Efesarane 2
N11NN

Efesarane 2

2
Frå død til liv
1 # Luk 15,24; Kol 2,13 De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2#Joh 12,31; Ef 6,12#2,2 han som styrer i himmelrommet =djevelen. Jf. 6,12. De levde i dei slik ein gjer i denne verda og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige. 3#Rom 1,18; Kol 3,6 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi følgde lystene i vårt eige kjøt og blod, vi gjorde det vårt kjøt og våre eigne tankar ville. Og vi var av naturen vreidens born liksom alle dei andre.
4 # Rom 5,8 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5#Joh 5,21; Rom 6,3ff; Kol 2,13 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. 6I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7#1,7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8#Rom 1,16f; Gal 2,16 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9#1 Kor 1,29 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10#Tit 2,14 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.
Kristus sameinar heidningar og jødar
11 # 5,8 De var ein gong heidningar av fødsel og vart kalla uomskorne av dei som kallar seg omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12#Apg 2,39+; 1 Tess 4,13 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda. 13Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.
14 # Jes 9,6; Luk 2,14; Kol 1,20 # 2,14 den muren som skilde I tempelet i Jerusalem var det ein halvannan meter brei mur mellom føregarden for heidningane og det indre tempelområdet. For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp 15#2 Kor 5,17; Kol 2,14 sette han lova ut av kraft med hennar bod og forskrifter. Slik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg – og skapa fred. 16#2 Kor 5,18; Kol 1,20.22 I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen. 17#Jes 57,19 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18#Joh 14,6; Rom 5,2; Ef 3,12; Hebr 10,19 Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande. 19#2,19 framande og utlendingar personar som ikkje har borgarrett i landet der dei held til mellombels eller fast. Jf. 2,12; 1 Pet 2,11. Så er de ikkje lenger framande og utlendingar. Nei, de er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til. 20#Matt 16,18; 21,42+#2,20 hjørnesteinen Det gr. ordet står til vanleg for topp- eller sluttsteinen på eit byggverk, til dømes den steinen som blir sett inn i toppen av ein kvelv, gjerne etter at sjølve bygningen er ferdig. Her er biletet henta frå Jes 28,16, der det står for grunnsteinen, som held dei andre steinane på plass og slik hjelper til å halda bygningen stødig. De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21#1 Kor 3,16+; 1 Tim 3,15 I han blir heile bygningen halden saman, så han veks til eit heilagt tempel i Herren, 22og i han blir de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk