Forkynnaren 2

2
Kongens makt og rikdom
1Eg sa i hjartet mitt:
Gå no, prøv gleda
og nyt det som er godt!
Men det òg var slikt som forgår.
2 # Ordt 14,13 Om latteren sa eg: Han er ein narr,
og om gleda: Kva tener ho til?
3Eg ville la kroppen nyta vin,
medan hjartet styrte meg med visdom.
Eg ville prøva dårskapen,
heilt til eg skjøna kva som er godt for menneska
den korte tida dei lever under himmelen.
4 # 1 Kong 7,1–12; 1 Krøn 27,27 Så sette eg store ting i verk:
Eg bygde hus og planta vinmarker,
5eg stelte til hagar og parkar
og sette alle slag frukttre i dei.
6Eg bygde dammar til å vatna
lundar med frodige tre.
7Eg kjøpte slavar og slavekvinner,
eg hadde slavar som var fødde i mitt hus.
Eg fekk meg meir storfe og småfe
enn nokon hadde hatt
før meg i Jerusalem.
8 # 1 Kong 10,14.27 Eg samla meg sølv og gull,
og kongelege skattar frå andre rike.
Eg fekk meg songarar og songarinner
og det som er ei lyst for menn,
kvinner og atter kvinner.
9 # 1 Kong 10,23 Eg vart stor i makt og rikdom,
ja, større enn nokon som har levd i Jerusalem før meg.
Men visdomen min heldt eg fast ved.
10Eg sa ikkje nei til noko av det auga ønskte;
eg nekta meg inga glede.
Hjartet gledde seg over alt mitt arbeid,
og det var løna for mitt strev.
11 # 1,2.14 Så vende eg blikket
mot alt mine hender hadde gjort,
alt eg hadde samla ved å arbeida.
Og sjå, alt var like fåfengt som å gjeta vinden.
Det er ingen ting å vinna under sola.
12Eg vende blikket mot visdom,
mot uforstand og dårskap.
Kva kan han gjera som kjem etter kongen?
Ikkje anna enn det som er gjort før han.
13Eg såg at visdom er betre enn dårskap,
slik lyset er betre enn mørkret.
14 # Ordt 17,24 Den vise har auge i hovudet,
men dåren går omkring i mørker.
Men eg skjøna òg
at slik det går med den eine,
slik går det med begge.
15 # 6,8 Og eg sa i hjartet mitt:
Slik det går med dåren, skal det òg gå med meg.
Så kva skal all min visdom tena til?
Og eg svara i hjartet mitt:
Det òg er slikt som forgår.
16 # Sal 49,11 For minnet om den vise
lever ikkje lenger enn minnet om dåren.
I dagane som kjem,
er allting gløymt for lenge sidan.
Ja, den vise må døy, han slik som dåren.
17Då hata eg livet,
for det som hender under sola, plaga meg.
Alt er like fåfengt som å gjeta vinden.
18 # Sal 39,7 Eg hata alt eg hadde arbeidd
og streva med under sola.
Alt må eg overlata
til den som kjem etter meg.
19Kven veit om det blir ein vis eller ein dåre
som skal rå over det eg har vunne
med mitt arbeid og min visdom under sola?
Dette òg er fåfengt.
20Då vart eg djupt fortvila i hjartet
over alt eg har arbeidd
og streva med under sola.
21For ein mann kan vinna mykje
med visdom, kunnskap og dugleik,
men må likevel gje det i arv til ein annan
som ikkje har hatt noko strev med det.
Det òg er fåfengt, ei ulukke er det.
22 # 1,3 Kva har mennesket att
for alt sitt arbeid, alt hjartet jagar etter,
for alt det strevar med under sola?
23 # Job 7,1; 14,1 Alle dagar som mennesket får, er fulle av smerte,
og alt det driv med, gjev det sorg.
Ikkje eingong om natta
fell hjartet til ro.
Det òg er fåfengt.
Alt er ei gåve frå Gud
24 # 3,12f.22; 5,17f; 8,15; 9,7f Ingen ting er betre for eit menneske
enn å eta og drikka
og unna seg gode dagar
midt i alt sitt strev.
Men eg fekk sjå at det òg
kjem frå Guds hand.
25For kven kan eta og vera glad
utan at det er gjeve av han?
26 # Job 27,16f; Ordt 13,22; 28,8 Ja, Gud gjev visdom, kunnskap og glede
til den som er god i hans auge.
Men den som syndar,
gjev han strevet med å samla og sanka,
og sidan må han gje alt saman
til den som er god i Guds auge.
Dette òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring