2. Mosebok 10
N11NN

2. Mosebok 10

10
Åttande plaga: grashopper
1 # 4,21+ Herren sa til Moses: «Gå til farao! Det er eg som har gjort hjarta harde, både i han og i tenarane hans, for at eg skal gjera desse teikna mellom dei, 2og for at du skal fortelja born og barneborn korleis eg viste makta mi i Egypt, og kva for teikn eg gjorde mellom dei. Då skal de kjenna at eg er Herren3Moses og Aron gjekk til farao og sa til han: «Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Kor lenge vil du nekta å bøya deg for meg? Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 4For nektar du å la folket mitt dra, skal eg i morgon senda grashopper inn over landet ditt. 5Dei skal dekkja alt synleg land, så ein ikkje lenger kan sjå jorda. Dei skal eta opp den resten som er att, det de har att etter haglet, og dei skal eta snautt kvart eit tre som veks på marka. 6Dei skal fylla både husa dine og husa til tenarane dine og alle hus i Egypt. Noko slikt har korkje fedrane eller forfedrane dine sett frå den dagen dei kom til verda og til denne dag.» Så snudde han seg og gjekk bort frå farao.
7Då sa tenarane til farao: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snare for oss? Lat mennene dra, slik at dei kan tena Herren sin Gud! Forstår du enno ikkje at Egypt går til grunne?» 8Då vart Moses og Aron henta tilbake til farao, og han sa til dei: «Gå og ten Herren dykkar Gud! Men kven skal eigentleg gå?» 9«Vi skal gå både unge og gamle», svara Moses. «Vi går med sønene og døtrene våre, og med småfeet og storfeet vårt, for vi skal halda høgtid for Herren10Men han sa til dei: «Herren skulle nok vera med dykk dersom eg lét dykk og småborna dykkar dra! Der ser de, de har vonde planar. 11Nei, slik blir det ikkje! Mennene kan dra av stad og tena Herren, for det bad de om.» Dermed vart dei jaga bort frå farao.
12 # Sal 78,46; 105,34 Då sa Herren til Moses: «Rekk handa di ut over Egypt, så skal grashoppene koma over landet og eta opp alt som veks der, alt det som haglet lét stå att.» 13Moses rekte staven sin ut over Egypt, og Herren dreiv ein austavind inn over landet heile den dagen og heile natta. Då det vart morgon, hadde austavinden ført med seg grashoppene. 14Grashoppene kom inn over heile Egypt, og dei slo seg ned overalt i landet. Så mange grashopper har det aldri før vore og kjem det aldri meir til å bli. 15Dei dekte alt synleg land, så jorda vart heilt svart. Og dei åt opp alt som voks i landet, og all frukt som var att på trea etter haglvêret. Det vart ikkje noko grønt att, korkje på tre eller planter, i heile Egypt. 16#8,8+ Då sende farao i all hast bod etter Moses og Aron. Han sa: «Eg har synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk. 17Men tilgjev meg no denne eine gongen. Gå i forbøn for meg hos Herren dykkar Gud så han kan ta denne døden bort frå meg!» 18Og Moses gjekk bort frå farao og gjekk i forbøn hos Herren. 19Då snudde Herren vinden, og han vart til ein sterk vestavind. Han førte grashoppene bort og kasta dei i Sivsjøen. Det vart ikkje ei einaste grashoppe att i heile Egypt. 20#4,21+ Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra.
Niande plaga: mørker
21 Herren sa til Moses: «Rekk handa di opp mot himmelen, så skal det koma mørker over Egypt, eit mørker så tett at ein kan ta på det!» 22#Sal 105,28 Moses rekte handa opp mot himmelen. Då vart det stummande mørkt i heile Egypt i tre dagar. 23I tre dagar kunne ingen sjå kvarandre og ingen reisa seg frå plassen sin. Men der israelittane budde, var det lyst. 24Då sende farao bod etter Moses og sa: «Gå og ten Herren! Småfeet og storfeet må bli att, men borna kan gå med dykk.» 25#10,25 brennoffer =offer og soning. Moses svara: «Du skal sjølv gje oss slaktoffer og brennoffer så vi kan ofra til Herren vår Gud, 26men buskapen vår skal òg vera med. Ikkje ei klauv skal vera att. For det er buskapen vi må ta av når vi skal tena Herren vår Gud. Og vi veit ikkje kva vi skal tena Herren med før vi kjem fram.» 27Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han ville ikkje la dei dra. 28Farao sa til Moses: «Gå frå meg! Ta deg i akt, så du aldri kjem framfor andletet mitt meir! For den dagen du gjer det, skal du døy!» 29Moses svara: «Det er rett som du seier; eg skal aldri sjå andletet ditt meir.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk