gjorde alt som Herren hadde pålagt Moses og Aron. 51Den same dagen førte Herren israelittane ut frå Egypt, hærskare etter hærskare.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk