Ester 2
N11NN
2
Ester blir dronning
1 # 1,12.16ff Etter dette, då harmen til kong Xerxes hadde lagt seg, tok han til å tenkja på Vasjti og det ho hadde gjort, og på det som var avgjort om henne. 2Då sa dei unge mennene som var i kongens teneste: «Leit etter vakre unge jomfruer til kongen! 3I kvar provins i riket kunne kongen gje nokon i oppgåve å samla alle vakre unge jomfruer og senda dei til haremet i borga Susa. Lat dei stå under tilsyn av Hegai, kongens evnukk, som vaktar kvinnene, og la dei få hudpleie. 4Den unge kvinna som kongen synest best om, kan bli dronning i staden for Vasjti.» Dette framlegget lika kongen godt, og han sette det i verk.
5 # 2,5 son til Kisj Mordekai høyrde kanskje til same ætta som kong Saul. Jf. 1 Sam 9,1f. I borga Susa var det ein jødisk mann som heitte Mordekai. Han var son til Ja'ir, son til Sjimi, son til Kisj, ein mann av Benjamin-stammen. 6#2,6 Jekonja er òg kalla Jojakin. Han vart ført til Babel i 597 f.Kr. Jf. 2 Kong 24,8–16. Han høyrde til dei som var førte i eksil frå Jerusalem saman med Jekonja, kongen i Juda. Det var han som Nebukadnesar, kongen i Babel, hadde ført i eksil. 7#2,7 Hadassa hebr. for «myrt». Ester persisk namn, tyder kanskje «stjerne». Mordekai var fosterfar til Hadassa, også kalla Ester. Ho var dotter til onkelen hans og hadde korkje far eller mor. Ho var ei velskapt og vakker ung kvinne. Då far og mor hennar døydde, tok Mordekai henne til seg som si eiga dotter.
8Kongens ord og bod vart kjende, og mange unge kvinner vart samla i borga Susa under tilsyn av Hegai. Ester vart òg henta til kongens slott, til Hegai, som vakta kvinnene. 9#1,10.14 Han syntest godt om den unge kvinna, og ho vann velvilje hos han. Han sørgde straks for at ho fekk den hudpleia og maten ho skulle ha. Han gav henne òg sju utvalde tenestejenter frå slottet og flytte henne og tenestejentene hennar til den beste delen av haremet. 10Ester fortalde ikkje kva folk og slekt ho var av, for Mordekai hadde sagt at ho ikkje måtte nemna noko om det. 11Kvar einaste dag gjekk Mordekai att og fram utanfor føregarden til haremet for å finna ut korleis Ester hadde det, og kva som vart gjort med henne.
12I tur og orden skulle dei unge kvinnene gå inn til kong Xerxes, etter at dei gjennom tolv månader hadde gått gjennom det som var føreskrive. Slik vart kuren gjennomført: seks månader med myrraolje og seks månader med balsam og andre kremar for kvinner. 13Og så, når ei ung kvinne skulle gå inn til kongen, då fekk ho ta med seg alt ho bad om, frå haremet til slottet. 14Om kvelden gjekk ho inn, og om morgonen flytte ho til det andre haremet. Der hadde Sjaasgas tilsynet, kongens evnukk som vakta følgjekonene. Ho gjekk ikkje inn til kongen igjen om ikkje kongen ville ha henne og ho vart kalla inn ved namn.
15Så kom turen til Ester, dotter av Abihajil, som var onkel til Mordekai, han som hadde teke henne til seg som si eiga dotter. Då ho skulle gå inn til kongen, bad ho ikkje om anna enn det kongens evnukk, Hegai, som vakta kvinnene, rådde henne til. Og Ester vekte godvilje hos alle som såg henne. 16Ester vart henta til kong Xerxes i slottet hans i den tiande månaden, det er månaden tebet, i det sjuande styringsåret hans. 17Kongen elska Ester meir enn alle andre kvinner. Ho vann velvilje og godhug hos han framfor alle dei andre jomfruene. Han sette ei kongeleg krone på hovudet hennar og gjorde henne til dronning i staden for Vasjti. 18Kongen heldt eit stort festmåltid for alle stormennene og tenarane sine, ein fest for Ester. Han gav provinsane skattelette og delte ut gåver på kongeleg vis.
19 # 2,19 i slottsporten i portbygningen, der nokre av administrasjonskontora i riket var. Då jomfruene vart samla for andre gong, sat Mordekai i slottsporten. 20Ester fortalde framleis ikkje noko om kva slekt eller folk ho høyrde til, slik Mordekai hadde sagt henne. Ho rette seg etter det Mordekai sa, som ho hadde gjort det då han var fosterfar for henne.
21I dei dagane hende det, medan Mordekai sat i slottsporten, at dørvaktarane Bigtan og Teresj, to av kongens evnukkar, vart arge på kong Xerxes og leita etter eit høve til å leggja hand på han. 22Dette fekk Mordekai vita, og han fortalde det til dronning Ester. Ester sa det vidare til kongen på vegner av Mordekai. 23#5,14; 6,1f; 7,9f; 9,13f Saka vart granska, og då det viste seg å vera slik, vart begge mennene hengde på ein påle. Dette vart skrive ned i krønikeboka i kongens nærvær.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk