Forkynnaren 12

12
Tenk på din skapar
1 # 12,1 dei vonde dagane alderdomen. Tenk på din skapar i ungdoms år,
før dei vonde dagane kjem,
før dei åra kjem då du må seia:
«Eg har inga glede av dei»,
2før sol og dagslys,
måne og stjerner blir mørke
og skyene kjem att etter regnet.
3 # 12,3 tenarane i huset armane. dei sterke mennene føtene. Kvinnene … kverna tennene. jentene … gluggane auga. Då skjelv tenarane i huset,
dei sterke mennene blir krokete.
Kvinnene som mel på kverna,
held opp, for dei har vorte så få;
og det mørknar for jentene som ser ut gjennom gluggane.
4 # 2 Sam 19,35 # 12,4 dørene mot gata øyra. Begge dørene mot gata blir stengde,
og duren frå kverna blir døyvd.
Ein står opp til fuglekvitter,
men alle songens døtrer stilnar.
5 # 12,5 sin siste bustad grava. Då ottast ein for kvar bakke,
og farar lurer på vegen.
Mandeltreet blømer,
grashoppa slepar seg fram,
og kapersfrukta brest
medan mennesket går til sin siste bustad;
dei som skal gråta, er alt på gata.
6 # 12,6 tenk på din skapar står i grunnteksten berre i v. 1. sølvsnora … brønnen ulike bilete på døden. Ja, tenk på din skapar
før sølvsnora slitnar og gullskåla brest,
før krukka går sund attmed kjelda
og hjulet brotnar og fell i brønnen,
7 # 3,20+ når støvet vender attende til jorda
som det støvet det var,
og ånda går til Gud, som gav henne.
8Fåfengt og forgjengeleg, seier Forkynnaren,
ja, alt er forgjengeleg!
Sluttord
9Forkynnaren var ikkje berre vis, han gav òg folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak. 10Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.
11 # 12,11 naglar sat på enden av gjetarstaven for å få eit dyr på rett veg. Ord av vismenn er som broddar,
fyndord i samling er som naglar
sette inn av ein gjetar.
12Men elles, son min, ta deg i vare:
Det er ingen ende på dei bøkene som blir skrivne,
og mykje gransking gjer kroppen trøytt.
13 # Job 28,28 Dette er summen av alt du har høyrt:
Ottast Gud og hald hans bod!
Dette er det som alle menneske har fått.
14 # 11,9; 2 Kor 5,10 For Gud skal dømma kvar gjerning,
halda dom over alt som er løynt,
anten det er godt eller vondt.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring