Efesarane 3

3
Paulus, apostel for heidningane
1 # 3,1 bøyer eg mine kne Orda er henta frå >v. 14. Kristi Jesu fange Uttrykket kan vera brukt biletleg, men siktar truleg til at Paulus sat i fengsel fordi han hadde forkynt Kristus. Jf. 4,1; 6,20; Fil 1,7.13; Kol 4,3.18; Filem 9. Det fanst alle grader av fengsling, frå å vera bunden med lenkjer og ikkje kunna lea seg stort, til å sitja i husarrest med stor fridom. Jf. Apg 28,16.30. Truleg er det her tale om ei etter måten mild form for fengsling, kanskje medan han venta på endeleg dom. Difor bøyer eg mine kne – eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykkar skuld, de som er heidningar. 2#Apg 9,15+; 1 Kor 4,1; Kol 1,25 De har høyrt om den forvaltaroppgåva Gud i sin nåde har gjeve meg hos dykk. 3#Matt 11,25; 13,11; Rom 16,25; 1 Kor 2,7; 4,1; Ef 1,9; Kol 1,26 I ei openberring vart mysteriet gjort kjent for meg, slik eg kort har skrive om her. 4Og når de les det opp, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi mysterium, 5det som menneska i tidlegare slektsledd ikkje fekk vita om, men som no ved Anden har vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: 6#2,12ff at heidningane har del i den same arven, den same kroppen og den same lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet. 7Eg vart ein tenar for dette evangeliet då Gud med si veldige kraft gav meg si nådegåve. 8#Apg 22,21+; 1 Kor 15,8f Ja, til meg, den minste av alle dei heilage, er denne nåden gjeven: å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom 9#Rom 16,25; Ef 1,9f#3,9 føra … i lyset Mange tidlege handskrifter har ordet «alle» i tillegg; det gjev omsetjinga «opplysa alle om Guds frelseplan». og føra Guds frelseplan fram i lyset, det mysteriet som frå evig tid har vore løynt hos Gud, han som har skapt alt. 10#1 Pet 1,12 Slik skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrommet, 11slik Gud frå evig tid hadde fastsett og no har fullført i Kristus Jesus, vår Herre. 12#Rom 5,2; Hebr 4,16; 10,19 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit. 13#2 Kor 4,7ff; Gal 6,17; Fil 3,10; Kol 1,18.24; Jak 1,2 Difor bed eg dykk: Mist ikkje motet om eg må lida for dykkar skuld; det er ei ære for dykk!
Bøn om styrke og innsikt
14 # 3,14 Difor bøyer eg mine kne Etter eit innskot, v. 2–13, held Paulus fram med bøna. >v. 1. Difor bøyer eg mine kne for Far,
15han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.
16 # 2 Kor 4,16; Kol 1,11 Må han som er så rik på herlegdom,
styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.
17 # Joh 14,23 Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua
og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.
18 # Kol 2,2f # 3,18 breidd … djupn universet med dei fire uendelege dimensjonane. Må de saman med alle dei heilage
få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,
19ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.
Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!
20 # Fil 2,13; Kol 1,29 Han som verkar i oss med si kraft
og kan gjera så uendeleg mykje meir
enn alt det vi bed om og skjønar,
21 # Rom 16,27; Gal 1,5; 1 Tim 1,17; 2 Tim 4,18; Jud 25 # 3,21 Amen hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». =amen. han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus
gjennom alle slekter og i alle æver! Amen.

Markert nå:

Efesarane 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring